Lege, sivilingeniør og småbarnspappa satsar på innovativ idé


Kvifor namnet Eyrsys? Eyr er den norrøne gudinna for legekunsten, medan «sys» står for system.

– Utan starthjelp og finansiering hadde det ikkje blitt noko. Risikoen hadde vore for stor og eg hadde ikkje turt å redusere legejobben, fortel 45-åringen.

Andreas Englin er utdanna både lege og sivilingeniør innan teknisk fysikk. Han har vore med å starte ein del av eit konsulentselskap i Stockholm, som i dag tel rundt to hundre tilsette, før han tok legeutdanninga og fekk jobb som fastlege i Sogndal. Kombinasjonen av dei to utdanningane har han derimot aldri fått utnytta. Før no.

– Eg har alltid ønskja å nytte begge kompetanseområda til noe genialt. Sjølv før eg starta på legestudiet, hadde eg ein plan om det. Som utviklar og lege er det mykje å ta tak i, fortel Englin.

Mangla verktøy på legekontoret

Ideane har surra i hovudet på svensken i fleire år. Men legejobben har teke mykje tid og to små ungar på heimebane gjer ikkje livet mindre hektisk. Men då Englin fann eit tydelig behov på eige legekontor, fekk han ideen til Eyrsys AS. Handtering av blodprøveresultat kan vere tidkrevjande og vert ofte handtert «på toppen av alt anna».

– Overtidsarbeidet kunne vore redusert med eit system som effektiviserer denne prosessen, eit system som samtidig aukar kvaliteten på oppfølginga av pasientane, fortklarar Englin – og utdjupar:

– Dagens journalsystem gir lite klinisk støtte til avgjersla vi leger tek. Her er det eit stort potensiale til å utvikle noko betre.

– Genial idé

Etter fleire rundar med rådgjeving frå Kunnskapsparken og kreative diskusjonar heime, har Eyrsys sin idé begynt å forme seg. Bedrifta vart først teken opp i pre-inkubasjon, der dei jobba med å spisse forretningsideen. Det vart gjennomført kartlegging av kundar og konkurrentar, og dei såg etter potensielle samarbeidspartnarar som kan hjelpe produktet ut i marknaden.

– Vi har stor tro på produktet Andreas har komme fram til. Det vil vere eit verktøy som kan effektivisere arbeidet til allmennleger. I tillegg vil løysinga auke kvaliteten på samhandlinga mellom pasient og behandlar, fortel Hilde Grinde, forretningsutviklar i Kunnskapsparken.

Grinde er ikkje i tvil om at Englin er godt rusta. Ho meiner han er ein person som ser etter dei beste løysingane og ønskjer å involvere fleire i utviklinga. Dette bidrege òg positivt inn i gründermiljøet til Kunnskapsparken.

800.000,- i starthjelp

Og det er fleire enn oss i Kunnskapsparken som har trua på Eyrsys. Næringsfondet til Sparebanken Vest har bidrege med 200.000 kronar, medan Innovasjon Noreg har gitt 630.000 kronar til kommersialisering og prototypeutvikling. I tillegg har bedrifta motteke 32.000 kronar til mentorstøtte.

– Det har vore helt utruleg å få denne starthjelpa. Nå kan eg hyre inn meir ekspertise, sjå etter fleire investorar og ikkje minst satse meir på ideen min. Utan midlar hadde eg vel gått å stanga hovudet i veggen og aldri komme vidare med ideane mine. Eg har vore frustrert til tider, fortel Englin.

– Det er så godt å endeleg kunne satse meir på prosjektet mitt, legg han til.

Vil du vite meir om Eyrsys? Andreas Englin sitter jamnleg i kontorlokalane til FUS på Fosshaugane Campus (når han ikkje er på legekontoret i Sogndal).



Andreas Englin viser i korte trekk kva program han har tenkt å utvikle.