Utanlandske investorar kjøper opp vind- og vasskraft i Sogn og Fjordane. Kva så?

I Fjærland har tyskarane investert i seks småkraftverk. I Florø kjøper gigantfondet Blackrock opp vindkraftanlegget Guleslettene.

Som ein del av forskingsprosjektet Release, ser forskarane på lokal innverknad av småkraftsatsinga i Noreg. Forskarane prøver å vere nøytrale når dei stiller spørsmåla: Kva betyr nye eigarmodellar? Spelar det nokon rolle kven som eig småkraftverka?

Førsteamanuensis Bente Johnsen Rygg og forskar Gunnar Yttri jobbar mykje med dette. Dei intervjuar ulike aktørar om deira haldning til ulike eigarmodellar. Korleis bli haldningane påverka av utanlandske investorar?

– I eit tilbakeblikk ser vi at både fallrettshavarar og styresmakter ønskte at grunneigarar skulle byggja og driva kraftverk i eigen regi. Mange lukkast med dette, skriv Yttri i ein publikasjon på Idunn.no.

– Samstundes krev ei slik drift kapital og ekspertise over tid. Fleire grunneigarar valde difor å alliera seg med profesjonelle, kommersielle aktørar og inngjekk avtalar med desse. Fram til 2014 og 2015 var dette i hovudsak norske kraftselskap. Nå er det utanlandsk kapital som spelar den største rolla.

Småkraft skaut fart frå 2009

Utbygging av småkraft starta rundt 2000, men skaut for alvor fart etter at Noreg og Sverige i 2009 inngjekk ein intensjonsavtale om å etablere ein felles marknad for elsertifikat frå 2012. I starten var det i hovudsak grunneigarar som gjekk saman og etablerte private kraftlag, eller bedrifter som spesialiserte seg på utbygging av småkraftverk, eksempelvis Småkraft AS og Grønnkraft AS.

Dette til forskjell for dei store vasskraftverka, som er eigd av kommunar, fylkeskommunar og stat. Desse store offentleg eigde selskapa representerer om lag 90 prosent av kraftproduksjonskapasiteten i Noreg. Men bilete er i ferd med å endre seg ved at internasjonale eigarar kjøper opp dei største aktørane innan småkraft, som t.d. dei nemnde selskapa Småkraft AS og Grønnkraft AS.

– I tillegg har mange nye typar norske eigarar, utan bakgrunn frå energisektoren, kjøpt opp småkraftverk. Her er Obos og Ikea to eksempel. Dei ønskjer å satse på fornybar energi og investerer i småkraftverk, fortel professor Kristin Linnerud, ein av forskarane i Release.

I Fjærland blir det i dag bygd småkraftverk i regi av tyske KGAL Investment Management GmbH. I Veitastrond bygger bustadselskapet Obos to småkraftverk. I tillegg har nesten alle vindkraftprosjekt i Noreg internasjonale medeigarar. Det norske vindkraftselskapet Zephyr har nyleg selt vindkraftparken under bygging i Florø, til verdas største investeringsfond: BlackRock, som er ein leiande internasjonal investor i fornybar energi.

Utanlandske investorar – kva så?

Gjer det noko at det kjem inn nye investorar av småkraft? Er det ikkje bra for lokalsamfunnet at ein større, meir føreseieleg og profesjonell aktør kjem inn? Eller er folk redd for at lokale verdiar og ønskje ikkje blir ivaretekne?

Leiar av Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit, meiner det er bra å få inn utanlandske investorar. Han ser at dei har eit langsiktig perspektiv og oppfører seg bra.

Tveit presiserer korleis denne investormodellen ser ut i småkraftverda. For vassfallet er eigd av grunneigar, og grunneigaren leiger ut retten til å utnytte vassfallet. Det er her utanlandske investorar kjem inn og kjøper ein leigeavtale. Ofte er dette for ein periode på 40 år eller meir, før investorane trekker seg ut igjen om ikkje nye avtaler blir skrive.

– For ein del grunneigarar er investeringane, som krevjast for å bygge ut småkraft, for stor og risikabel. Då er det bra at utanlandske investorar kjem. Utan dei hadde mange prosjekt aldri blitt noko av. For mange grunneigarar og bønder hadde det betydd å la ressursane ligge død, fortel Tveit.

Småkraftforeninga legger til at dei heiar fram norske grunneigarar som får til å byggje ut sjølv, utan utanlandske investorar.

