Har du ein god idé som du ønskjer å ta vidare til neste steg?

Tirsdag 16. april er gründerar og driftige folk invitert til lunsj og pitchekonkurranse. Konkurransen er ein del av Påsketreffet som vert arrangert av Gloppen kommune, og vil foregå på kommunehuset i Gloppen. Vi i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Gloppen kommune ønskjer å møte deg og høyre din forretningsidé!

Konkurransen går ut på at kvar deltakar presenterer sin forretningsidé på 5 minutt, og resten av deltakarane og juryen er publikum. Vinnaren stikk av med 20.000 kroner kontant, samt kontorplass, rettleiing og ulike gåvekort!

Er dette noko for deg eller nokon du kjenner?

Send inn søknad innan 10. april. NB! Maks 10 plassar.

Alle som deltek får rettleiing i forkant av konkurransen og ein gåvepakke med lokale produkt!

Vinnaren vert annonsert på Brannstasjonen tirsdag kl. 20.00.

Tid og stad: 16. april på kommunesenteret i Gloppen, kl. 12:00-14:00.