Koronaviruset – informasjon til næringslivet

Koronakrisa har ramma næringslivet hardt. Å sikre folkehelsa og det økonomiske livsgrunnlaget for bedrifter og personar vil vere avgjerande framover. Vi treng eit levande næringsliv i regionen vår også etter krisa. Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane jobbar tett med Sognefjorden Næringshage, Næringshagane i Nordfjord og innovasjonsmiljøa på Vestlandet for å vere tilstades for næringslivet og tiltaksapparatet. Vi er i dialog med Fylkeskommunen, Siva, og Innovasjon Norge om korleis vi best kan handtere situasjonen frå eit næringsperspektiv.

Saman med gode samarbeidspartar har vi tilgang til gode fagteam for å handtere spørsmål frå næringslivet. Det er viktig at bedriftene spelar inn behov, ynskjer og tiltak ein ser som naudsynte. Vi har allereie spelt inn tiltak til Siva og Fylkeskommune, som no er til behandling i Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dersom du har innspel, treng hjelp eller berre vil prate i ein vanskeleg situasjon, ta kontakt med oss på post@kpsf.no. Kontaktinformasjon til våre tilsette finn du her.

COVID-19: Råd og informasjon

Situasjonen endrar seg frå dag til dag, og mange er usikre og har mange spørsmål. Vi har samla saman nyttig informasjon for å handtere dei utfordringane som næringslivet no står ovanfor.

Ta kontakt med oss dersom du har innspel, treng hjelp eller berre vil prate i ein vanskeleg situasjon.

Regjeringa

Regjeringa set i verk ein del strakstiltak for å dempe dei økonomiske verknadene av koronaviruset. Oppdatert informasjon frå regjeringa finn du her.

Tidslinje; myndigheitenes handtering av koronaviruset.

Nav

Informasjonen på nav.no blir oppdatert so snart regelendringane er nærare avklart. Her finn du som er arbeidstakar, arbeidsgivar eller sjølvstendig næringsdrivande spørsmål og svar om koronaviruset og kva som gjeld i din situasjon. Les meir på Nav sine sider her.

Bank

Bankane vil hjelpe bedriftene i regionen med råd og løysningar, og her kan du få informasjon og hjelp frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest.

Virke

Virke har samla spørsmål og svar på typiske problemstillingar kring permitteringar, arbeidstid, stengt barnehage/skule osv. Spørsmål og svar om kontraktar og force majeure finn du her.

NHO

Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) har samla spørsmål og svar for arbeidsgivarar om permitteringar, sjukepengar, reise, karantene, arbeidstid og anna i samanheng med koronaviruset.

Les meir på NHO sine sider her.

Innovasjon Norge

Innovasjon Norge sine ordningar er ein del av Regjeringa sine tiltak for å dempe dei økonomiske virkningane, og oppdatert informasjon om Innovasjon Norge sine tiltak finn du her.

Forskingsrådet

Forskningsrådet tar grep for å hjelpe næringslivet under koronakrisen, les meir om tiltaka til Forskingsrådet her.

Helsedirektoratet

Råd og informasjon frå Helsedirektoratet finn du her.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har samla råd og informasjon om tiltak i arbeidslivet mot smitte her.

Deloitte

Deloitte Advokatfirma har oppretta ein eigen helpdesk for å hjelpe bedrifter med rettslege problemstillingar relatert til koronautbruddet og dei tiltak som er innført i Norge. Her finn du ressurssida til Deloitte.

PWC

PWC har oppretta ei temaside for å forstå og handtere konsekvensane av Covid-19. Her kan du lære korleis di verksemd kan planlegge og førebu seg best mogleg.

ECIT

ECIT har samla informasjon om korleis du som arbeidsgivar bør forholde deg til koronaviruset. Les meir på ECIT sine sider her.

SANDS

SANDS er eit av Norges leiande advokatfirmaer. På grunn av den ekstraordinære situasjonen vi er i med koronaviruset, har SANDS oppretta ein eigen CORONABEREDSKAP som er bemannet 24/7.

Kluge

Kluge er eit fullservice forretningsadvokatfirma. Kluge har samla aktuelle problemstillingar for arbeidsgivarar her. Her kan du også oppdatere deg på force majeure og forsikring.

Tips

Det finnes fleire verktøy for å møtes og halde kontakten gjennom heimekontor-tida. Vi brukar Teams, Whereby,  Zoom, eller Hangouts. Kontakt oss dersom du ynskjer hjelp med å komme i gang.