Søk på SPV-fondet innan 22. september!

FÅ HJELP TIL Å UTVIKLE DIN GODE IDÉ, MED PENGESTØTTE PÅ INNTIL 300.000 KRONER

Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane er ein fødselshjelpar for gode idear. Dei tilbyr pengestøtte på inntil 300.000 kronar per prosjekt og skal gi fødselshjelp til idear i ein tidleg fase, gjerne før dei får hjelp av verkemiddelapparatet. Dette gjeld gründerarar i startgropa og bedrifter som ønskjer å utvikle seg.

Typiske aktivitetar ein kan få stønad til:

  • utgifter til marknadsundersøkingar
  • produktutvikling
  • utarbeiding av forretningsplan
  • utgifter til etableringsrettleiing
  • utvikling av prototypar

Meir enn berre pengar:

Gjennom eit aktivt styre tilfører næringsstiftinga noko som ikkje kan målast i kroner:

  • råd
  • nettverk
  • sjølvtillit
  • oppfølging

Krav til søknadar:

Fondet støtter opp om nyskapande og framtidsretta idear med vekstpotensiale, eller interessante miljø i vekst. Nokre idear kjem ikkje under fondet sine rammar, sjå her for meir informasjon.

I søknaden må du presentere ein forretningsidé, kva det vert søkt stønad til, kostnader, finansiering og om personen/bedrifta bak. Det er ikkje eige søknadsskjema, og det er låg terskel i høve formalitetar. Spørsmål om utforming av søknad og søknadsprosessen kan rettast til Jøril Hovland på telefon 48219780 eller joeril@kpsf.no.

Søknadsfrist: 22. september. Send søknad til joeril@kpsf.no.