Gründerane trur timingen har gjort Intin til ein suksess

Intin-viser-frem-produkter

Inkubatorbedrifta Intin brukar smartteknologi til å forenkle kvardagen i «dei tusen heim». Lyd, lys og varme skal leve som deg.

– Ein kan ikkje komme med teknologiprodukt for tidlig. Då vil ingen ha det. Samtidig kan ein ikkje komme for seint. Då er det nokon andre som tilbyr det allereie, fortel Rune Viken.

Saman med Geir Henning Nore starta han bedrifta Intin AS hausten 2014. Innan eit halvt år var begge tilsette på fulltid, og i løpet av 2015 omsette dei for godt over 1 million.

– Vi gjorde marknadsanalysar før vi starta, og såg at marknaden var modent. Eg trur vi er passeleg tidleg ute med smarthusteknologien.

Tingenes internett

Viken og Nore har begge teknologibakgrunn. Dei såg at det var store muligheiter innanfor «tingenes internett» eller «Internet of Things», altså einingar som blir kopla på nett. Produkt som gjer kvardagen vår enklare og tryggare.

– Det er rart at vi ikkje er komen lenger. Bilene våre har det, og mange hytter har fjernstyring av lys og varme. Men i bustanden, der vi tilbringar mesteparten av tida vår, der har me ikkje mykje automatikk, seier Viken.

Gründerbedrifta vil forenkle kvardagen med system som får bustaden din til å leve som deg. Lyser slår seg på når du kjem heim, kaffitraktaren startar når du trykker på ein brytar i gangen, samtidig som musikken i stua sett i gong. Når du drar, trykker du brytaren og alt slår seg av.

Det handlar like mykje om sikkerheit og energiforbruk som brukarvennlegheit og fancy duppedittar. Er det noko som ikkje er som det skal, får du ein alarm på mobilen. Får du ein telefon om at nokon i familien har låst seg ute, kan du låse opp via mobilen.

Intin-viser-frem-produktene2

Geir Henning Nore (t.v.) med ein av sine smarthuskundar, Daniel Levy. Foto: Børje Fonn Skaar
Intin-viser-frem-smartklokkeSmarthus kan også gje kommando og få tilbakemelding via ei smartklokke, som denne frå Huawei. Foto: Børje Fonn Skaar

«Gammal-gründerar»

Dei to gründerane er begge i 40-åra, godt etablert med kone og barn. Men det hindra dei ikkje i å bli gründerar på heiltid.

– Vi er vel litt gammal-gründerar samanlikna med mange andre, med familiar å ta omsyn til. Men eg trur ikkje det er noko større utfording å bli gründer av den grunn. Ein må tørre å satse. Klart vi måtte ta ein runde på heimebane og sjå på timebruk og prioriteringar. Men vi er heldig som har tolmodige familiar, som også tør å sette ned foten når det er nok.

Drivkrafta er lysten på å skapa noko og utfordre seg sjølv. Viken er oppteken av lokalmiljøet, og ønsker å være ein tilbydar av framtidige arbeidsplassar. Han er bevisst på å bruke hjelp frå lokale bedrifter og studentar – og har knytt til seg lærlingen Kristian på fulltid.

Håpet er å nå 5 millionar i omsetning i 2016, og bli fleire tilsette på lengre sikt. I tillegg ønsker Intin å vere med i ei teknologiklynge, der ein kan dele kunnskap og erfaringar.

– Samarbeid er viktigare enn å vere redd for konkurrentar. På ein plass som Førde må vi støtte kvarandre og skape ting saman.

Det beste rådet frå Kunnskapsparken

Dei kloke orda kjem etter mykje god hjelp til eigen oppstart. Viken meiner det ikkje alltid er lett å vita kva rekkefølge ein bør gjøre ting i, eller kor ein skal starte.

– Det Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har pusha oss mest på er å komme oss ut i marknaden og vise produkta, ikkje sitte for oss sjølv og tenke på teknologien. Vi måtte ut å selje, møte kundar og få tilbakemeldingar. Og det har vore utruleg lærerikt. Det er kjekt å møte kundar, dei stiller dei rette spørsmåla. Dette er nok det beste rådet vi har fått, fortel Viken.

Gründerane presenterte ideen sin for Kunnskapsparken tidleg hausten 2014, og dei såg straks potensiale i ideen. Viken fortel at dei tidleg fekk god hjelp til å kartlegge korleis dei kunne lage eit levebrød ut av det.

– Vi i KPSF vart presentert for ideen då «Internet of Things» var i ferd med å bli allment omtalt. Gründerane hadde allereie kjent til og utforska dette lenge. Tidspunktet var godt og grunnarbeidet var lagt. At dei kunne utvikle nye bruksområde og tilleggsteknologi oppå kjent teknologi, var tunga på vektskåla. Dette gjer at Intin skil seg ut. Vi ser alltid etter riktige menneske i tillegg til gode idear, og her så vi flinke gründerar med lang erfaring som hadde sterk lyst til å vere i framkant av utviklinga, seier Geir Opseth i Kunnskapsparken.

Intin har fått hjelp til søknader og framdrift, med økonomisk støtte frå Innovasjon Noreg og Sunnfjord næringsutvikling. I tillegg har dei investert eigne midlar, og nytta hjelp frå bedrifter rundt seg. Det er fleire utfordringar ein skal behandle, og då er Viken klar på at Kunnskapsparken er god å ha som ein god sparringspartnar.

– Skal eg gje eit tips til nye gründerar, så må det vere at samarbeid er viktig. Vel ut gode ressursar, sparr med folk rundt deg og ikkje ver så redd for konkurrentar, seier Viken.

 

Dette er eit INTIN smarthus: 

 


Om Kunnskapsparken inkubator

• Eit tilbod til alle gründerar i Sogn og Fjordane
• Tilbyr eigen rådgjevar og gode støttespelarar
• Gir tilgang til nettverk, kurs og samlingar
• Gi hjelp til å skaffe investorar og kapital
• Tilbyr kontorplass og fasilitetar
• Kan hjelpe deg med raskare å gå frå idé til lønnsam bedrift

Ønsker du å vite meir om vårt inkubatorprogram?