Få pengestønad i ein tidleg fase

Er du gründer eller ei bedrift med ein god idé? Sparebanken Vest sitt næringsfond har søknadsfrist 26. mars.

Har du ein god idé? Ei ny teneste eller eit nytt produkt? Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane ønskjer å hjelpe gode idéar og tilbyr pengestøtte på inntil 300.000 kronar per prosjekt.

Om næringsfondet

Næringsfondet skal gi fødselshjelp til nyskapande og framtidsretta idear i ein tidleg fase. Dette gjeld både gründerarar i startgropa og bedrifter som ønskjer å utvikle seg. Målet er å få fram berekraftige nyetableringar og framtidsretta arbeidsplassar i fylket.

Kva får ein stønad til?

Stiftinga skal gi stønad til idear i ein tidleg fase – som ofte er kritisk – før dei får vidare hjelp i verkemiddelapparatet, som til dømes Innovasjon Norge.

Typiske aktivitetar ein kan få stønad til er:

  • utgifter til marknadsundersøkingar
  • produktutvikling
  • utarbeiding av forretningsplan
  • utgifter til etableringsrettleiing
  • utvikling av prototypar

Les meir om fondet her!

Spørsmål? Kontakt Jøril Hovland i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane: 482 19 780, e-post: joeril@kpsf.no

Skriftleg søknad:

Sparebanken Vest sitt Næringsstifting for Sogn og Fjordane
c/o Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
Fosshaugane Campus
6856 Sogndal

Hugs søknadsfristen 26. mars!

Jobbe i Sogn? Gründer i Sogn?

Møt næringsliv og gründerar på næringsmiddag under Fjellsportfestivalen.

Skaff deg ein jobb her – eller lag din eigen arbeidsplass – torsdag kl. 17.00 kan du treffe spennande gründerar og arbeidsgjevarar som fortel kva dei jobbar med og kva medarbeidarar dei er på jakt etter.

Det er mange gode grunnar til at ynskjer å vise vise fram arbeidsplassar i Sogn under Fjellsportfestivalen. Vi veit at det er mykje flinke folk som besøkjer festivalen som ser at Sogn har eit eldorado av mogelegheiter for aktivitetar i naturen, og som svært gjerne vil bu på ein slik stad der dei kan dyrke desse aktivitetane på fritida. No vil vi fortelje dykk at hit kan de berre flytte – fordi vi også tilbyr eit mangfaldig og spennande næringsliv!

Program

17:00 – 18:15: Bedriftspresentasjon: Kvar bedrift deltek med 1 slide og 3-5 minutt presentasjon.

18:15 – 19:30: Mingling med enkel tapas og noko attår

Bedrifter du møter (lista vert kontinuerleg fylt på):

og vi: Sogn Næring, Kunnskapsparken og gründersenteret FUS.

Påmelding

Du som er litt eller mykje interessert i næringslivet vert prioritert til å få ta del i opplegget, og vi har inntil 40 plassar. Opplegget er gratis, og det vert servert mat og noko attåt. Påmeldingsfrist måndag 19. februar, så får vi bestilt rett tal mat.

Meld deg på her!

PS! Då arrangementet føregår under Fjellsportfestivalen inne på festivalhotellet må alle deltakarar ha festivalpass eller kveldspass.

HMS-kurs for inkubatorbedriftar

Sognefjorden Næringshage tilbyr i samarbeid med Bedriftshelse 1 lovpålagt HMS-kurs for leiarar 15. februar 2018. Her er òg våre inkubatorbedriftar invitert.

Kurset går over ein dag og er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar. I følgje Arbeidsmiljølovens § 3 -5 skal arbeidsgjevarar gjennomgå HMS-opplæring.

Fokus er leiar si rolle i bedrifta sitt HMS-arbeid. Det vert lagt vekt på verdiskaping og ivaretaking av arbeidstakarar i høve deira rettar og plikter.

