Rekordmange søkarar på SPV-fondet i år

Midlane er tildelt og Asbjørn Dyrkorn Løland i Aducate er ein av dei som kan juble.

– Det er veldig stas. Dette tilskotet er utløysande for å få til ein prototype no. I ein oppstartsfase er det avgjerande å få midlar for å komme seg vidare, fortel dagleg leiar Asbjørn Dyrkorn Løland.

Aducate vart stifta i fjor haust og held til i Hyllestad. Dei har som føremål å heve kompetansen innan fiskehelse, miljø og berekraft i akvakulturnæringa, ved hjelp av ein digital plattform og kursverksemd. Frå SPV sitt næringsfond har dei har fått tildelt kr. 100 000 til prototypeutvikling.

– Til no har vi undersøkt marknaden og har komme fram til korleis vi ønskjer å konkretisera ideane. Neste steg er å bygge opp ein digital prototype og teste både plattform og kursmetodikk saman med ein pilotkunde. Det er dette midlane vil gå til, fortel Dyrkorn Løland.

Han er sjølv fiskehelsebiolog og ønskjer å heve kometansen om fiskehelse i havbruksnæringa. Pilotkurset dei skal i gang med er ein liten del av eit større bilde. På sikt skal dette bli ein kompetanseplattform.

Rekordmange søkarar

Sparebanken Vest starta opp med næringsfondet i 2008. Sidan den gong har det i snitt komme 35 søknadar kvart år. I år kom det 60 søknader. Desse søkarane er fordelt på ein søknadsfrist om våren og ein på hausten. I år vart det til saman 10 tildelingar, 5 av dei no i haust.

– Vi ønskjer at dette skal vere tilgjengeleg for mange, og at fleire skal vite om moglegheita til hjelp. Difor er det gledeleg med så mange søkarar, fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, som tek imot søknadane.

Hovland fortel at det er mange gode kandidatar blant søkerane og at det er mykje spennande som forgår i regionen vår. Ho håpar det fortset slik.

Vil du vite meit om næringsfondet? Sjå her.


Desse fekk tildelt midlar i haust:

  1. Aducate – utviklar kompetanseplattform, og fekk midlar til prototypeutvikling.
  2. BoostUp – utviklar konsept for leiarar, og fekk midlar til marknadsundersøking.
  3. Eduplaytion – utviklar spill for læring av matematikk, og fekk midlar til utvikling av prototype.
  4. ReTrade – utviklar ei plattform for kjøp og sal av elektroniske komponentar, og fekk midlar til prototypetesting og produktutvikling.
  5. Pust deg bedre – utviklar løysing for lungesjuke, og fekk midlar til utvikling av forretningsmodell for kommersialisering.