Konferansen Lyden av menneske

Den 11. og 12. februar 2015 blir konferansen “Lyden av mennesket” arrangert på Haugland.

Helsefremming og innovasjon er temaet på konferansen kor målet er å styrke vestregionen i arbeidet med å fremme forsking, utvikling og tenestedesign innan helserelaterte emne. Ein ynskjer å danne nettverk for saman å skape nye løsingar på dei utfordringane vi står ovanfor i dag og i framtida. Her fokuserer ein mellom anna på minoritetshelse, livsstil og levevanar, arbeidsplassen som helefremmande arena og kunnskapsbaserte tenester.
Arrangør er Haugland Internasjonale Forskings- og Utviklingssenter AS (HIFUS) i samarbeid med ulike aktørar, inkl. Haugland Rehabiliteringssenter.

Les meir om konferansen «Lyden av mennesket» her.
For spørsmål kontakt Borghild Midttun, HIFUS, e-post: borghild.midttun@rkhr.no, tlf 94189122 eller Anette Bøe Wolff, HIFUS, e-post: Anette.wolff@staff.rcnuwc.no, tlf 91623378.

Overnatting: Det er avgrensa overnattingskapasitet og prisen varierar. Kontakt difor tilbydar direkte. Merk bestilling med «Lyden av Menneske».
Dale Motell (984 09 052, post@allmuen.no), Askvoll Fjordhotell (57 73 35 35, post@askvollfjordhotell.no), Yndestad Gard (992 99897, ninayndestad@hotmail.com). Sjå her for andre tilbydarar.

Opps, fant ikke skjemaet.