– Men saka er den at Noreg per i dag har 400 småkraftkonsesjonar som ikkje er bygd. Dei som byggjer dei, er utalandske investorar. Utan denne kapitalen hadde det ikkje vorte bygd mykje.

 

Bjåstad småkraftverk i Fjærland. Foto: Sognekraft

Berge småkraftverk på østsida av Fjærlandsfjorden. Foto: Sognekraft

Leikangerprosjekt realisert

Noko av bakgrunnen for at Sognekraft vedtok å selje Fjærland Kraft AS til tyske eigarar, var å få økonomiske musklar til å bygge ut Leikanger Kraft AS.  Denne investeringa er på om lag 800 millionar kronar, og det vil gi ein årsproduksjon på 208 GWh. Utbygginga vil gi fornybar energi tilsvarande årsforbruket til meir enn 10.000 husstandar.

Fjærland Kraft AS omfattar seks småkraftverk ved Fjærlandsfjorden, med ein samla årsproduksjon på omlag 116 GWh. Utan dei tyske investorane hadde prosjektet i Leikanger vore vanskeleg å realisere meiner Sognekraft.

KGAL som eigar i Fjærland, inneber at Sognekraft skal drifte og vedlikehalde desse kraftverka og at Sognekraft kan kjøpe Fjærland Kraft AS attende etter 25 år.

– Eg er utruleg stolt over at vi har fått til denne løysinga. (…) Produktet er rein fornybar energi, som også framtidige generasjonar får nytte og glede av, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft på eine nettsider.

Eksperiment med studentar på HVL

Som nemnt innleiingsvis, er eit viktig spørsmål i forskingsprosjektet Release å få kunnskap om korleis haldningar til utbygging av fornybar energi er påverka av eigarskap og evt endring av eigarskap? Eksperiment vart utført blant studentar på HVL, der dei vart spurt om å krysse av for haldningar til eit tenkt vasskraftverk.

I utgangspunktet var ikkje haldningane til studentane påverka av om det var lokale grunneigarar eller eit stort nasjonalt kraftselskap som sto for utbygginga.

– Men vi såg at skepsisen auka når dei fekk vite at eigarskapet skulle skifte hender. Frå nasjonalt til lokalt eigarskap, eller motsett. Og det er interessant. Dette viser at hyppig skifte av eigarskapsmodeller kan påverke folks aksept for utbygging av fornybar energi, fortel Linnerud, som deltok i eksperimentet.

Gjeld òg utbygging av vindkraft

Det er først dei seinare åra at investeringar i vindkraft har auka på i Noreg. Innan 1. april neste år skal nasjonal ramme for vindkraft utarbeidast, og grunnlaget for rammene er NVE sine vurderingar. Dei tek utgangspunkt i 43 analyseområder i Noreg som til slutt skal reduserast til 15-20. Dette er område som egner seg til utbygging av vindkraft, og fleire av desse områda er i Sogn og Fjordane.

– Alle vindkraftverk som er under bygging i Noreg har internasjonale eigarar. Vi ser eksempel på dette både på Fosen og i Florø, fortel Linnerud.

Fosen Vind AS blir Europas største vindpark når den står ferdig i 2020. Den skal produsere nok straum til 170.000 norske husstandar. Vindparken er eigd av Credit Suisse (40 %), Statkraft (52 %) og Trønderenergi (8 %).

Linnerud deltar i EU-prosjektet Winwind og har intervjua personer om ulike perspektiv på denne utbygginga. Ho har snakka med utbyggjarar, ordførarar, rådmenn, hotelleigarar, næringslivsaktørar, fylkesmenn, reineigarar og naturvernarar.

– Så langt ser dei fleste ut til å meine at utanlandsk eigarskap ikkje påverkar deira haldning til utbygging, i alle fall så lenge majoritetsandelen vert kontrollert av eit norskeid selskap, fortel Linnerud, og legg til:

– Vi ønskjer vidare i prosjektet å bruke nye metodar, kanskje eit breitt anlagt spørjeskjema, for å lodde stemninga i folkedjupet. Kan det vere slik at endringane i eigarskap går under radaren på folk? Eller er vi nøgd med at internasjonal kapital bidreg til å skape nye arbeidsplasser og redde klima?

Det står att å sjå kva resultat Release finn. Vi i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane skal vere formidlar i dette prosjektet og vil oppdatere deg om kva som skjer.

Vil du lese meir om Release? Sjå her.


Relevante publikasjonar: