Furberg Snowboards vil doble produksjonen kvar vinter

Furberg-Snowboard-i-Engelberg
Foto: Johan Hellman

Inkubatorbedrifta sel allereie fleire hundre brett, men ambisjonane til Daniel Furberg (36) er langt høgare.

Det starta for Daniel Furberg som for mange andre, med ei verksemd i garasjen. I 2009 var frikøyraren lei av at utviklinga av frikøyringsbrett sto på staden kvil, mens skisporten drog lasset med nyvinningar år etter år. Han starta eit enkelmannsføretak og har etter kvart bygd opp ei bedrift som i 2015 omsett for over éin million kronar.

– Denne sesongen har vi allereie selt rundt 300 brett. Både splitboard og frikøyringsbrett. Vi håpar å doble produksjonen kvar vinter, fortel 36-åringen nøgd.

Gjorde hobby til jobb

Daniel-furberg-høydebilde

Daniel viser oss eit splitboard. Foto: Fredrik Schenholm

Sivilingeniøren er oppvaksen utanfor Gøteborg, og har vore lidenskapleg oppteken av brettkøyring nesten heile livet. Han har budd fleire sesongar i Alpene og har køyrt for POC-teamet sidan han blei kvalifisert for å delta i Freeride World Tour sesongen 08/09.

Han jobba ei stund i Nordsjøen, med bustadadresse i Stavanger, men flytta til Sogndal i 2014.

– Eg ville bu ein plass med fjellet utanfor døra, der folk hadde tru på bedrifta og ville hjelpe meg. Eg kjende til SGNskis og såg at dei kunne drive bedrift frå Sogndal. Eg ville òg prøve, fortel han.

I 2013 gikk Furberg Snowboards frå å vere enkeltmannsføretak til å bli eit aksjeselskap, eigd av Daniel Furberg og frikøyrarane Hampus Cederholm (28) og Tommy Nordbø (29).

Meir enn å lage eit produkt

Bretta dei designar er optimalisert for frikøyring i fjellet. Og då er det ikkje berre pudderkøyring som gjeld. Det er vel så viktig å optimalisere brett for parti som er avblåsne og isete.

Og bretta er populære. Frå å bli selt til venner og kjende, er dei no etterspurd i fleire deler av verda, som Nord-Amerika, Japan, i Alpene og på New Zealand.

– Eg har innsett at det å utvikle produkt berre er ein del av det heile. Ein skal gjere ein god jobb med marknadsføring, sal, distribusjon og økonomi. Det å produsere produkta er ein overraskande liten del, fortel sivilingeniøren.

Hjelp til å søke pengestøtte

Derfor er han glad for gode rådgjevarar rundt seg, og for å vere med i inkubatorprogrammet til Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

– Dei har hjelpt oss mykje med å søke støtte frå Innovasjon Norge, og gitt råd i ulike prosessar. I tillegg får eg kontorplass på Campus, det er jo gull verdt. Og så gir det meir kredibilitet å ha dei i ryggen i fleire settingar, fortel Furberg.

Kunnskapsparken trur erfaringa Daniel har frå sin karriere i verdstoppen, gir ham eit solid grunnlag.

– Allereie då vi møtte ham, hadde han utvikla snøbrett basert på sine erfaringar. I tillegg viste Daniel eit sterkt ønske og driv for å vidareutvikle snøbrett og festeløysningar for splitboard, fortel Hilde Grinde i Kunnskapsparken.

– Driv, vilje og evne til gjennomføring er nokon av dei kvalitetane vi ser etter hos ein gründer. I tillegg såg vi at Furberg Snowoards ville dra nytte av og komplimentere ski- og entreprenørskapsmiljøet i Sogndal. I dag er det mange som meiner at Furberg Snowboard er det mest innovative snøbrett-merke, utdjupar forretningsutviklaren.

 

Freeride-rocker-snowboardReverse-sidecut
Skissene viser geometrien på bretta. Les meir på deira heimeside.

Gjer Sogndal til ein samlingsplass

Det er allereie mykje fokus på skikøyring i Sogndal. Men frikøyring på snøbrett får ikkje same fokus. Dette vil Furberg gjere noko med. Sesongen 2013/2014 starta dei med splitboard, snøbrett ein kan dele i to å gå opp fjellsida med.

– Vi ønsker å følge trenden med auka fokus på toppturar. Våre splitboard bli betre og betre nedover, i tillegg til at dei er lettare å gå oppover med. Vi sel heilt klart flest splitboard, ein trend vi håpar er stigande.

9. april arrangerer Furberg Snowboard ein konkurranse i Sogndal, for frikøyrarar på brett. Konkurransen er for alle som køyrar brett, uansett alder, bakgrunn og stil. Det er ein sokalla «Banked Slalom», frikøyringsversjon av boarder cross. Med ei handbygd løype, er det om å gjere og komme seg først ned, over kuler og gjennom doserte svingar.

– Det er ikkje mange events for frikøyrarar på brett i dag. Vi ønsker å samle folk og få noko moro til å skje. Kanskje vi kan lokke fleire skikøyrarar til å delta?, spør Furberg med eit smil.

 

Les meir om Furberg Snowboards i Freeride.se: «Vem fan är Daniel Furberg?».

 


Om Kunnskapsparken inkubator

• Eit tilbod til alle gründerar i Sogn og Fjordane
• Tilbyr eigen rådgjevar og gode støttespelarar
• Gir tilgang til nettverk, kurs og samlingar
• Gi hjelp til å skaffe investorar og kapital
• Tilbyr kontorplass og fasilitetar
• Kan hjelpe deg med raskare å gå frå idé til lønnsam bedrift

Ønsker du å vite meir om vårt inkubatorprogram?