Reisebrev frå HVL-Fornybar Energi studentar

Andre års fornybar energistudentar ved HVL fekk i mai månad reise på ekskursjon til Mongstad næringspark. Det heile starta med at ein av studentane Sofie Øvretveit som kjem frå området, kom med eit forslag til professoren ved linja Erling Holden som viste stort engasjement til å få dette gjennomført.

Her står heile klassen framfor TCMs anlegg.

Frå venstre fremme: Stig Helle, Ingrid Grøteide Polden, Sofie Øvretveit, Kristine Heimdal, Oda Smedegård, Erling Holden. Frå høgre bak: Helge Hustveit, Anna Miriam Jokela, Ragnhild Bjørkedal, Thomas Rød Søfteland, Marcus Steinby og Anders Blaasvær.

Fyrste stopp ble Matre kraftverk  som er drifta av BKK og som nylig har bygga ein ny kraftstasjon inni fjellet til 800 millionar kroner. Der fekk vi gå inn i fjellet, sjå dei nye turbinane og fekk eit innblikk i kva som skjer i arbeidet i eit vasskraftverk på denne størrelsen. Det var stasjonsleder Frode Langhelle som tok oss godt imot og besvarte alle spørsmåla vi hadde.

 

Etter ein lang tur var detå sjekke inn på campingplassen i nærområdet Bruvoll Camping der det blei pizza og utekos på fellesområdet. Pizzaen blei sponsa av PSW group AS som tek godt imot studentar som vil besøke Næringsparken.

Her er anlegget som skal hjelpe å gro algar som skal brukas i fiskefor til oppdrettsfisk.

Dagen etter var det tidlig opp for å komme oss til målet ved turen, Teknologisenteret på Mongstad. TCM opna i 2011 og var eit samarbeid mellom den norske stat og Statoil som ble einige om å bygge eit teknologisenter. I dag er TCM verdens største senter for testing og forbetring av CO2 fangst teknologiar. Deira arbeid er viktig for å bekjempa klimaforandringar. Vi fekk presentasjon av prosjektet, innføring i korleis dei arbeider og kva behova vil bli i framtida.  Etter det blei det omvising på testanlegget med Heidi Andvik og Nina Enaasen Flø der vi fekk ein saumfaring over heile anlegget.

Kristine Heimdal student ved HVL: Kva synst du om turen?
– Det var ein veldig lærerik tur, det er ikke noe vi vanligvis lærer om på linja fornybar energi. Det er veldig kjekt at vi får sett andre bedrifter utenfor Sogndal.

 

Anders Blaasvær tek ein nærmare kikk på blandinga.

Etter ei hyggelig og spennande omvising gjekk vi over til det nystarta prosjektet til CO2BIO som er i samarbeid ved Universitetet i Bergen. Prosjektet gjekk ut på å ta i bruk CO2-en som Teknologisenteret fanga og ta det i bruk.  Dei skal utvikle bærekraftig biobasert omgega-3 produksjon basert på bruk av CO2  og algar.

Omvisinga ble gjort av Tom Lid som sjølv er student og med på dette prosjektet.

Turen var ein kjempesuksess, studentane stortrivast og vart fylte med inspirasjon og engasjement etter turen.

Sofie Øvretveit , student ved HVL på linja fornybar Energi.  Kva synst du om turen i sin heilhet?

– Eg synst da e utrulig kjekt at skulen gjennomføre turar som dette. Vi er svært heldige og får reist ein del på saumfaringar rundt på bedrifter og da er det kjekt når området for besøk vært utvida.  Det er også imponerande kor dei støtta forslaget og hjelpte til i alle stega. Det er kjekt som student og få ordne dette med skulen i ryggen. Bedriftene fortener også skryt. Det var ingen som var vanskelige å spørje, og dei var alle svært positive for besøk og stelte godt med oss.  Spesielt kjekt er det også når bedrifta PSW group AS også stiller opp for å gjøre turen best mogleg for oss.