Markant vekst for bedrifter i Siva-støtta inkubatorar

Ein ny SSB-rapport viser at inkubasjons- og næringshageprogramma er effektive virkemidlar for å oppnå vekst og verdiskaping i næringslivet.

Rapporten frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) viser at bedriftene som er tilknytt ein inkubator eller næringshage har betre økonomisk utvikling enn samanliknbare føretak i ein kontrollgruppe. Effektane er betydelege for bedriftenes verdiskaping, omsetning og antal tilsette.

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane er ein del av SIVA sitt inkubasjonsprogram, og har vore det sidan 2006. Inkubasjonsprogrammet er retta mot oppstartsbedrifter i tidleg fase og bedrifter med vekstpotensiale. Tenester som gis er til dømes forretningsutvikling, hjelp til kommersialisering og finansiering.