Nytt forskingsprosjekt om samfunnsverknadene av fornybar energi

Prosjektet blir leia av professor Erling Holden. Målet er å utforske berekrafta til prosjekt innan fornybar energi, og verknadene på lokalmiljøa av slike utbyggingar. Forskingsprosjektet vil gå føre seg over tre år, og har eit budsjett på i alt 25 millionar kroner. Sogn og Fjordane Energi, Sparebankstiftinga og Fylkeskommunen bidreg med i alt 4,25 millionar kroner, og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane er med i prosjektgruppa.

– Støtta vi har fått lokalt har vore avgjerande for å få gjennomslag for prosjektet nasjonalt. Vi er svært takksame for dette, seier Holden.

Stort fylke på fornybar kraft

– Styrken til prosjektet vårt ligg i at vi vil forske på fornybar energi der denne energien blir produsert. Sogn og Fjordane er eitt av dei største fylka i landet når det gjeld fornybarkraft – 60 prosent av vasskraftproduksjonen som er under planlegging, vil bli bygd ut her, seier Holden.

– Nærleiken til problemstillingane og ressursane gir oss eit unikt utgangspunkt for å forske på samfunnsverknadene av dei enorme utbyggingane vi står overfor nasjonalt og internasjonalt.

Å møte EU og Noregs ambisiøse mål for utbygging av fornybar energi fram til 2020 kjem til å ha store lokale konsekvensar.  Politikarar vil stå overfor vanskelege avgjerder som må balansere omsyna til økonomien, samfunnet og miljøet. Forskingsprosjektet ”Fornybar energi-prosjekt: Lokale konsekvensar og berekraft” skal skaffe fram kunnskap som kan gje eit betre grunnlag for å ta desse avgjerdene.

– Her blir det tøffe val. Utviklinga av fornybare energikjelder er avgjerande for å redde klimaet, men det kjem også til ein pris, seier Holden.

I toppsjiktet av internasjonal forsking

Det største problemet med fornybare energiformer, er arealbruken: Viss Europa skal produsere bioenergi på nivå med dagens energibehov, vil det krevje eit areal som er større enn Europa. Den sterkaste konfliktlinja i miljørørsla framover vil truleg gå mellom omsynet til klima og omsynet til biologisk mangfald, spår Holden.

– Det finst ei stor, gløymd sanning oppi dette: All energibruk har negative konsekvensar. Dette etterlet oss berre med eit val – kva negative effektar er vi mest budde på å leve med?

”Fornybar energi-prosjekt” er eitt av sju strategiske høgskuleprosjekt på landsbasis som får midlar frå Norges forskningsråd (NFR) i årets tildeling. Det er stor konkurranse om desse midlane, og NFR vurderte prosjektet ved HiSF til å ligge i toppsjiktet av forsking, og til å ha høg nasjonal og internasjonal interesse.

”A project at the highest international level and of the utmost interest nationally and internationally. Publications in top journals are extremely likely. The researchers are among the very best in their field,” uttalte juryen, som delte ut i alt 118 millionar kroner til nye forskingsprosjekt ved høgskulane i Noreg.

Kunnskapsparken er stolte over å ta del i prosjektet!

Les meir om strategiske høgskuleprosjekt her.