Kurshaldar er ein av landets mest kunnskapsrike advokatar i arbeidsrett, Frode Samuelsen.

Målgruppe:

Leiarar med arbeidsgjevaransvar

Målsetjing for kurset:

Å få kunnskap om korleis du som leiar i teori og praksis kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din.

Innhald:

  • Formål og bakgrunn for opplæring i HMS
  • Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
  • Avklaring av roller; leiar, tilsett, verneombod
  • Leiar og arbeidstakar sine pliktar og rettar

KURSINFO

Kurshaldar: Advokat Frode Samuelsen
Dato: 15.februar 2018
Tid: 08.30-15.30 (Registrering frå kl. 08.15 )
Stad:Fossetunet 1A, Sogndal
Pris: Målbedrift/inkubatorbedrift: 800,-kr. Andre: 4.100,- kr
Pris inkluderer lunsj, kursmateriell og kursdokumentasjon

Meld deg på her.

Lokale konsekvensar av vasskraftanlegg i høgfjellet

I kjølvatnet av alle typar naturinngrep vil lokalmiljøet oppleve både positive og negative følgjer. Som vi skal sjå, vil utbygging av fornybar energi i høgfjellet, vasskraftutbygging, ofte få konsekvensar for landskap og natur. Vasskraftutbygging gjev tilgang til rein energi, men samstundes fører slik utbygging til store landskapsinngrep. Overskotsmateriale frå kilometerlange tunnelar i fjellet som leiar vatn til turbinane, vert liggande som store steintippar av utskoten fjellmasse i open og sårbar fjellnatur.

Utbyggingskonsesjonane inneheld krav om å redusere desse synlege inngrepa, til dømes gjennom etablering av vegetasjonsdekke over steintippane. Konkrete tiltak for dei ulike anlegga er beskrive i dei ulike konsesjonane og kan omfatte krav om å legge på jord, så til med innkjøpte grasfrø, gjødsle steintippane, eller plante dei til med stiklingar av buskar eller andre plantar. Dessverre har desse tiltaka vist seg å ha liten effekt. Ei rekke av steintippane ligg som ørkenar og er framleis er like synlege etter mange ti-år. Tiltaka som er skildra i konsesjonane, har ikkje hatt ønskt effekt.

På leit etter ny kunnskap
I RELEASE ser forskarane på denne problemstillinga, men med ei anna tilnærming. Utgangspunktet deira er å finne ut korleis ein best kan leggje til rette for at plantene som veks rundt steintippane, skal greie å vandre inn og kle steintippane. For å skjøne dette, samlar dei kunnskap om korleis dei lokale fjellplantene spreier seg på naturleg vis, og stiller spørsmålet om det er muleg å leggje til rette for at lokale artar skal kunne vandre inn og etablere seg på steintippane.


Stipendiat Jan Sulavik i vekstrommet på Fosshaugane Campus

Kan det til dømes vere mangel på frø frå omgjevnadane som er årsaka til at steintippane ligg aude, og er det i så fall naudsynt med ekstern tilførsel av frø? Eller er steintippane utforma slik at dei gjev alt for dårleg spiregrunnlag for frø som bles inn frå eksisterande vegetasjon rundt? PhD-stipendiat Jan Sulavik har henta inn jordprøvar frå omgjevnadane rundt steintippane og sett  til spiring i vekstrom med regulert vatn, lys og temperatur. Han har stelt godt med plantene som har spirt frå frø i desse jordprøvane, og registrert kva for arter som har spiredyktige frø som er lagra i jorda, og som ventar på sin sjanse til å spire og vekse.

Ny utforming
Saman med ny kunnskap om spreiing og spiring av fjellplanter, gjev forskinga i RELEASE kunnskap om korleis framtidige steintippar kan utformast for at lokale plantar lettare skal kunne etablere seg og kle steintippane. Utforming av steintippane og lagring og tilbakeføring av avskava jord på staden, kan kanskje erstatte meir  kostnadskrevjande tiltak og gje betre resultat. Denne kunnskapen er forskarane i RELEASE på leit etter, og forhåpentlegvis  kan den bidra til å redusere langvarige sår i naturen og spare utbyggjarane for kostnader.

