Heidi Aabrekk (Intempo) er årets gründer 2014

Heidi Aabrekk, gründer og dagleg leiar i Intempo AS, blei kåra til Årets Gründer 2014!

Utdelinga er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Framtidsfylket og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og prisen blei delt ut på Temposeminaret i Florø fredag 31. oktober! Prisvinnaren får 100.000 kr til utvikling av forretningsideen sin!

Intempo arbeidar for borns heilheitelege læringsmiljø heime og i barnehagen. Intempo har utvikla læringskonseptet Bravo-leiken, der kunnskap frå hjerneforskinga vert  kombinert med tradisjonell pedagogikk. Tidleg innsats fremjar varig utvikling og kan førebygge lærevanskar.

21. oktober i år vart ho også kåra til Årets günderkvinne på Vestlandet.

Les meir her.