Om oss

Kunnskapsparken er til for gründerar og bedrifter med gode forretningsidear – men som treng hjelp til å lukkast.

Vi deltek aktivt i kommersialisering av forretningsidear og tilbyr gründerar oppfølging og rådgiving innan alle aspekt av forretningsutvikling. Vi koplar FoU miljø, gründerar og bedrifter der dette stimulerer til verdiskaping og vekst. Kunnskapsparken har eit eige presåkorn-fond for investering i tidlegfase og har også god kontakt med kapitalmiljø som kan bidra til å løfte bedrifta til nye høgder.

Våre tilsette har lang og brei kompetanse innan næringsutvikling og kommersialisering av forretningsidear. Vi er prosjektleiar og bidragsytar i utviklings- og samarbeidsprosjekt, og kan hjelpe med å skaffe finansiering til FoU-prosjekt.

Kunnskapsparken skal medverke til auka verdiskaping og nyetablering innafor kunnskapsintensive verksemder lokalt og regionalt og å få nasjonale kunnskapsbaserte arbeidsplassar til fylket. Vi skal vere ein pådrivar overfor næringslivet og forskings- og høgskulemiljøet i fylket og på den måten stimulere til kommersialisering av FoU-resultat og forretningsidear med stort potensiale. Kunnskapsparken skal gjennom det nasjonale SIVA nettverket for innovasjon og nyskaping, fungere som eit nav med næringshagane i det lokale nettverket for oppnå meirverdi av den etablerte kunnskapen i fylket. Selskapet skal gjennom formidling av idear og kompetanse initiere og medverke til nyskaping og omstilling i næringslivet i fylket. Vi kan gå inn med kapital i nyetablerte bedrifter og bedrifter som er i ein utviklingsfase.