Om RELEASE
RELEASE er HVL sitt tverrfaglege strategiske forskingsprosjekt som har som mål å auke kunnskapen om dei lokale konsekvensane av produksjon av fornybar energi for økonomi, samfunn og miljø, sett utifrå eit bærekraftig perspektiv. Forskingsprosjektet er internasjonalt med forskarar frå universiteta i Nijmegen i Nerland, Aaborg i Danmark og Oxford i England. I tillegg deltek CICERO, Universitetet i Oslo og NTNU med forskarar.

Samla miljøet i Gloppen

Forrige veke var bedrifter frå innovasjonsmiljøet til Aksello og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane samla til inkubatorsamling på Gloppen Hotell. Inkubatorsamlinga er eit fast innslag som inkubatorane i Sogn og Fjordane arrangerer 1-2 gangar i året. Med ein nyleg inngått samarbeidsavtale mellom Aksello og Kunnskapsparken var det ei gyllen anledning til å arrangere ei felles samling for miljøet.

Allereie på den første fellessamlinga såg vi ein positiv effekt av samarbeidet. Sirkelen vår har blitt større og nyskaparane våre, både nye gründerar og etablerte bedrifter, har blitt del av eit tettare miljø der dei har fleire å sparre med. Praten gjekk laust mellom deltakarane som delte det dei har av utfordringar, erfaringar og gode råd for å vere med å løfte kvarandre fram og vidare. Nokon fann også potensielle samarbeidspartnarar som det blir spennande å følge opp.

Og det er nettopp dette som er grunntanken bak inkubatorsamlinga: å skape ein fagleg og sosial møteplass for medlemsbedriftene våre der dei kan ta med seg noko vidare. Noko som gir dei ekstra giv og motivasjon til å fortsette å jobbe fram sin idé eller sitt prosjekt.

Med eit innhaldsrikt program var her mykje å ta med seg. Vi hadde mellom anna ein workshop i sals- og marknadsføringsstrategi med Joachim Vie frå Kunnskapsparken Sogn og Fjordane. Næringssjefen i Gloppen, Knut-Roger Nesdal, heldt eit engasjerande foredrag om å lukkast (og mislukkast), og bedriftene fekk også ei innføring i finansieringsmoglegheiter gjennom Sogn og Fjordane Fondet og Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane (Sparebanken Vest-fondet). Stein-Asle Øvrebotten, prosjektleiar for Vestnes Land, delte sine erfaringar med IFU-kontrakt gjennom Innovasjon Norge, og Erling Grøstad, dagleg leiar i SGN Skis, fortalde om deira suksess med crowdfunding.

Med eit allsidig program som gjekk over to dagar hadde vi også tid til å besøke lokale bedrifter. Den første dagen var vi innom Gardsbrenneriet der vi fekk smake på storsatsinga deira Attåt, og den andre dagen besøkte vi Strukturplast og Bano. Dagleg leiar av Strukturplast, Frode Lindvik, gav oss eit innblikk i deira utvikling og viste oss rundt på fabrikken. Bedrifta er kjent for å vere leiande på produksjon av Polyuretan i Norge og det var inspirerande å sjå og høyre korleis dei har bygd seg opp til å bli ein stor og viktig aktør innan sitt felt.

Under samlinga hadde vi også middag til støls utan eit fast program. For vel så viktig som det faglege er den uformelle praten nyskaparane imellom. Mange av bedriftene våre er ulike, frå dei som driv business av reindyrka panneband av norsk ull til dei som rir den digitale bølga med smarte skap. Det vi har til felles er at vi vil vere med å skape noko nytt og eige, og vi håper at mange fekk litt ekstra drivkraft til å fortsette ferda etter ei vel blåst samling.

