Stor søknad til SPV-fondet

Sparebanken Vest sitt næringsfond, SPV fondet, gir fødselshjelp til gode og nyskapande idéar. Målet er å få fram berekraftige nyetableringar og framtidsretta arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Fristen for å søkje var den 13.mars. Kunnskapsparken administrerer fondet og har motteke over 25 søknader. Søknadene blir framlagt for styret i Næringsstiftinga den 24.april.