Gründerrådgjevaren valde sjølv å bli gründer

Med ein genial idé sit Allan (37) plutseleg på andre sida av bordet. Les om inkubatorbedrifta Kortmat.

Allan Madsen har jobba som næringsrådgjevar og forretningsutviklar i Fram Flora i fleire år. Han har hjelpt gründerar med å komme i gang, finne finansiering og skaffe seg eit nettverk. Nå har han teke ut permisjon for å prøve ut sin eigen idé.

– Eg pleier å seie til gründerane eg møter at dei må tore å hoppe i det. Så då måtte jo eg gjere det same, fortel 37-åringen.

Satsar på lokalmat

Ideen er å samle alle som produserer og sel lokalmat i ein app, som òg fungerer som ei nettside. Her kan du få tilgang til og informasjon om alle dei ulike produkta.

– Det er auka interesse for lokalmat i Noreg, men kor skal folk finne dei ulike tilbydarane? For små produsentar er det svindyrt å marknadsføre seg. Kva kostar det ikkje å opne ein eigen nettbutikk?, poengterer Madsen.

Gründeren frå Florø ønsker derfor å levere ei plattform der forbrukarane lettare finn all den gode maten som vert tilbydd og der produsentane kan marknadsføre seg utan å bli robba.

Over 1000 tilbydarar i Noreg

– Det starta med ein idé eg plutseleg fekk før jula i 2014. Eg satt opp ei nettside med 5-6 leverandørar av lokalmat der ein kunne bestille produkt som julegåver. Eg gjorde det rimeleg kjapt, eg ville berre teste om det slo an. Og det funka som berre det. Eg fekk utruleg mange treff på sida.

Allan bad om permisjon frå jobben og starta utviklinga av sin eigen gründeridé. Kortmat gir moglegheit for sal og informasjon om produkta, og kontaktinfo til produsentane. I tillegg skal dei få på plass ei geo-lokalisering som gir deg tilbydarane nærast deg.

– Vi er eit bindeledd mellom produsentar, og deg og ditt middagsbord, forklarar Allan.

Gründeren har vore i kontakt med overraskande mange tilbydarar. Han har gjort ein grundig marknadsanalyse og kartlagd kva som finst, kor dei finnast og kva utfordingar som er størst. Allan fortel at det er over 1500 tilbydarar av lokalmat i Noreg.

– Eg har blitt kontakta av mange tilbydarar som ser nytten av dette. Eg trur marknaden er moden for eit slik produkt.

eg-kvadratsauer-kvadrat

Færøy Gard tilbyr økologiske, brune egg og villsau fra Færøy. FOTO: Privat/David Bowen

God støtte frå fylket

Med god kunnskap om korleis ordningane for gründerar fungerer, har Allan kommen godt i gang. Han har fått økonomisk støtte frå både Sparebanken Vest og Innovasjon Norge til å utvikle ein prototype, og jobbar tett med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

– Eg kjende til Kunnskapsparken frå jobben min i Fram Flora, og visste at dei var ein god ressurs. Eg har fått vanvitig god hjelp. Dei har hjulpet meg å halde momentet oppe, få ting til å skje og utfordra meg på å sette delmål undervegs – og jobbe hardt for å nå dei.

Og Kunnskapsparken er utan tvil nøgd med inkubatorbedrifta:

– Allan har eit brennande engasjement for lokalmat og ser nye moglegheiter. Utvikling av forretningsideen skjer tett saman med kundar og brukarar, noko som er kritisk for å forme eit riktig produkt. Han grip moglegheitene og evnar å omsette dei til handlingar. Dette gjer at vi i Kunnskapsparken har stor tru på Allan, og vi heiar han fram, seier Roger Ulvestad, forretningsutviklar i Kunnskapsparken.

Aha-opplevingar

Med god erfaring som forretningsutviklar sjølv, har Allan fleire fordelar som gründer.

– Eg er privilegert på mange måtar. Eg kjenner til apparata og vet kven som er smart å snakke med. Ikkje minst veit eg kva rekkefølge ting bør skje, fortel Allan og fortset:

– Men eg har fått meg nokon aha-opplevingar. Nå får eg kjenne på utfordringar og lærer å kjenne systemet frå andre sida av bordet. Eg gjer meg mange gode erfaringar, fortel Allan.

Nå er målet å få lansert den nye appen i løpet av mars, få inn fleire tilbydarar og kanskje tilsette nokon.

– Eg leiger inn kompetanse nå, men håper på sikt å kunne skapa fleire arbeidsplassar. Eg ønsker at dette ikkje skal koste noko for tilbydarane av lokalmat, men eg har fleire idear om korleis dette kan bli ein levedyktig forretningsmodell, avslutt han.

Følg med på kortmat.no (blir lansert i mars).

 

 


Om Kunnskapsparken inkubator

• Eit tilbod til alle gründerar i Sogn og Fjordane
• Tilbyr eigen rådgjevar og gode støttespelarar
• Gir tilgang til nettverk, kurs og samlingar
• Gi hjelp til å skaffe investorar og kapital
• Tilbyr kontorplass og fasilitetar
• Kan hjelpe deg med raskare å gå frå idé til lønnsam bedrift

Ønsker du å vite meir om vårt inkubatorprogram?