Vi ser fram til fleire slike treff.

Har du lyst å bli med i inkubator i Sogn og Fjordane?
Har du ein idé eller eit prosjekt som kan passe i inkubatoren vår? Ta kontakt med inkubatorleiar Roger Ulvestad frå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane på roger@kpsf.no / 938 17 336 eller inkubatorleiar Vanja Viken frå Aksello på vanja@aksello.no / 415 70 306.

Styrker innovasjonsmiljøet i fylket

Dei to inkubatorane i Sogn og Fjordane, Aksello AS og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, har inngått ei samarbeidsavtale for å styrke innovasjonsmiljøet i fylket.

– Vi opplev eit aukande behov for bistand både hos nye gründerar og etablerte bedrifter for utvikling av innovative produkt og tenester. Dette skjer mellom anna i kjølevatnet av dei endringane som vi ser med reduserte oljeprisar, det grøne skiftet og auka digitalisering. Dette krev omstilling og nytenkning. Ved å samarbeide tettare kan vi betre dekke det aukande behovet i fylket, fortel Vanja Viken, inkubatorleiar hos Aksello.

Behov for støtte
Det aukande behovet i gründer- og utviklingsmiljøet kjem også fram i ei marknadsundersøking gjennomført av inkubatorane hausten 2016. Undersøkinga viser at gründerar og etablert næringsliv treng meir kompetanse og ressursar innan prosjektleiing og forretningsutvikling og hjelp med å nytte offentlege verkemiddel. I tillegg kom det også fram at særleg etablerte bedrifter treng meir tid og kapasitet til å jobbe med innovasjon.

– Ved å jobbe saman kan vi tilby gründerar og etablerte bedrifter eit heilskapleg tilbod som tek hand om desse behova. I tillegg til å effektivisere ressursane våre, vil vi også auke den samla kompetansen vår slik at vi kan hjelpe fleire med rådgjeving og trekke synergiar ut av eit breiare nettverk. Dette vil sikre eksisterande arbeidsplassar, skape vekst og nye arbeidsplassar, og bidrar til gode innovasjonsmiljø i fylket vårt, seier Roger Ulvestad, inkubatorleiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Felles landingsside
Aksello og Kunnskapsparken er ein del av det nasjonale inkubasjonsnettverket til Siva, eit statleg utviklingsselskap basert i Trondheim. Medan Aksello held til i Florø, har Kunnskapsparken kontor i Sogndal, Førde og Stryn. Som ein del av samarbeidet har inkubatorane oppretta ei felles landingsside på nettsida til Driftig, ein informasjonskanal for gründerar, idéskaparar og entreprenørar i Sogn og Fjordane.

www.driftig.no/inkubator kan gründerar og etablert næringsliv finne meir informasjon om tilbodet og opptakskriteria til inkubatoren, og søke om opptak av sin idé. Ein kan også komme i kontakt med inkubatoren gjennom førstelinjetenesta i dei enkelte kommunane. Som inkubatorbedrift får ein tilgang til eit korps av dyktige rådgjevarar, moglegheit for kontorplass mange stader i fylket, vidareutvikling gjennom ulike kurs og hjelp til å søke finansielle støtteordningar.

– Vi gler oss over dette samarbeidet og håper at vi vil få inn mange nye og spennande idéar og prosjekt. Ved å ha eit felles opptak kan vi sjå til at søkarane får den beste kompetansen kopla på sitt prosjekt, og vi vil bruke ulike ressursar frå nettverket vårt som er tilpassa kvart enkelt prosjekt, seier Arne Olsen, fungerande dagleg leiar i Aksello.

– Saman ønsker vi å styrke hjelpeapparatet rundt vekstbedrifter i fylket vårt. Dei som blir tatt opp i inkubatoren vil få tilgang til eit fagleg og sosialt utviklingsmiljø som gir dei ein større sjanse til å lukkast med sin idé, presiserar Kjetil Kvåle, dagleg leiar hos Kunnskapsparken.

