Ny næringskjede med nye produkt til den veksande kosthold- og helsemarknaden?

Onsdag 12 november blir det arrangert dialogmøte på på Quality Sogndal hotell med dette på dagsorden. Vi får innleiarar med kunnskap i sine felt heile vegen frå virkestoff i potensielle planter, til utvikling av nye produkt, testing av desse og kva som må til for at desse skal kome ut i marknaden. Ein investor vil sjå problemstillinga frå si side og gi innspel på korleis finansaktørane tenkjer. Med denne kunnskapen som utgangspunkt arrangerer vi dialogkafé der alle kan delta og bli med å sjå etter potensiale  for etablering av slik produksjon. Kva har vi av ressursar, industri, kunnskap, finansierignsmulegheiter, osv. i Sogn og Fjordane som vi kan utvikle eller byggje vidare på?

Er dette av interesse, så bli med og meld deg!

Sjå meir om programmet og påmelding her: FRUKT OG BÆRPRODUKT FOR LENGRE LIV OG BETRE HELSE