Nye moglegheiter i Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane

lys ide sideHar du ein god idé som kan verte ei ny teneste eller eit nytt produkt – men manglar pengar? Næringsstifting i Sogn og Fjordane ynskjer gode idéar.

Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane har som mål å gi fødselshjelp for gode, nyskapande og framtidsretta idéar, og gi dei ein sjanse til å utvikle seg. Dette kan vere gjennom å gi tilskot til gründerarar som er i startgropa eller til bedrifter som ynskjer å utvikle seg.

Målet er å få fram berekraftige nyetableringar og framtidsretta arbeidsplassar i fylket.

Typiske aktivitetar som kan få stønad i fondet er utgifter til marknadsundersøkingar, produktutvikling, utarbeiding av forretningsplan, utgifter til etableringsrettleiing og også til utvikling av prototypar der det er aktuelt. Stiftinga gir støtte i ein tidleg fase – som ofte er kritisk – før dei får vidare hjelp i verkemiddelapparatet, som Innovasjon Norge og andre.

Meir informasjon om fondet finn du her!

Søknadane skal stilast til: Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane,
og sendast til: Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane v/Jøril Hovland

Søknadane kan med fordel sendast pr e-post, men også i papirform via postverket. Sjå kontaktinfo under.

Ved spørsmål kontakt Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane:
Jøril Hovland | Tel: 482 19 780 | joeril@kpsf.no

Neste styremøte i fondet er 30. oktober, og søknadsfrist er sett til 29. september 2017.