Helse Førde får 810.000 i innovasjonsmidlar

Foto: Helse Førde

Saman med Kunnskapsparken, har Helse Førde jobba fram tre nye idear som har motteke pengestønad frå Helse Vest.

Kvart år kan ein søke innovasjonsmidlar frå Helse Vest. Dette er midlar ein kan få tildelt allereie på eit idéstadium, for å gi drahjelp til å realisere gode idear.

– Ofte blir gode idear verande innanfor sjukehuset sine fire veggar. Vi skal hjelpe personar med gode idear å få dei ut i live, fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane (KPSF).

Sidan 2016 har Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane samarbeida tett med Helse Førde, for å kommersialisere dei gode ideane i helsesektoren. Forretningsutviklarar i KPSF ser no fram til å jobbe meir målrette med dei tre ideane som no har fått stønad.

– Dette arbeidet gler vi oss stort til, seier Hovland.

Også viseadministrerande direktør i Helse Førde er glad for stønaden:

– Det er flott at Helse Vest set av årlege midlar til innovasjonsprosjekt. Dette gir drahjelp til nyskaping og forbetringsidear som elles ikkje «høyrer til nokon stad» i drifta vår, men som har potensiale til å forbetre Helse Førde, fortel Anne Kristin Kleiven.

Kleiven trur dette er bra for innovasjonsarbeidet ved Førde sjukehuset, og meiner det viser at sjukehuset er iferd med å utvikle ein kultur for innovasjon og nyskaping.


Om ideane

  1. Ein applikasjon for alvorleg lungesjuke.
  2. Meir skånsom flytting av nyfødde barn til MR-benk.
  3. Samarbeid mellom NTNU-studentar og akuttmedisinsk avdeling.

Totalt får Helse Førde 810.000 kroner frå Helse Vest til innovasjonsprosjekt.