Grøn vekst i Sogn og Fjordane


Grønt skifte og omstilling er omgrep som er på plakaten i media, politikken og kvardagen til oss alle.

Men kva er eigentleg Grønt skifte? Kva innhald har det og korleis skal vi få det til? Her er det mange svar og tilnærmingar. Men det viktigaste svaret er at verden må gjennom ei grunnleggjande omstilling, der naturen si tolegrense er fasiten.

Dagens utslepp av klimagassar og uttak av mineralar frå jorda er over denne tolegrensa. For 2015 passerte vi den grensa den19. august i år, All produksjon og aktivitet resten av dette året forbrukar ressursar som er framtidige generasjonar sitt livsgrunnlag.

Ei grunnleggjande omstilling er difor naudsynt, med handling på alle nivå. Men det betyr ikkje at vi ikkje kan utvikle oss. Endringar inneheld alltid mulegheiter, og i denne samanhengen ser vi store mulegheiter for ny aktivitet og arbeidsplassar. Løysinga ligg i at vi må gå frå linjær til sirkulær produksjon Materialflyten må gå frå vogge til vogge, og fossile energikjelder må bli erstatta med fornybare. Vi må tenkje at ting går i ein kontinuerleg ringdans som ikkje kan stoppe opp; med andre ord må vi tenkje kretsløp og ny produksjon.

EU lanserer i desse dagar sin nye politikk om slik kretsløpsøkonomi, der eit av verktøya er å gi produsentane utvida ansvar. Det blir meir fokus på materialane i produkta og ressursane i avfallsstraumane. Gjennom nye samarbeidsformer og forretningsmodellar kan vi skape fleire nye verdiar her i fylket vårt.

Vi har mange fortrinn for vekst basert på store fornybare energiressursar, skog og jordbruk, gode vassressursar, god tilgang til areal, god infrastruktur som djupvasskaiar og sjøtransport. Vi har teknologi som kan brukast som den er, og vi har miljø som kan tilpasse og utvikle ny teknologi.

Det er i dette perspektivet Kunnskapsparken ynskjer å mobilisere industri og næringsliv i Sogn og Fjordane til å utvikle nye produkt og arbeidsplassar gjennom nye forretningsidear.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har gitt Kunnskapsparken støtte til prosjektet: ”Grøn vekst basert på avfall som ressurs”.  Og vi vil invitere næringslivet til bransjeuavhengige møteplassar, der målet er utvikling og vekst og nye arbeidsplassar i heile fylket.

Om du ynskjer meir informasjon eller har spørsmål, kan du kontakte Kunnskapsparken v/Jøril Hovland på tlf. nr. 482 19 78.