Elevane fekk gründeren til å utvikle eit betre produkt

Det starta med «Skoleflink» i 2016. No har ideen til Kristoffer blitt fornya i selskapet Eduplaytion, takka vere dønn ærlege skuleelevar.

– Eg har brukt elevar frå ulike barneskuler flittig. Dei har vore med på alt frå design, spelereglar og historieoppbygging. Skal ein lage eit produkt for born, må dei kjenne seg igjen. Eg kan ikkje anta kva som er kult og fungerer, fortel Kristoffer Hundershagen.

29-åringen er overtydd om at born ikkje vert fenga på same måte i dag som for ti år sidan. Digitalisering har ført med seg kravstore born og unge. Dette må vi ta inn over oss.
Difor ønskjer Hundershagen å lage eit produkt som snakkar elevane sitt språk.

Kristoffer Hundershagen har erfart kor mange elevar som sliter med matematikk. Han vil hjelpe dei å lære betre, med eit digitalt alternativ til skuleboka.

Starta med «Skoleflink»

Naustedølingen jobba sjølv som lærar på ein barneskule i Naustdal då han erfarte kor mange elevar som sleit med matematikken. Han ville hjelpe dei å lære betre, ved å utvikle eit digitalt alternativ til skuleboka.

I 2016 lanserte han Skoleflink, ein plattform med leksehjelp og videobibliotek. Her kunne elevane lære matematikk, spansk og tysk ved hjelp av moderne videoar.

– Skoleflink vart godt motteken. Det var eit behov og mange var villige til å prøve det ut. Men slik vi laga produktet, vart det ikkje integrert godt nok i kvardagen til elevane. Det vart ein ekstra ting elevane skulle styre med heime når dei gjorde lekser. I ettertid ser vi at vi skulle gjort ting litt annerledes for å få ein større etterspurnad, fortel Hundershagen.

Kristoffer skjønte at dei måtte endre kurs. At fleire tusen elevar lærte å meistre matematikken betre, styrka hypotesen deira om at behovet var der. Det var måten dei angrep marknaden på som måtte endrast.

La om taktikken

I dag, to år seinare, har Skoleflink vorte til Eduplaytion. Eit spelutviklingsselskap som i første omgang kjem med eit matematikkspel. Og no har 29-åringen innsett at dei beste produktutviklarane og kritikarane er elevane sjølv.

– Vi vaksne har ofte eigne førestillingar om korleis ungar opptrer og reagerer. Det blir fort feil. Difor har vi valt å nytte elevar meir aktivt i utviklinga og lære korleis dei faktisk agerer. Vi må tørre å spørje «Kvifor vart du lei no?», «Kva var kjedeleg med dette?», «Kva gav deg motivasjon til å forsetje?» «Korleis skulle du ønskje det var?» osv.

Det krevjande arbeidet med brukarmedverknaden ser ut til å gi resultat.

Etter ein demotest med 400 elevar frå 5. til 7. klasse, kom det tydeleg fram at matematikkspelet Numetry var inne på noko.

Fekk god stønad

No har Eduplaytion fått napp hos investorar og hjelpemiddelapparat. Etter ein demotest med 400 elevar frå 5. til 7. klasse i fjor, kom det tydeleg fram at matematikkspelet Numetry var inne på noko. Dei såg eit betydeleg potensiale og fann ein unik moglegheit.

– Dette gav oss ein utløysande effekt med tanke på finansiering. Vi fekk midlar frå blant anna Innovasjon Noreg og Sparebanken Vest-fondet til å utvikle oss vidare. Sunnfjord Utvikling hadde allereie vorte med å finansiert første prototype. Vi fekk òg bli med på mentorordninga til Innovasjon Noreg, fortel Hundershagen.

Dei er òg medlem av Media City Bergen og Oslo EdTech Cluster. I tillegg er dei ein del av inkubatorordninga til Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, og håpar å komme seg inn i Peak Sunnfjord ein gong på nyåret. Her møter dei forretningsutviklarar som både er kravstore og gode sparringspartnarar.

– Eduplaytion lagar eit digitalt produkt som er kostnadskrevjande. For oss i Kunnskapsparken er det viktig at gründerar har orden i eige hus. Eduplaytion har berre vore i inkubatoren vår i knappe to månader, så det naturlege fokuset no er budsjett- og likviditetsarbeid. I tillegg blir det viktig å få til ei god marknadsintroduksjon og sal framover, seier Hilde Grinde, ei av fire forretningsutviklarar i Kunnskapsparken som jobbar med Eduplaytion AS.

Får med ekspertar

På vegen har Kristoffer fått med seg mange folk. I dag har han 10 samarbeidsskular i Noreg, med blant anna Eikefjord og Slåtten skule i Sogn og Fjordane.

– Allereie under utviklinga av Skoleflink fekk eg med meg ei teknologibedrifta QuickTech i Brasil, drive av Magnus Berglund. Dei jobbar eg fortsatt tett med når det gjeld utvikling og design. No er vi i gang med å byggje opp eit sterkare fagleg team, slik at vi kan bli betre på godt innhald.

Til forskjell frå det som er på marknaden i dag, ønskjer ikkje Eduplaytion å digitalisere lærebøker og skuleoppgåver. Deira fokus er å skape eit trygt og kjend miljø for elevane. Målet er å akselerere barna sine interesser for å lære matematikk på deira premisser. Gjort riktig, er dei overtydd om at dette vil gje ein raskare progresjon.

– Difor har vi fått med oss ressurspersoner frå ulike høgskular og universitet, samt fire matematikklærarar med lang fartstid i skulen. Dei gir oss eit bra fagleg team, seier Hundershagen.

Treng fleire investorar

No er dei i dialog med nye investorar. Ved å vere med i ulike nettverk og delta på samlingar, møter dei folk over alt. Dei må vise moment og drivkraft, noko dei har – utan tvil. Med stor vekst på kort tid, håper dei fleire investorar vil bli med på laget.

– Vårt sterke fokus på medverknad frå elevane, gjer oss unike. Vi nyttar elevane til alt, i alle fasar av utviklinga. I mine auge gjer dette produktet betre og meir treffsikkert.  

Les meir om Edupalytion på deira nye nettside.

Bilde teken i Brasil (f.v.): Carlos Rodrigues, Mario Moura, Gustavo do Silva, German Barros, Alberto Alves, Kristoffer Hundershagen, Magnus Berglund. Ikkje tilstades Patrick Holleman.