Hugs å søkje SPV-fondet innan 10. mars

Få hjelp til din gode idé, med pengestøtte på inntil 300.000 kronar.

Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane er ein fødselshjelpar for gode idear. Dei tilbyr pengestøtte på inntil 300.000 kronar per prosjekt og skal gi fødselshjelp til idear i ein tidleg fase, gjerne før dei får hjelp av verkemiddelapparatet. Dette gjeld gründerarar i startgropa og bedrifter som ønskjer å utvikle seg.

Typiske aktivitetar ein kan få stønad til:

  • utgifter til marknadsundersøkingar
  • produktutvikling
  • utarbeiding av forretningsplan
  • utgifter til etableringsrettleiing
  • utvikling av prototypar

Ikkje berre pengar:

Gjennom eit aktivt styre tilfører næringsstiftinga noko som ikkje kan målast i kroner:

  • Råd
  • Nettverk
  • Sjølvtillit
  • Oppfølging

Krav til søknadar:

Fondet støtter opp om nyskapande og framtidsretta idear med vekstpotensiale, eller interessante miljø i vekst. Nokre idear kjem ikkje under fondet sine rammar, sjå her for meir informasjon.

I søknaden må du presentere ein forretningsidé, kva det blir søkt stønad til, kostnader, finansiering og om personen/bedrifta bak. Det er ikkje eige søknadsskjema, det er lågterskel i høve formalitetar.

Søknadsfrist: 10. mars 2019. Send søknad til joeril@kpsf.no. Spørsmål rettast til Jøril Hovland 48219780.