Kraftig forsking på Campus

Forskar Parmita Saha og kollegane hennar ved Vestlandsforsking og på Høgskulen i Sogn og Fjordane jaktar svar på kva utfordringar og barrierer nylisensierte kraftprodusentar møter i oppstartsfasen. Bak satsinga ligg eit ønskje om å utvikle gode strategiar for ei effektiv utbygging av meir fornybar…

I åra fram mot 2020 har Noreg forplikta seg til å produsere 20 % meir fornybar energi enn det tilfellet er i dag. Samstundes skal ein redusere utslepp og forbruk like mykje. Dette er resultatet av eit norsk-svensk avtalesamarbeid i høve grøne elsertifikat.

– Både nye og veletablerte kraftprodusentar har dermed fått klare incentiv om å levere meir fornybar energi ut til kraftkundane. Vi vil difor i tida framover sjå stadig fleire nye søknader som omhandlar godkjenning av anlegg for produksjon av fornybar energi, seier Parmita Saha.

Forskaren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane tek del i eit større forskingsprogram om fornybar energi, finansiert av sju energiselskap i Sogn og Fjordane, Sparebanken Sogn og Fjordane og Forskingsrådet, i tillegg til INU-fondet i Sogn og Fjordane. (kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift).

  • «Suksesshistorie i fornybarland» (HSF)

Medan hovudprogrammet, som vert styrt i eit samarbeid mellom Høgskulen og Vestlandsforsking, har ei samfunns- og miljøfagleg tilnærming, har det INU-finansierte delprosjektet Parmita Saha jobbar med eit litt anna fokus:

Ein ønskjer å vri delar av forskinga inn mot fagområde ein vanlegvis assosierer med næringsliv; både lokalt, regionalt og nasjonalt. Fagområde som økonomi, innovasjon, strategi og marknadsføring er sentrale element i dette.

– Vi konsentrerer oss om dei som har fått lisens frå NVE til utbygging av kraftverk, men som gjerne ikkje er komen i gang med produksjonen.Dette gjeld både lokale småkraftprosjekt og større anlegg i dei etablerte kraftselskapa sin regi, seier ho.

HSF-forskaren , som har si doktorgrad innan industriell økonomi frå Universitetet i Luleå, og kollegaene hennar ved HSF og VF skal ved hjelp av fleire ulike spørjeundersøkingar forsøke å finne ut kva konkrete utfordringar utbyggarane støter på. Kva er det som avgrensar eller fremjar produsenten si utvikling mot målet om å verte ein etablert og effektiv tilbydar av fornybar energi?

– Produsentane må forhalde seg til mange ulike aktørar og interesse-grupper. Samstundes skal dei også innfri krav og forventingar frå storsamfunnet. Ikkje minst møter produsentane utfordringar i høve finansiering og praktisk drift, seier Saha.

Forskinga til Saha og dei andre i prosjektet er basert på kvantitative metodar. Dette betyr at dei i åra framover skal samle inn og analysere eit omfattande materiale før dei kan presentere funna.

Arbeidet med INU-prosjektet vart påbyrja i 2010. Fram mot 2014 skal det gjennomførast fleire delundersøkingar, mellom anna for å sjå korleis ulike utfordringar påverkar små versus store kraftprodusentar.

– Ein utbyggar som skal produsere under 1MWh årleg på eit lite anlegg vil truleg møte andre utfordringar enn dei som skal produsere over 10MWh eller meir. Men på nokre felt vil ein kanskje møte dei same utfordringane. Det er dette vi no skal undersøke, avsluttar HSF-forskaren.

Kontaktpersonar:

Kunnskapsparken : Jøril Hovland, Prosjektleiar. joeril@kpsf.no / 48 21 97 80

HSF: Parmita, Saha, Forskar. Parmita.saha@hisf.no / 57 67 00 00

I prosjektet jobbar også Erling Holden, P.h.D professor (leiar hovudprogrammet) og ph.d-stipendiatane Ole Inge Gjerald, Hans Jakob Walnum, Bente Johnsen Rygg, Geoffrey Gilpin og Tyson Weaver, samt dekan Helge Hustveit.
Kristin Linnerud, seniorforskar i CICERO, er leiar av delprosjektet retta mot kraftsektoren.

INU-midlane skal bidra til utvikling av lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gir betre vilkår for innovasjonsbasert verdiskaping. Målet er å stimulere til utvikling, nyskaping og auka kompetanse/næringsverksemd.