Vi er på plass på Peak Sunnfjord

Gro Rukan og Tuva Eida er på plass på PEAK Sunnfjord i Førde.

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har fått kontorplass i nytt fellesskap i Førde.

Peak Sunnfjord er eit kontorfellesskap som består av eit titals bedrifter, der alle jobbar med teknologi, innovasjon og utvikling.

– Det er fine, nye lokalar som inspirerer til samhandling og kreativitet. Vi gler oss til å ta i mot fleire gründerar her, fortel Tuva Eide, forretningsutviklar og trainee i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Kunnskapsparken har hovudkontor på Campus Sogndal, medan Gro Rukan og Tuva Eida sit på PEAK Sunnfjord i Førde. Dei synes det er fint å føle at dei er ein del av noko større.

Kva er Peak Sunnfjord?

Peak Sunnfjord er eit nytt og dynamisk kontorfellesskap for gründerar, oppstartsselskap, etablerte teknologibedrifter og verkemiddelapparatet, midt i Førde. Her finn du mellom anna bedrifter som jobbar med smarthus, straum, webutvikling, digitalt verktøy for pasientmedverknad i psykiatrien, investering, rekruttering, timeføring og næringsutvikling.

Dei første bedriftene flytta inn i desember og det er fortsatt bedrifter som kjem på plass etter kvart.

– Det å kunne sitja i eit miljø med so mange dyktige og innovative menneske er både inspirerande og nyttig. Vi sit tett på mange av dei menneska som vi samhandlar med i prosjekta våre, og dette drar vi nytte av i arbeidet vårt. Dessutan oppstår mange uformelle samtalar og koplingar mellom folk i forbindelse med lunsj, kaffi og sosiale samankomstar, fortel dei.

Miljø og fellesskap for innovasjon

Peak Sunnfjord er eit av miljøa der Kunnskapsparken Sogn og Fjordane er inne på eigarsida.

– Vi ønskjer å bidra til at nye innovasjonsmiljø veks fram i regionen vår. Difor går vi gjerne inn som eigar eller leigetakar i desse miljøa, fortel Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

– Det er fine, nye lokalar som inspirerer til samhandling og kreativitet. Vi gler oss til å ta i mot fleire gründerar her, fortel Tuva Eide. Her saman med Gro Rukan.

Andre fellesskap:
  • Fus er eit kontorfellesskapet for gründerar og etablert næringsliv på Campus Sogndal, med tilbod om eit aktivt nettverk og god støtte. Her er Kunnskapsparken Sogn og Fjordane inne som eigar og ein av hovudpartnarane. Gründerar som blir tatt opp i inkubatoren til KPSF, får tilbod om å sitja her om dei ønskjer kontorplass i Sogndal.
  • Stryn TechHub er ei klyngesatsing i Stryn, i regi av Stryn Næringshage. Dette er eit nettverk av leverandørar, kundar, FoU-miljø, samarbeidspartnarar og andre nettverk til innovasjonsprosessar. Her kan ein vere med både permanent og på prosjektbasis. Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane er inne som leigetakar og bidragsytar. I tillegg sit vi i styret.
  • Sitep er ei samling av industriverksemdene i Årdal, som saman ser på teknologispranget som allereie er undervegs. Her skal bedrifter kunne testa, simulera og visualisera teknologiar, komponentar, produkt, løysingar, tenester og prosessar. Lett tilgang til ekspertise, utstyr og eigna lokale, skal gje enklare veg frå konsept til marknad. Her er Kunnskapsparken Sogn og Fjordane òg inne på eigarsida.