Kunnskapsparken tildelt rekordstor pengegåve

– Skal bidra til vekst og arbeidsplassar i fylket.

Kjetil Kvåle-150px
Kjetil Kvåle

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane er tildelt tre millionar av Sparebankstiftinga og Sparebanken i Sogn og Fjordane. Pengane skal gå til «å legge grunnlag for utvikling av nye og fleire arbeidsplassar innan nye og eksisterande verksemder i fylket».

– Tidlegare har vi gitt Kunnskapsparken pengar til enkeltprosjekt som delfinansiering av ei stipendiatstilling ved Høgskulen, men no gir vi dei større handlingsrom utan konkrete føringar. Dei får ein rekordhøg sum, fortel Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga.

Stor pengesum

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane jobbar i dag med gründerar og bedrifter som treng hjelp til å lukkast. Dei ønsker å kjenne til flest mogleg prosjekt og initiativ i Sogn og Fjordane til kvar tid.

– Å få tildelt så ein så stor pengesum betyr at vi kan gjere så mykje meir av det vi allereie gjer, å hjelpe til med vekst og nyskaping i fylket, fortel dagleg leiar Kjetil Kvåle.

Og Sparebankstiftinga er ikkje i tvil om at Kunnskapsparken er det riktige apparatet til akkurat dette. Det er dei som kan ta eit slikt samfunnsansvar.

– Det har lenge vore ein dialog i næringslivet og fylket om kva vi må gjere for å få ei riktig utvikling. Og svaret er alltid det same: Vi treng ei samhandling, med eit eige apparat i føringa. Her meiner vi Kunnskapsparken er nøkkelen. Dei har nettverket og er ein sentral aktør innan virkemiddelapparatet, utdjupar Fidjestøl.

Skal skapa fleire arbeidsplassar

Kunnskapsparken er glad for å få så mykje tillit. Og dei er klar for å gjere ein god jobb.

– Vi ønsker å skape meir utvikling og innovasjon i fylket, fortel Kvåle.

Han definerer tre arbeidsfelt der dei skal skape utvikling og nye arbeidsplassar:

  1. Gründer: etablering av nye bedrifter og arbeidsplassar gjennom idéutvikling.
  2. Knoppskyting: avleggarar, nye prosjekt, forretningsområde og nye bedrifter ut av eksisterande bedrifter.
  3. Akkvisisjon: få fleire til å etablere seg i Sogn og Fjordane framfor, eller i tillegg til andre aktuelle lokaliteter.

Overskot frå banken

Banksjef for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund, er glad for at overskot frå banken kjem næringslivet til gode.

– Vi er samde om dei prioriterte arbeidsfelta og ser fram til tett samarbeid og dialog med Kunnskapsparken, bedrifter, organisasjonar og offentlege aktørar, slik at ein saman kan skape utvikling og fleire arbeidsplassar, seier Farsund.

Kjetil Kvåle seier han opplever mange bedrifter og leiarar i fylket vårt som har lyst å satse på nyskaping og innovasjon. Dei har gjerne planar om korleis, men dei har ikkje tid og ressursar.

– Nå kan vi komme inn og hjelpe til med å strukturere akkurat dette. Eg trur vi skal klare å skapa gode ting dei neste tre åra saman med private og offentlege verksemder, seier han og skyt inn:

– Sparebanken Sogn og Fjordane skal ha mykje ære for at dei har skaffa midlar vi kan få bruke målretta til utvikling i fylket vårt.

Fylket får fleire bein å stå på

Ein av fordelane med at nettopp Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har fått tilliten til å ta eit slikt samfunnsansvar er kjennskapen dei har i alle dei ulike sektorane. Dei kjenner næringslivet i heile fylket og veit allereie mykje om kva som trengs.

– Vi veit at vi må skape mange jobbar i fylket framover, men vi veit ikkje kva vi lever av om ti år. Da er det viktig at vi ikkje berre satsar på ein hest, men tør å satsa på fleire. Vi får fleire bein å stå på, og kan utvikla ein trygg grunnmur. Ingen kan sjå inn i krystallkula og seie kva framtida bringer, seier Fidjestøl.


Her frå ein workshop i Stryn 22. januar, med representantar frå industrien. Med ryggen til: Haakon Walnum. Mot venstre: Sverre Magne Haugen, Svein Skibenes, Knut-Henning Hjelbakk, Gunnar Carlson, Sindre Kvalheim, ståande: Harold Wieldraaijer, Ken Carlson, Arild Bødal og Kjetil Kvåle.


nLink (inkubatorbedrift) sin borrerobot i aksjon. FOTO: nLink