Rekkje stiutvikling har utvikla «den nye ballbingen»

Roald Eidsheim har møtt mykje motstand i sine fire år som gründer. Men nå har han funne eit konsept som funkar.

Rekkje stiutvikling byggjar stiar og leikeparkar for sykkel. Dei har heile vegen trudd på ideen om å byggje berekraftige stiar, som toler hard bruk og legg til rette for syklistar. Men marknaden har ikkje vore moden. Før nå.

– Det er noko heilt anna å presentere ideane våre i dag. Folk lyttar og skjønnar at vi kan noko. Klart vi er blitt flinkare på å drive forretning, men eg trur òg fokuset har endra seg. Folk er meir oppteken av berekraftig bruk av naturen, fortel Eidsheim.

Som ferdigutdanna landskapsplanleggjar og ein brennande lidenskap for stisykling, starta han Rekkje stiutvikling for snart fire år sidan. Allereie då var han skråsikker på at ideen om å få på plass fleire tilrettelagde sykkelstiar var smart.

Inkubator-bedrift

Han kom fort inn i pre-inkubator hos Kunnskapsparken og gjekk vidare til tre år i inkubatorordninga. Det betydde rådgjeving, nettverk, midlar og kontorplass.

– Roald kom til oss med mykje kompetanse og lidenskap. Han hadde ein forretningsidé vi fant veldig spennande. Han såg at tursykling var ein stor og voksande trend i utlandet, og at dette ville bre seg til Noreg, fortel Hilde Grinde, forretningsutviklar i Kunnskapsparken.

Grinde veit at Rekkje har fått kjenne på utfordringane med å jobbe mot ein umoden marknad, men hu trur òg det har spissa produktet enda meir.

– Det har vore veldig lærerikt å vere ein del av inkubatorordninga. Via nettverket fekk eg med Luster kommune og Sogn Skisenter på mitt første oppdrag. At eg fekk stønad frå start, gjorde det lettare å realisere ideen min. Eg skaffa gode kontaktar og forma forretningsideen min til det betre, fortel Eidsheim.

Vi i Kunnskapsparken synast det har vore spennande å følgje Rekkje frå idéstadiet til ei bedrift som nå står på eigne bein. Og vi er særs glad for å ha Rekkje rundt oss vidare, som inspirator og erfaringsformidlar til gründermiljøet FUS på Campus Sogndal.

– Eg har vore sta. Tross mykje motgang, folk som pratar og ikkje handlar, og folk som ikkje vil bli med på prosjekta, har eg vunne gjennom til slutt. Det har lønna seg å vere sta, påpeikar Eidsheim.

Pumptrack er den nye ballbingen

Det har gjort at Rekkje i dag er to fulltidstilsette og fem som jobbar på prosjekt og sesong. Blant dem er Lars Melbye og Kristian Ertnes med som partnarar i firmaet. Dei byggjer stiar og sykkelarenaer langt utanfor fylkesgrensene. Og deira mest populære produkt, er det ein kallar pumptrack. Det er som ein skaterampe for syklistar, der ein pumpar sykkelen over kuler og rundt doserte svigar for å hald fram farten.

– Til nå har vi byggja fem pumptracks og marknaden er langt frå metta. Eg trur vi har skapt den nye ballbingen. Dette er eit produkt som kan stå kor som helst, det treffer brukarar i alle aldrar og kan nyttast uansett kor god du er til å sykle, forklarar Eidsheim – og skyter inn:

– Det eksisterer over 2000 ballbingar i Noreg, så det betyr at potensialet i marknaden vår er stor. Vi må berre få kommunar og idrettslag med oss, seier Eidsheim med eit smil.

 

Som ferdigutdanna landskapsplanleggjar og ein brennande lidenskap for stisykling, starta Roald Eidsheim berdiften Rekkje stiutvikling for snart fire år sidan. I dag er Rekkje stiutvikling to fulltidstilsette og fem som jobbar på prosjekt og sesong. Alle foto: Rekkje stiutvikling