Vemund (19) starta med å blande kremar heime på kjøkkenet

Vemund-Eldegard-i-Elde-Cosmetics

Nå har han selt kosmetikk for over 300.000 kronar. Sjå historia bak inkubatorbedrifta Elde Cosmetics.

Vemund Eldegard frå Førde var 15 år då han starta å blande si eigen hudkrem. Behovet for noko som kunne hjelpe mot urein hud, utan å blakke seg, var starten på eventyret.

– Eg leste meg opp og starta med å blande kaldpressa olje og botaniske ekstraktar. Det var enkelt å lage. Det blei ein ansiktsolje eller eit serum, som hjelpte meg mot mine hudproblem, fortel 19-åringen og legg til:

– Produkta i Elde Cosmetics er hundre prosent veganske, organiske og fair trade. Det skal vere heilt naturlege produkt med ei kort produktlinje.

Planla ikkje å bli gründer

Tenåringen er sjølvlært og har testa seg fram til produkt som i dag er etterspurde i heile Noreg. Bare i 2015 selde han for over 300.000 kroner.

– Eg tenkte aldri at eg skulle bli gründer. Eg ville lage produkt til eigen bruk. Men så starta familien og vennane mine å bli interessert i å prøve, og så bala det på seg. Folk har vore overraskande positiv, fortel Eldegard.

Elde Cosmetics pressebilde1

19-åringen har brukt tallause timar på å lese seg opp på kosmetikk og hudprodukt. Han har prata med ekspertar rundt om i verden, teke kurs og funne ingrediensar i ulike land. Det har vore mange samtaler til utlandet og fleire testrundar på venner og familie.

– Når ein brenn for noko og er interessert, er det utruleg kva motivasjon ein får. Nå håper eg å kunne jobbe med dette på fulltid, fortel 19-åringen som fullførte vidaregåande skule i fjor vår.

– Eit av måla i 2016 er å tilsette i alle fall ein til. Eg ønsker å vere med å skapa nye arbeidsplassar i fylket.

Viktig hjelp frå Kunnskapsparken

Men med suksess følger det mykje arbeid. Og da er det alfa omega å ikkje vere aleine.

– Eg var smådesperat etter hjelp på eit tidpunkt. Etter første artikkel i lokalavisa gjekk det fort, så eg trong mykje rådgiving. Korleis eg skulle få i gang prosessen med søknader, korleis vokse og korleis få tak i mentor.

Med hjelp frå Kunnskapsparken har Vemund fått seg både kontor og laboratorium i Førde. Mentor er snart på plass, og Innovasjon Norge har blitt med på laget.

– Det har gått fortare med så god hjelp. Og det trur eg eg er mykje av nøkkelen til suksess. Ein kan ikkje nøle, det er berre å køyre på.

Ikkje redd fordommar

Det er ikkje anna å si enn at det er tøft av ein tenåringsgut å starte med kosmetikk. Vemund seier at det finst dei som er skeptisk til at ein gut driv med kosmetikk, men bryr seg ikkje.

– Eg trur mange gutar ser verdiane i det vi produserer, og håper vi kan bidra til å gje dei betre sjølvtillit. Også gutar treng å ta vare på huda sin.

Og det er ikkje tvil om at Vemund har funnet ein svolten marknad. Han har til nå laga fleire hudkremar og naturleg sminke. Og har ikkje tankar om å stoppe der.

– Elde Cosmetics er ei bedrift vi verkeleg har trua på, derfor er Vemund tatt med i vårt inkubatorprogram. Det er imponerande kva han har fått til i en alder av 19 år, seier Hilde Grinde frå Kunnskapsparken.

 


Om Kunnskapsparken inkubator

• Eit tilbod til alle gründerar i Sogn og Fjordane
• Tilbyr eigen rådgjevar og gode støttespelarar
• Gir tilgang til nettverk, kurs og samlingar
• Gi hjelp til å skaffe investorar og kapital
• Tilbyr kontorplass og fasilitetar
• Kan hjelpe deg med raskare å gå frå idé til lønnsam bedrift

Ønsker du å vite meir om vårt inkubatorprogram?