Inkubator

Kunnskapsparken Inkubator er eit verktøy for nyskapande gründerar og bedrifter. Hensikta er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping, og overlevingsevne i bedriftene. Inkubatoren passar for deg som har ynskje om å utvikle ein nyskapande forretningsidé vidare til levedyktig bedrift.

Kva er inkubasjon?

Inkubasjon er eit verktøy for utvikling av nye vekstbedrifter eller for å utløyse vekst i eksisterande bedrifter. I Kunnskapsparken Inkubator får gründerane tilgang til profesjonelle forretningsutviklarar, kompetanse, kapital og nettverk. Inkubatoren tilbyr også kontorlokaler og miljø som bidreg til bedriftenes utvikling, samarbeid, kundekontakt og nettverksbygging.

Kombinasjonen av kontorfasilitetar, samarbeid med bedrifter og gründerar, tenester som blir levert frå inkubatoren og kompetansenettverk sørgjer for at du som gründer får det optimale utgangspunktet for utvikling av din forretningsidé. I tillegg er det interne nettverket i inkubatoren særs viktig ved at gründerane knyttar kontaktar seg imellom og deler erfaring med kvarandre.

Kva tilbyr Kunnskapsparken Inkubator?

Kunnskapsparken inkubator kan tilby:

  • Kontorlokaler i eit utviklingsorientert miljø
  • Rådgjeving og oppfylging
  • Tilførsel av intern og ekstern kompetanse
  • Tilgang til investeringskapital
  • Kopling mot nettverk og relevante miljø

Kunnskapsparken er del av det nasjonale inkubatorprogrammet til SIVA. Kunnskapsparken Inkubator er eit fylkesdekkande tilbod, og vil saman med våre samarbeidspartar hjelpe gründerar i heile fylket.

Sjå vår informative inkubatorfilm.

Les vår brosjyre om inkubatortilbodet.

Inkubasjonsprosess

I den innleiande fasen sjekkar vi fyrst og fremst forretningspotensialet til din idé. Vi legg vekt på

  • nyheitsgraden til ideen
  • nasjonalt og internasjonalt vekstpotensial
  • dine eigenskaper som gründer

I neste fase involverer vi eit opptaksnemnd. Opptaksnemda si oppgåve er å vurdere forretningspotensialet og å komme med viktige råd for vidare framdrift.

Når ei bedrift er komme gjennom inntaksrådet inngår Kunnskapsparken og du som gründer ein inkubatoravtale for det vidare samarbeidet. Avtalen blir normalt inngått for opp til 3 år, med moglegheit for forlenging.

Etter avtaleinngåing deltek Kunnskapsparken aktivt i utviklinga av din idé, og du får regelmessig oppfylging av ein forretningsutviklar. Her har vi fokus på forretningsmodell, kundeutvikling, vekststrategiar, IPR-beskyttelse, finansiering med meir. Kunnskapsparken arrangerer samlingar for inkubatorbedriftene der vi hyrer inn dyktige kurshaldarar som tilfører viktig fagleg påfyll og kompetanse.

Korleis søkje?

Bruk dette søknadsskjemaet.