Logo KPSF

Vi søker forretningsutviklar med prosjektleiingskompetanse


Har du interesse for prosjektleiing, innovasjon og entreprenørskap? Bli med på laget for å hjelpe fram nyskapande vekstbedrifter!

Vi søker ein lagspelar og nettverksbyggar med interesse og forståing for innovative og kommersielle prosessar, som ønskjer å jobbe fram livskraftige og lønsame bedrifter i vår region.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i utvikling og kommersialisering av nye idear og forskingsresultat
  • Bidra til å identifisere og evaluere nye forretningsidear
  • Rådgjeving og oppfølging av innovative oppstartsbedrifter
  • Initiere, utvikle og leie nye lønsame utviklings- og samarbeidsprosjekt med andre verksemder og innovasjonsmiljø
  • Legge til rette for nettverksbygging og møteplassar

Som tilsett hjå oss vil du inngå i eit sterkt team og få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter. Du vil i stor grad kunne påverke din eigen arbeidskvardag.


Ønska kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, med kompetanse innan forretningsutvikling og prosjektleiing. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning
  • God forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd
  • Kjennskap til verkemiddelapparatet og finansielle støtteordningar
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring frå prosjektleiing


Personlege eigenskaper

  • Du er initiativrik og løysingsorientert
  • Du er sjølvstendig og strukturert
  • Du er fleksibel med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner


Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb, der ditt bidrag blir viktig for næringsutvikling i regionen
  • Gode utviklingsmogelegheiter
  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid

Send inn din søknad og CV til kjetil@kpsf.no
eller på finn.no (FINN-kode: 178045266).

Kontorstad
Førde (Peak Sunnfjord)

Kontaktperson
Kjetil Kvåle (dagleg leiar)
952 06 574 / kjetil@kpsf.no

Frist
01.06.2020

Tilsettingsform
Fast

Om arbeidsgjevar

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane er eit regionalt innovasjonsselskap med kontor i Førde og Sogndal. Vi er pådrivar for auka innovasjon, verdiskaping og vekst i regionen Sogn og Fjordane. Vi deltek aktivt i kommersialisering av forretningsidear, og tilbyr gjennom vår fylkesdekkande inkubator, deltaking i eit nasjonalt inkubatorprogram – eit tilbod som legg til rette for at nyskapande gründerar og bedrifter skal kunne lukkast betre. Kunnskapsparken er også kommersialiseringsaktør for Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet.