Reisa i fornybarland – Forskarar møter bedrifter og byråkrater på heimebane

KPSF_reisefølgje_Mehuken2

 

Fornybarsatsinga i landet krev meir kunnskap om kva som skal til for å få nye prosjekt i gang. Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane tok med seg 40 forskarar og studentar, køyrte om lag 700 km i buss og vitja 18 verksemder som kunne gi oss ulike perspektiv innan fornybar energi!

Bakgrunn

Som ledd i den norsk-svenske Elsertifikatordninga («Grøne sertifikat) har Norge ambisjonar om å auke produksjonen av fornybar energi med rundt 13 TWh fram mot 2020. Det er all grunn til å tru at mykje av dette kjem i Sogn og Fjordane. Dette er ei ambisiøs satsing!

Satsinga krev meir kunnskap om kva som skal til for å få nye prosjekt i gang. Kunnskapsparken hadde lagt til rette for at forskarar frå heile landet fekk møte næringsliv og byråkratar i «fornybarlandet Sogn og Fjordane» på deira heimebane.

1. Sogndal: Campus-seminar

Sogndal og Fosshaugane Campus var eit naturlig utgangspunkt for reisa i fornybarland. Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking er begge partar i CenSES; eit forskingssenter som legg vekt på studiar og beslutningstøtte som fremjar eit nytt bærekraftig energisystem.

På Fosshaugane Campus fekk forskarane også innblikk i korleis Sognefjorden blir nytta til oppvarming og nedkjøling av bygningane.

Produksjonssjef Jacob Hornes kunne syne fram fjordenergianlegget som Sognekraft har bygd, der sjøvatn blir pumpa gjennom varmevekslarar og varmepumper, og so distribuert som varme til bygningane.

2. Kaupanger: Småkraftverk

I Kaupanger gav Christen Knagenhjelm ei omvising på småkraftverket som Kaupanger Energi står bak. Småkraftverket produserer 11-12 GWh i året, og det er meir enn tettstaden Kaupanger brukar.

Småkraftverket er det tredje kraftverket i familien Knagenhjelm. Oldefaren bygde det fyrste kraftverket allereie i 1915.

3. Jostedalen: Kraftverk

Norman Kjærik i Statkraft tok fornybar-forskarane med seg vel 1 200 meter inn i fjellet ved Myklemyr, og viste fram kraftsasjonshallen til Jostdal Kraftverk. Frå Styggevatn kjem det 29 kubikkmeter iskaldt fjellvatn gjennom røyra kvart sekund.

Jostedalen Kraftverk blei offisielt opna i juni 1990, og produserer vel 900 GWh i året.

Dette tilsvarar årsforbruket til ca 45 000 husstandar. For mange av stipendiatane var dette fyrste gong ein hadde komme so tett på eit moderne kraftverk.

4. Fardal: Sentralnett 420kv

Fornybar energi handlar ikkje berre om produksjon, men (like mykje) også om distribusjon. Ved gamle Fardal Trafostasjon fekk reisefølgjet ein kort men innhaldsrik gjennomgang av den nye 420 kV-linja frå Ørskog til Fardal.

Per Roger Nilsen og Asle Lerum frå Statnett forklarte om detaljar kring linjearbeidet, og utfordringar som ein har møtt kring val av trasé.

5. Hermansverk: Fornybarsatsing hjå fylkeskommune

Energisatsing er viktig for Fylkeskommunen – både som eigar og forvaltar. Ole Inge Gjerald og tidlegare fylkesrådmann Jan Øhlckers har mykje kunnskap om Sogn og Fjordane si energihistorie og status innanfor ulike fornybarsatsingar i fylket i dag.

Det var difor svært lærerikt å få høyre dei skildre dette i eit foredrag på Statens Hus på Hermansverk.

Sogn og Fjordane har gode tilhøve for vasskraftutbygging, og nyare forsking hjå HiSF syner at investorar har stor tru på vasskraftutbygging. Som elles under turen nytta stipendiatar og studentar høve til å stille gode spørsmål, slik at ein fekk ein dialog med «vertskapet».

6. Kyrkjebø: Brenselceller og omstilling i kraftkommune

Høyanger Kommune har vore i kontinuerleg omstilling sidan 1969. Karl Magnus Gudvangen i Høyanger Næringsutvikling presenterte historiske føresetnader og «framtidskommunen Høyanger».

På Kyrkjebø i Høyanger Kommune held Nordic Power Systems til. Bedrifta nyttar brenselcelleteknologi for å redusere utslepp frå blant anna skipsmotorar. Selskapet er enno i startfasen, men har tru på å skape eit nytt industrieventyr i Høyanger Kommune.

7. Førde: Finansiering

Sparebanken Sogn og Fjordane er finansierar mange småkraftverk i fylket. Dette er eit av satsingsområda til banken, og dei har tilsett eigen bransjeansvarleg innan kraft. I fylket er det stort potensiale for utbygging av småkraftverk.

Småkraftverk er kostnadseffektive og har moderate innverknader i naturen. Men manglande distribusjon (sentralnett) bremsar for nye prosjekt.

8. Sandane: Kraftproduksjon og vindkraft

Sjølv om vi kjem til Sandane etter arbeidstid, blir vi møtt av store deler av konsernleiinga til Sogn og Fjordane Energi. Eit tydeleg signal på at dei set pris på å møte forskingsmiljøa. SFE er ein stor aktør i den norske kraftindustrinen, med omfattande produksjon av fornybar energi og eit stort linjenett.

I same lokale held Vestavind Kraft til. Direktør Stig Svalheim gav oss eit godt innblikk i konsesjonsprosessar, utfordringar og potensiale i vindkraftindustrien.

9. Nordfjordeid: Fjordvarme

På Nordfjordeid nyttar ein sjøvatn til oppvarming og nedkjøling av Operahuset, den vidaregåande skulen og ei rekkje andre kommunale og private bygg. Dette har ei rekkje økonomiske og miljømessige fordelar, og det utbygde anlegget har bidratt til at Eid Kommune er på topp 10 i landet med lav energikostnad pr innbyggar. Eid Kommune og Fjordvarme er soleis eit eksempel for andre!

10. Måløy: Produksjon og plastekspertise

Vindmøller til vindkraft blir i stor grad produsert i Danmark og Tyskland. Men i Måløy finn ein EasyForm og Stadt Towing Tank, eit lite industrimiljø som har spesialisert seg på plastproduksjon til vindmøller- og vindmølleindustrien. Bedriftene designar, produserer og testar produkt i plast og kompositt med ekstremt nøyaktige overflater.

Dette trengs blant anna til plasthettene rundt vindturbinane.

11. Mehuken: Vindkraft

Då Mehuken vindpark blei opna i 2001, var den med sine fem vindturbinar Noregs største. No er parken utvida til tretten turbinar og ein årsproduksjon på 65 GWh.

Vindparken er eigd av Kvalheim Kraft men det er Zephyr som har ansvar for dagleg leiing og driftsleiing for Mehuken. Vindturbinane er mektige monument i landskapet, men utbygginga har hatt god lokal aksept, får vi vite. Parken har konsesjon til å drive fram til 2038. Då kan parken demonterast og området tilbakeførast til å framstå som relativt uberørt.

12. Måløy: Offshore vindmøllepark (illustrasjon)

I skipssimulatoren på Måløy vidaregåande skule blir me tekne med ut i ein virtuell offshore vindmøllepark. Imponerande teknologi på alle måtar, og dette blir siste stogg på «Reisa i fornybarland»!

Ikkje berre har ein fått vist fram Sogn og Fjordane i nydeleg maiprakt, men ein har fått synt fram eit mangfald, ekspertisen og potensiale i fornybarlandet Sogn og Fjordane!

 

Reisa i fornybarland – Forskarar møter bedrifter og byråkrater på heimebane

Kart over stoggestader

 

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane (KPSF) bidrar til å formidle kunnskap på tvers av FoU-miljø og næringsliv Prosjektet «Fornybar energi, innovasjon og regional utvikling» er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking og Kunnskapsparken.

Prosjektet er mellom anna finansiert med hjelp av INU-midlar, som skal bidra til utvikling av lokale og regionale næringsmiljø og innovasjonssystem som gir betre vilkår for innovasjonsbasert verdiskaping. Målet er å stimulere til utvikling, nyskaping og auka kompetanse/næringsverksemd. Les meir om dette på NHO sine nettsider.

Kontaktperson hjå Kunnskapsparken: Roger Ulvestad, Prosjektleiar. roger@kpsf.no / 93 81 73 36