Gro Rukan er nytilsett hos oss

(Foto: Kristine Folland)

Gro skal jobbe med innovasjon og nyskaping innan helse og utdanning.

Eikefjordingen er for mange kjend som dagleg leiar i Framtidsfylket. Det har ho vore i fem år, men i år ønskja ho å søkje nye utfordringar.

– Eg har fått tittelen forretningsutviklar i Kunnskapsparken, men eg er like mykje ein brubyggjar. Målet vert å finne dei smarte hovuda, leite fram dei gode ideane, og kople saman dei riktige folka. For å få til dette, så må eg også klare å skape møteplassar der nytenking kjem. Eg skal jobbe med å skape kultur for nybrottsarbeid. Dette gler eg meg skikkeleg til, fortel Rukan.

Sit i Førde

Frå 9. april er ho formelt tilsett i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, men vil ha kontor i lag med Helse Førde og Høgskulen sine folk. Gro skal legge til rette for idéfangst og bidra til at dei gode ideane vert realisert. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom desse tre aktørane, der Kunnskapsparken opererer som kommersialiseringsaktør for idear med utspring i helsesektoren og på høgskulen.

– Gode idear og nyvinningar kjem ikkje alltid vidare til konkret realisering eller til full utnytting av potensiale sitt fordi folk manglar verktøya. Eg skal hjelpe dei å få gjort noko meir med dei, fortel Rukan.

God miks av erfaring

Som dagleg leiar i Framtidsfylket, vart ho godt kjend med næringslivet i fylket. Ho var med å starte dei første rekrutteringsmessene og har god kjennskap til ulike oppstartsbedrifter.

Gro er utdanna frå Universitetet for miljø- og biovitskap, og er på privaten småbrukar med ein liten flokk villsau, nokre høner og 14 frilandsgris. Gro har òg bakgrunn frå oppdrettsnæringa, der ho mellom anna har jobba i fôrbransjen, vore dagleg leiar i Barlindbotn Settefisk, jobba i felt i Malawi og hatt styreverv i Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond. I ein periode dreiv ho også si eiga verksemd i Eikefjord: «Nærleiken – Kaffibar, sjelevarmar og slipsmuseum».

– Kompetansen min og jobberfaringa mi er frå litt ulikt hald, og nettopp det trur eg kan vere nyttig i innovasjonsarbeidet eg skal bidra med i Kunnskapsparken. Eg er audmjuk for oppgåva og er samtidig utruleg gira på å komme skikkelig i gang.


Kontakt Gro: