No kjem Fjordane Virtuelle Campus!

Brikkene har falle på plass: No kjem Fjordane Virtuelle Campus!

Fjordane Virtuelle Campus (FVC) har dei siste dagane nådd tre milepælar som gjer det mulig å realisere planane om desentraliserte studie innan høgare utdanning på Nordfjordeid, lab til utdannings- og forskingsarbeid i bedriftene og klyngeutvikling av elektro/automasjon-, bygg- og enøk-miljøet på Vestlandet.

Både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Vest går inn med finansiell støtte til etableringa av Fjordane Virtuelle Campus, med høvesvis 8 og 1,65 mill kr. I tillegg vart det i dag kjent at FVC får ei løyving frå Stortinget i Revidert Nasjonalbudsjett på 2 mill kr til vidareutvikling av klyngesatsinga. Alt dette kjem i tillegg til det bedriftene går inn med av kapital.

Sogn og Fjordane fylkeskommune går inn med i alt 8 millionar kroner til FVC. Prosjektet vart presentert av prosjektleiar Trond Haavik frå Segel på Politikardagen i førre veke. Initiativtakar og prosjektansvarleg Hans Inge Solheim i Normatic seier at i samtalane som vart gjennomførde med fylkespolitikarane kom det tydeleg fram at dei hadde brei støtte på tvers av alle parti og frå alle delar av fylket. «Dersom vi skal utvikle denne klynga som i dag har sterke posisjonar på den nasjonale marknaden, så må vi tenke nytt med omsyn til korleis vi skaffar oss og held på kompetanse og utviklingskapasitet som trengst for å halde tritt med den raske utviklinga», seier Sigurd Reksnes (SP).

Rektor Reidar Grønli ved Fagskulen i Sogn og Fjordane seier at etableringa av FVC er eit viktig bidrag til utviklinga av klyngemiljøa som er iferd med å slå rot i ulike delar av fylket. «Det er positivt at FVC ser samspelet med desse og andre klynger nasjonalt og internasjonalt som ein viktig del av si utvikling. Dette samsvarar òg med Fagskulen sin strategi om å medverke til auka samspel mellom dei ulike teknologiklyngene i fylket», seier Rektor Reidar Grønli.

På torsdag arrangerte vekstselskapa i Nordfjord i samarbeid med Sparebanken Vest eit møte om Vestlandsmeldinga – Kva vil vi med eit nytt Vestland? Sparebanken Vest ser tydelegvis at ein del av svaret ligg i å stø opp under etableringa av FVC, og går inn med 1.650.000,- kroner til FVC. Det er ein betydeleg styrking av den private delen av finansieringa av denne klyngesatsinga, noko initiativtakarane er særs takksame for.

Under same arrangement kom til slutt den store overraskinga at Stortinget i Revidert Nasjonalbudsjett har funne rom for å yte eit bidrag på 2 mill NOK til satsinga som har som ambisjon å vere ein «attraktiv node» nasjonalt og internasjonalt for fagområda elektro/automasjon, bygg og enøk. Ordførar Alfred Bjørlo (V) seier at dette er etter initiativ frå Venstre, og kjem på bakgrunn av presentasjonar av FVC dei siste månadene for både Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, Kommunal- og regionalminister Monica Mæland, Statsminister Erna Solberg og Venstres medlem i Finanskomiteen, Abid Raja. – FVC har vekt stor entusiasme i regjeringa og regjeringspartia, fordi det er eit heilt konkret døme på korleis ein kan gå «frå prat til handling» når det gjeld å flytte høgare utdanning og forsking nærare bedriftene ute i distrikts-Noreg. – Eg er difor svært glad for at Venstres Abid Raja tok initiativ til å få ei slik løyving på plass, og fekk støtte frå dei andre regjeringspartia.

Løyvinga i Revidert nasjonalbudsjett kom heilt uventa på initiativtakarane bak FVC. Initiativtakar Hans Inge Solheim seier at dette gjer det mogleg å styrke ytterlegare klynge- og innovasjonsarbeidet mellom bedriftene som blir med i Fjordane Virtuelle Campus.

Prosjektleiar Trond Haavik seier at i utviklingsarbeidet har Styringsgruppa vore avgjerande for å nå fram til planane som no ligg føre. Gruppa har vore leia av Hans Inge Solheim (Normatic) og har elles bestått av Reidar Grønli (Fagskulen), Helge Robert Midtbø (Helse Førde), Alfred Bjørlo (Eid kommune), Arne Steinsvik (Nordplan) Tore Hjelle (Eid Elektro), Jarle Melheim (Caverion) og Ronny Kjøde (Henden Elektro). Rektor Ove Bjørlo og avdelingsleiar Ove Lillestøl ved Eid vidaregåande skule og Olav Hjelle i Stad Vekst har og vore sterkt involvert i prosessen.

I tillegg har Måløy Academy ved Sindre Kvalheim og Øyvind Reed bidrege med gode innspel som gir grunnlag for tett samarbeid vidare.

Nordfjordeid Næringshage AS er stønadsmottakar og skal endre namn og utvide aksjekapitalen slik at fleire bedrifter kjem inn på eigarsida. Største eigar i dag er Siva som er svært positive til denne satsinga. Siva er Statens aktør for utvikling av klyngemiljø i heile landet, og FVC vil såleis kunne utviklast som ein attraktiv node i dette nettverket der Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og er ein del av.