Matopplevingar i rikt kulturlandskap

christoffer_knaken_800_2

 

To arkeologar sitt ønskje om å skape sine eigne mat- og naturarbeidsplassar er bakgrunnen for verksemda Knaken . No har spennande planar om vidareutvikling av mattilbodet gjeve dei plass i mat- og naturinkubatoren som vert drifta av Kunnskapsparken.

Med kaféen Knaken på Kaupanger Hovedgård som utgangspunkt driv kaupingen Christoffer Knagenhjelm og kona Trude den kulturbaserte verksemda si.

Etter å ha jobba nokre år som arkeologar andre stader i landet fann Christoffer og Trude i 2008 tida mogen for å flytte heim til Sogn. Men jobbar for arkeologar veks ikkje på tre, og dermed vart tanken om ei framtid innan dei kulturbaserte næringane realisert.

– Med kulturhistoria til Kaupanger som tema i hovudfagsoppgåva mi vart valet om å flytte heim enkelt. Dette er eitt av områda i Noreg med mest kulturminne, og det er eit potensiale til å styrke formidlinga av historia i bukta her. I kombinasjon med eit produksjons- og serveringstilbod der vi tek i bruk lokale ressursar meiner vi at vi har funne ei spesiell nisje, fortel han.

knaken_uteMed restaureringa av den gamle sauefjøsen frå 1854 var dei jula 2008 klarte til å ta i mot dei første gjestene. Frå sommaren 2009 har dei satsa på heilårsdrift, og både lokale og tilreisande kan oppleve både mat og kulturformidling.

Ein kan tinge guida turar med ein av arkeologane, eller gå på eiga hand langsmed ein nyrydda kultursti i området.

Lokalt er Knaken allereie i ferd med å opparbeide seg eit rykte som ein etestad med høg kvalitet og aktiv bruk av lokalprodusert mat. No ønskjer dei å nå breiare ut, og håpar at fleire tilreisande tek turen innom for eit godt måltid eller ein kopp kaffi.

– Vi sel også diverse matprodukt i gardsbutikken på kafeen. I tillegg leiger vi ut lokale for lukka lag og arrangement. I tillegg til kafèlokala kan opp mot 300 personar no få plass i den nyrestaurerte låven på Kaupanger Hovedgård, seier han.

knaken_menyKnaken ønskjer å tilføre gjestene sine kunnskap om eit område som kanskje ikkje er så kjent utover stavkyrkja. Kjerna i tilbodet er difor kulturformidlinga; ein kulturhistorisk meirverdi i tillegg til matopplevingane på kaféen.

Dette krev også aktiv forvaltning og drift av kulturlandskapet kring Kaupanger Hovedgård, der gardsdrifta vart lagt ned i 1960.

– I samarbeid med Kaupanger Hovedgård ønskjer vi å opne opp att kulturlandskapet kring hovedgården og stavkyrkja. Til dette har vi for tida «tilsett» 30 kashmirgeiter, seier Knagenhjelm.

Knaken ønskjer no å vidareutvikle kompetansen sin på bearbeiding og foredling av hjortekjøt, og det er særleg speking dei no har eit ekstra fokus på.

– Dette er noko som er både tidkrevjande og vanskeleg, og vi er no i gang med eit utviklingsprosjekt der vi søkjer kunnskap og erfaringar i høve dette, seier Christoffer.

Det er dei spennande planane for utnytting og bearbeiding av lokale matressursar som har gjeve Knaken opptak i mat- og kulturinkubatoren, som i Sogn og Fjordane vert administrert av Kunnskapsparken.

Trude_killing– Å vere inkubatorbedrift er både utfordrande og lærerikt. Vi vert utfordra til å finne Knaken sine styrker og svakheiter i høve intern drift, produktutvikling og ikkje minst marknadsføring. Rådgjevarane i Kunnskapsparken ser gjerne ting som vi «på innsida» ikkje ser, og dei kjem med klare og tydelege tilbakemeldingar i høve dei ulike utfordringane våre. Samarbeidet er svært nyttig og lærerrikt, avsluttar Christoffer Knagenhjelm.

Landbruks- og matdepartementet bidrar med støtte til eit 5-årig inkubatorprogram for mat- og naturbaserte næringer i regi av SIVA og Innovasjon Norge. Målet er å auke verdiskapinga gjennom styrka samarbeid mellom landbruket og andre næringar og sektorar. I Sogn og Fjordane er det KPSF som organiserer inkubatoren.

Sjå også knaken.no