Med falkeblikk og stødige hender

30. mars vart Falkeblikk teken opp i Fjord Inkubator. Bedrifta løyser både enkle og komplekse film- og fotooppdrag frå lufta med avansert utstyr.

Selskapet vart etablert i september 2010 av personar i gründermiljøet på Fosshaugane Campus. Tore F. Lie er dagleg leiar, og pr. i dag den einaste fast tilsette i selskapet.

Falkeblikk skal levere fotografiske tenester til både privatpersonar og bedrifter, men har så langt vinkla satsinga mest inn mot naturbaserte aktivitetar som td. ski og anna friluftsliv – ei interesse som vel kan seiast å vere hovudinteressa til mange på Campus.

– Vi har allereie gjort ein del jobbar for m.a. NRK og skifilmselskapet Field Production. Dette er miljø vi trur kan ha ekstra nytte av vår kompetanse utstyr. Andre døme på oppdrag kan vere å bistå til dømes skredforskarar under befaring i rasfarleg terreng, seier Lie.

For å utføre avansert fotografering og filming frå lufta har Falkeblikk kjøpt inn fleire avanserte fjernstyrte helikopter. Under desse er det montert riggar for kamerautstyret. På denne måten kan ein gjere opptak i ein radius av 150 meter frå der piloten står.

Falkeblikk leverer også panoramafoto med høg oppløysing, som td. panoramabiletet av Sogndal på nettstaden falkeblikk.no

Arbeidet er krevjande, og det det trengs to personar for å utføre oppdraga. Ein pilot for å styre helikopteret, medan ein co-pilot tek seg av filminga via ein avanserte fjernkontroll med trådlaus overføring av videosignala frå kameraet.

– Falkeblikk skal vekse seg større og etter kvart tilsetje fleire personar. Men førebels nyt eg godt av at teknologiinteresserte inkubatorkollegaer stiller opp og hjelper til når det trengs.

Sjå videoen om Tore og dei andre gründerane på Fosshaugane Campus: