Om Kunnskapsparken Sogn og Fjordane

Handlekraft | Samspel | Tillit

Vi er ein pådrivar og tilretteleggar for sterke innovasjonsmiljø og vekstkraft i bærekraftige bedrifter. Kunnskapsparken Sogn og Fjordane byggjer framtidsretta distrikt gjennom sterke næringsmiljø og bærekraftige bedrifter. Vi skapar vekst i Vest og tek lokale idear ut i verda.

OPPSTARTSHJELP

Vi hjelper gründerar og oppstartsbedrifter med å kome seg raskt frå idé til kommersialisering, gjennom å ta dei inn i vår inkubator. Her får dei tett oppfølging og rådgjeving i forretningsutvikling. Som inkubatorbedrift får ein tilgang på:

  • forretningsutviklarar og mentorar
  • eit inspirerande og utviklingsorientert miljø
  • kontorfasilitetar og møterom
  • workshops, kurs og samlingar
  • kopling mot nettverk og relevante miljø
  • hjelp til finansiering og tilgang på investeringskapital

MILJØ

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane er nært knytt til mange forskings-, utviklings- og gründermiljø i vår region. Dette er innovative miljø prega av nytenking og delingskultur, kor utvikling og verdiskaping står sentralt. Samarbeid mellom bedrifter og kunnskapsmiljøa bidreg til at bedriftene vert meir innovative, som igjen gir auka vekst og verdiskaping.

PROSJEKT OG OPPDRAG

Vi bidreg med prosjektleiing og kompetanse i ulike utviklingsprosjekt i fylket. Utviklingsprosjekta vert gjennomført i tett samhandling mellom akademia, næringslivet og det offentlege. Eit overordna mål med vårt engasjement i desse prosjekta er å bidra til å vidareutvikle eksisterande- og nytt næringsliv, gjennom knoppskyting og nyetableringar.

Vi er kommersialiseringsaktør for Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Dette betyr at vi hjelper fram gode idear og fungerar som ein støttespelar for tilsette/studentar som ønskjer å ta sin teneste- eller produktinnovasjon vidare. Studentar får rabattert rådgjeving hos oss.

KAPITAL

Å skaffe finansiering kan ofte vere ei stor utfordring for bedrifter i ein oppstartsfase, då det finst mange ulike finansieringsordningar. Før eller seinare må det likevel inn ekstra kapital for å kunne få fart på utviklinga og vekse vidare. Å gå tidleg inn i eit oppstartsselskap medfører stor risiko, men kan gi god avkastning. Dimed kan det i mange høve vere krevjande å få investorar til å ha nok tru på prosjektet til å gå inn med kapital.

Vi har god erfaring med å arbeide med investorar, både via eige fond, business angel networks (BAN) og Connect Vest. Vårt mål er å finne gode finansieringsmoglegheiter for vekst for oppstartsbedrifter i fylket.

Våre eigarar

Selskap vi eig aksjar i

Styret

Vidar Grønnevik (styreleiar) Sjølvstendig næringsdrivande

Bjørg Kristin Selvik Prorektor HVL

Hjørdis Vik Avdelingsleiar Innovasjon Norge

Endre Høgalmen Assisterande direktør, næringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ragnar Waalen Seniorrådgivar i Siva

Terje Laberg Dagleg leiar i Årdal Utvikling

Astrid Hove (varamedlem) Rådgivar i opplæringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Partnarar