Nyskapings- og samarbeidsprosjekt

Vårt arbeid inkluderer både oppstartshjelp for gründerar og leiing av omfattande prosjekt innan miljøteknologi, robotisering, helse m.m. Arbeidet kan delast inn i kategoriane inkubator, miljø og prosjekt og oppdragUnder kan du klikke deg inn på konkrete prosjekt og case som vi arbeidar med.

Inkubator

Oppstartsbedrifter i tidleg fase får hjelp til forretningsutvikling hos oss. Inkubasjonsprogrammet er del av Siva sitt arbeid med å skape konkurransedyktige bedrifter og auke nasjonal verdiskaping. Gründerar og bedrifter i inkubasjon får kontorplass, kursing og rådgjeving slik at dei raskt kan gå frå idé til kommersialisering.

Under kan du sjå eit utval av bedrifter som er i inkubasjon hos oss idag, i tillegg til bedrifter vi tidlegare har hjulpet.

Miljø

Vi er tilknytt mange teknologi-, utviklings- og gründermiljø i fylket. Slike miljø representerer eit nettverk av menneske og bedrifter som sit på unik kunnskap og kompetanse. Vi koblar dette nettverket av FoU-aktørar saman med næringslivsaktørar for på denne måten å skape arbeidsplassar, økonomisk vekst og eit attraktivt næringsliv som tiltrekk seg arbeidskraft.

Under kan du klikke deg inn på eit utval av prosjekta som vi arbeider med i dag.

Prosjekt og oppdrag

Innovasjonsleiing og prosjektleiing. Arbeid som handlar om å koble næringslivet med akademia for å skape meir innovasjon og vekst i fylket. Vi koplar bedrifter og forskings- og utviklingsmiljø, og bidrar på denne måten til auka nyskaping og omstillingsevne i regionen.

Under kan du trykke på kvart enkelt prosjekt og lese meir.