Rekordresultat for SIVA inkubatorar og næringshagar

Siva sine innovasjonsselskap er i sterk vekst. I perioden 2012-2015 har bedrifter tilknytta Sivas inkubatorar og næringshagar generert 37,3 milliardar i verdiskaping. I fjor tok inkubatorane inn over 70 % fleire nye bedrifter enn året før. Næringshagane hadde ein tilsvarenda auke på 47 %.

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har vore del av SIVA sitt inkubasjonsprogram sidan 2006. 2016 blei vårt beste år nokon sinne, med rekordmange bedrifter i inkubasjon i løpet av året. I alt mottok 32 oppstarsselskap i Sogn og Fjordane vår hjelp i form av rådgiving, kompetanseheving, nettverk, hjelp til finansiering og kontorfasilitetar i 2016. Vi inngjekk også samarbeidsavtale med Helse Førde om å være kommersialiseringsaktør for forskingsbasert- og anna nyskapning ved Helse Førde.

Kunnskapsparken deltek aktiv i kommersialiseringa av nye idar, og vi skal bidra til auka vekst og verdiskaping i Sogn og Fjordane.

Les meir om SIVA sin pressemelding her.