Kapitaldag 17. september

INFORMASJON

17.09.19
Førde

Scandic Sunnfjord hotell
Påmeldingsfrist: 01.09.19 (23:59)
Kontakt: Leif Inge Husabø (Innovasjon Norge Vestland)
Ingen deltakaravgift!

Har bedrifta di behov for kapital og er interessant for ein investor? Utvalde bedrifter får pitche på Kapitaldagen i Sogn og Fjordane.

Meld inn om du kan tenke deg å presentere bedrifta di for investorar som kjem til Førde den 17. september!

Bedrifter treng kapital for å vekse. Tilgang på risikokapital er viktig for å utvikle gode prosjekt i vårt fylke.

Vi inviterer difor til ein innhaldsrik kapitaldag, der du får møte spennande investormiljø på Vestlandet, etablert næringsliv og oppstartselskap som søkjer kunnskap om eller finansiering av sine idear og prosjekt.

Utvalde bedrifter skal pitche for investorane i løpet av dagen.

Det vil i etterkant av arrangementet bli høve til individuelle møter med investorane. Dette avtalar ein undervegs i arrangementet.

Arrangementet er ein del av Innovasjonsveka OPP!

Arrangørar er:

Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane Næringsråd, NHO Vestland, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Aksello.

PROGRAM

Registrering med mat frå kl. 09:30

Velkommen ved Innovasjon Norge – kl. 10:00

Kapitalinnhenting – to historiar

  • Magnar Høyvik, gründer og dagleg leiar i Avans
  • Kristoffer Hundershagen, gründer og dagleg leiar i Eduplaytion

Presentasjon frå investormiljø – kva ser vi etter?

  • FjordInvest, partner Roger Flølo
  • Business Angel Network Bergen, styreleiar og investor Dag Skansen
  • Victrix, styremedlem Christian Erichsen

Pitcherunde med investorklare selskap

Minglelunsj kl. 12:15

Samtale med Sindre Kvalheim, gründer i Lefdal Mine Datacenter og styreleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane

Kva kan vi tilby oppstartsselskap? – Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, DNB

Business Angel Network – tidlegfase investornettverk i Sogn og Fjordane, Ståle Stormark frå Connect Vest

Pitcherunde med nye oppstartsselskap

Ferdig program kl: 14:30 – avrunding og introduksjon av speed dates

Start speed dates

Slutt kl. 16:00