RELEASE tek i mot Zeroakademiet

RELEASE er HVL sitt tverrfaglege strategiske forskingsprosjekt som har som mål å auke kunnskapen om dei lokale konsekvensane av produksjon av fornybar energi for økonomi, samfunn og miljø, for å sikre at nye fornybare energiprosjekt blir bærekraftige.

Forskarane er godt i gang med å få ny kunnskap om korleis usikkerheit påverkar investorane si interesse i å gå inn i nye fornybare prosjekt, og  identifisere motiv og argument i lokalsamfunn som fører til aksept/mangel på aksept for nye fornybare energiprosjekt i lokalsamfunn.  Utbygging av fornybar energi fører også med seg inngrep i naturområde, og i RELEASE er forskarar  i gang med å få kunnskap om korleis dei økologiske konsekvensane ved naturinngrep kan minimaliserast. Det er med andre ord stor breidde i kunnskapen som blir produsert i dette prosjektet. Resultat herifrå skal danne kunnskapsgrunnlag for avgjerder i politiske prosessar og i bedrifter si utvikling vidare.

Gjennom godt samarbeid og tett samhandling vil RELEASE byggje bru mellom forskarar, næringsliv, offentleg sektor og interesse-organisasjonar som ZERO, og det materialiserte seg i at Zeroakademiet la si første samling til Sogn.

Samlinga starta med besøk til ECO i Aurland, som er storprodusent av vasskraft som forsyner Oslo-området. Frå praksisfeltet gjekk turen til Fosshaugane Campus og det etterkvart sterke fagmiljøet, og nasjonale og internasjonale nettverket som fagmiljøet på Fosshaugane Campus representerer innafor fornybar energi.

Kort oppsummert la professor ved HVL, Erling Holden, fram oversikt over kor store areal som må disponerast til produksjon av fornybar energi for å nå EU og Norge sine klimamål. Seniorforskar i Cicero, Kristin Linnerud, har mellom anna studert korleis ordninga med ”Grøne sertifikat”,  har fungert så langt, og kva verkemiddel styresmaktene må ta i bruk for å nå dei same måla. Til slutt presenterte førsteamanuensis Inger Auestad presenterte arbeidet med å studere kva metode som er best egna for at naturen; dvs for at plantene rundt, skal re-etablere seg på dei store steintippane som er etablert i høgfjellet i samband med vasskraftutbygging. Spennande vekstforsøk går akkurat no føre seg i laboratoriet på Campus.

Etter eit tett og fagtungt program, fekk omdømmeleiar i Sogndal Fotball, Rasmus Mo, vise mangfaldet og fortelje om inkluderinga, openheita og eigarskapet som er drivkreftene på  Fosshaugane Campus.
Det var ein entusiastisk gjeng frå Zeroakademiet som reiste frå Sogndal.

 

NOKRE FAKTA:  

ZERO er ein uavhengig, ideell miljøstiftelse som arbeider med å drive fram nullutsleppsløysningar. Arbeidet er retta mot næringsliv og politiske miljø, der dei byggjer bruer fundamentert på kunnskap. Resultatet skal vere ei praktisk og raskast muleg overgang frå klimaskadeleg aktivitet til utsleppsfrie løysingar.

Handlekraft er den viktigaste drivkrafta på veg mot målet om eit moderne nullutsleppssamfunn.  ”Historien om handlekraft er dét som skal snu opp ned på forestillingen om at problemet er for stort eller dyrt til å løses.” skriv ZERO på nettsida si https://www.zero.no/om-oss/

Zeroakademiet
Kunnskap om dagens klima- og energipolitikk og framtidas klimaløysingar skal danne grunnlag for gode politiske avgjerder og eit næringsliv som går føre, meiner ZERO . Og dette må ein få til gjennom aktørane som er i desse miljøa. Difor vart Zeroakademiet etablert. Akademiet er retta mot unge beslutningstakarar i politikk og næringsliv, og gjennom dei skal bedrifter og styresmakter få kunnskapsgrunnlag for mulege og  nødvendige endringar fram mot eit utsleppsfritt samfunn.  Gjennom dei 4 samlingane i 2017 skal deltakarane får tilgang til dagsfersk analyse, der innleiarane er blant dei fremste innan sine fagfelt.