Kompetansemekling

Kva er kompetansemekling?

Kompetansemekling er ei teneste der vi hjelper bedrifter og offentlige verksemder med å finne fram til best eigna FoU-kompetanse for utviklingsprosjekt. Målet er å fremje forsking i bedrifter og nettverk av bedrifter, og stimulere til å drive og delta i forskingsbasert utvikling i samarbeid med FoU-miljø.

Korleis kan vi hjelpe?

Vi kan bistå i utforming av prosjektbeskrivelse basert på bedrifter sine konkrete utfordringar, assisterer i organisering av prosjektet og kartlegg potensielle finansieringskjelder for gjennomføring.

Kven kan få hjelp?

Bedrifter som har potensiale til å drive/delta i forskingsbaserte innovasjonsprosessar og kan ha betydeleg nytte av tettare samarbeid med FoU-miljø.

Arbeidsprosess

Kompetansemeklar har kunnskap om næringslivet og virkemiddelapparatet, og har kjennskap til ulike forskingsmiljø sin kompetanse. Bedrifta sine utfordringar blir identifisert, gjerne i samarbeid med kompetansemeklar, og best eigna FoU-miljø blir kopla inn. Meklaren legg til rette for at tillit mellom bedrift og FoU-miljøet blir oppretta og kan følgje opp vidare frå forprosjekt til meir varig innovasjonsarbeid og eit meir omfattande samarbeid mellom bedrift og FoU-miljø.