Investorane trur på nLink

nlink-på-plass

Å utvikle robotar er alt anna enn gratis. Difor har nLink fått med seg over 20 private investorar, med alt frå tannleger til folk i byggebransjen.

– Det er skummelt å be folk om store pengesummar. Du føler at du tiggar. Men eg trur investorane våre er vel så samfunnsengasjerte som investorfokuserte. Dei vil at noko skal skje og har investert pengar fordi dei trur på nyskaping og utvikling av arbeidsplassar, seier Halvor Gregusson i nLink.

I 2015 fekk gründerbedrifta investorane med på laget, med midlar på 8,5 millionar kroner. Roboten vart bygd og testa, og kundane kunne sjå produktet dei skulle kjøpe.

Dette har gitt gründerbedrifta over 20 private investorar frå heile landet, i tillegg til sponsormidlar. nLink har per dags dato ingen såkalla venturefond, alle investorar er privatpersonar eller mindre bedrifter. Dette gjer at investeringar og bakgrunn varierer, men alle er nysgjerrige på utviklinga av robotikk. Også Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane er inne på investorsida.

– Me kallar det fasen der ein har proof of concept. Dette er ein fase det er lettare å få med seg investorar. Dei ser kva pengane blir investert i, utdjupar Geir Opseth i Kunnskapsparken.

Første i verda

nLink er første selskap i verda som har laga eit robotprodukt for byggebransjen som er ute på byggeplassen og gjer ein jobb. Roboten drillar hol i betongtak ved hjelp av digitale filer som fortel kvar hola skal vere. Dette gjer bygningen klar for elektrikarar, røyrleggarar, himlingsmontørar og andre som treng oppmåling eller boring.

– Vanlegvis er dette ein jobb gjort av personar, men når det er snakk om fleire tusen hol som skal bli bora, fører dette til unødvendig mykje tidsbruk og belastningsskadar, fortel Gregusson.

nlink

Roboten drillar hol i betongtak ved hjelp av digitale filer som fortel kvar hola skal vere. ALLE FOTO: nLink

 

Det var elektrikarbedrifta Vintervoll AS som kartla behovet: Å få automatisert boring på byggeplassar. Dei kom til nLink i 2012, som den gongen jobba med robotar til flislegging. Skapinga av borerobotane var i gong, som eit FoU-prosjekt med sponsormidlar frå Innovasjon Norge, Sparebanken Vest og Vintervoll AS.

I mars ble roboten testa av Skanska på Sundtkvartalet i Oslo, og i en pressemelding skriv dei:

«Resultata viste at roboten var mykje raskare. Faktisk så mykje raskare at om roboten hadde vert brukt i alle etasjane, ville boring i underkant av dekker vært ferdig 50 arbeidsdagar før den manuelle jobben vart ferdig».

Inkubatorbedrift hos KPSF

nLink blei til i 2012. Gründerbedrifta skulle drive med borerobotar, mens forgjengaren til nLink og selskapet Yast blei slått saman til Rocketfarm, for å drive rådgjeving. Håvard Halvorsen og Tomas Henninge var i førarsetet av nLink, i tett samarbeid med gründerane av Rocketfarm, deriblant Halvor Gregusson, som i dag er innleidd frå Rocketfarm for å hjelpe med det administrative.

nLink kom tidleg inn som ei inkubatorbedrift, eit fellesskap som har vore avgjerande for ei bedrift som berre består av tilflyttarar.

– Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane kjenner etter kvart ein del folk og veit kva dei ulike investorane er interesserte i. Når vi møter gründerar kan vi kople riktige folk med kvarandre. Det handlar som oftast om kjemi når ein investor vel å bli med på laget, fortel Opseth, som jobbar som forretningsutviklar.

Leiger ut robotane

Med fleire investorar på laget, håpar nLink snart å klare seg utan sponsormidlar. Dei har funne ein forretningsmodell der roboten blir leigd ut til byggeplassar, i påvente av å selje robotane.

Dette gjer at folk er villige til å betale. Leigeprisen er per kvadrat roboten skal bore, så prisen varierer stort frå prosjekt til prosjekt. I dag kan roboten ta unna 600 kvm per dag, men målsettinga er at roboten skal ta unna 1000 kvm per dag. Roboten veit sjølv kvar i rommet han står og borer innan rekkevidde. Når han er ferdig med eit område, er det ein person på staden som køyrer roboten vidare.

– Ikkje berre gir det massive innsparingar i tidsbruk, du slepp belasting på nakke, rygg og skuldrer. Den syg opp mykje av støvet som kjem frå boring, samtidig som du får god dokumentasjon på jobben som blir gjort. All data bli tatt vare på i ein sentral base, og kan gi oss nøyaktige målingar av effektiviteten, teikningar til seinare bruk og data om robotens helse, forklarar Gregusson.

Siktar mot utlandet i 2016

I løpet av 2016 håper nLink å selje fleire robotar, og få landa nokon internasjonale partnarar. Med fem tilsette med hovudkontor på Fosshaugane Campus i Sogndal og salskontor på Forskningsparken i Oslo, er dei på veg ut av inkubatoren til Kunnskapsparken. Dei håper å vere skikka til å kunne drifte seg sjølv.

– Kunnskapsparken har hjelpt oss med primærting som kontor, nettverk og verdifull rådgjeving. At dei tok den første delen av investeringa har vore heilt avgjerande for oss. Eg følte dei såg potensialet i ideen. Dei tør å tru på mennesket, og at teknologien held og har vekstpotensiale, seier Gregusson.

Kunnskapsparken ønskjer å vere eit springbrett for gründerar, og vil at dei skal klare seg sjølv etter nokon år. 2016 ser for nLink ut til å bli eit spennande år.

– Vi har begynt å få ein del førespurnader frå utlandet, så vi håpar å få i gang internasjonalt samarbeid ganske snart, seier Gregusson, og legge til:

– Men hovudkontoret til nLink vil aldri bli flytta frå Sogndal. Det er her vi høyrer til.

 

nlink-robot-blir-testet     nlink-robot-som-borrer


Om Kunnskapsparken inkubator

• Eit tilbod til alle gründerar i Sogn og Fjordane
• Tilbyr eigen rådgjevar og gode støttespelarar
• Gir tilgang til nettverk, kurs og samlingar
• Gi hjelp til å skaffe investorar og kapital
• Tilbyr kontorplass og fasilitetar
• Kan hjelpe deg med raskare å gå frå idé til lønnsam bedrift

Ønsker du å vite meir om vårt inkubatorprogram?