For meir informasjon ta kontakt med:

Aksello AS, www.aksello.no
Arne Olsen, fungerande dagleg leiar: arne@aksello.no, 975 73 599
Vanja Viken, inkubatorleiar: vanja@aksello.no, 415 70 306

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, www.kpsf.no
Kjetil Kvåle, dagleg leiar: kjetil@kpsf.no, 952 06 574
Roger Ulvestad, inkubatorleiar: roger@kpsf.no, 938 17 336

Nye moglegheiter i Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane


Har du ein god idé som kan verte ei ny teneste eller eit nytt produkt – men manglar pengar? Næringsstifting i Sogn og Fjordane ynskjer gode idéar.

Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane har som mål å gi fødselshjelp for gode, nyskapande og framtidsretta idéar, og gi dei ein sjanse til å utvikle seg. Dette kan vere gjennom å gi tilskot til gründerarar som er i startgropa eller til bedrifter som ynskjer å utvikle seg.

Målet er å få fram berekraftige nyetableringar og framtidsretta arbeidsplassar i fylket.

Typiske aktivitetar som kan få stønad i fondet er utgifter til marknadsundersøkingar, produktutvikling, utarbeiding av forretningsplan, utgifter til etableringsrettleiing og også til utvikling av prototypar der det er aktuelt. Stiftinga gir støtte i ein tidleg fase – som ofte er kritisk – før dei får vidare hjelp i verkemiddelapparatet, som Innovasjon Norge og andre.

Meir informasjon om fondet finn du her!

Søknadane skal stilast til: Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane,
og sendast til: Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane v/Jøril Hovland

Søknadane kan med fordel sendast pr e-post, men også i papirform via postverket. Sjå kontaktinfo under.

Ved spørsmål kontakt Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane:
Jøril Hovland | Tel: 482 19 780 | joeril@kpsf.no

Neste styremøte i fondet er 30. oktober, og søknadsfrist er sett til 29. september 2017.

Kommersialisering av forskningsresultat

Kunnskapsparken er kommerslialiseringsaktør for Helse Førde og Høyskolen på Vestlandet i Sogn og Fjordane, og skal aktivt arbeide for å kommersialisere ideer og forskningsresultat fra miljøene. For bedre å få ut potensialet så har partene gått sammen om en felles toårig prosjektstilling med lokalisering i Førde på Vie. Gjennom dette arbeidet så ønsker en å skape et miljø for nyskaping der forskningsresultat og gode ideer blir til livskraftige vekstbedrifter. Stillingen ligger administrativt under Kunnskapsparken, men partene deler på utgiftene.

Stillingen ble lyst ut på nyåret og Joachim Vie ble tilsatt. Han starter i stillingen i august og skal jobbe med innovasjon og forretningsutvikling innenfor miljøene. Joachim Vie kommer fra stillingen som daglig leder og prosjektleder i reklamebyrået Rein Design. Han er utdannet journalist, og har en bachelorgrad i økonomi og organisasjon med spesialisering innen regnskap og forretningsutvikling. I tillegg så har han bred erfaring innen markedsføring og prosjektutvikling.

Kunnskapsparken ser et stort potensiale i samarbeidet og gleder seg til arbeidet videre.

Gründerbedrift med fokus på pasientbehandling

Med kunnskap fra forskning ved Helse Førde

Mental Health Informatics AS er et nystartet selskap som skal videreutvikle NORSE, et elektronisk databehandlingssystem for mer effektiv og bedre pasientbehandling. Systemet er utviklet av Christian Moltu og hans kollega Sam Nordberg ved Helse Førde og i første omgang rettet mot pasienter med psykiske lidelser.


Sam Nordberg, gründer og medforsker v/Helse Førde

Innenfor denne pasientgrupper kan sykdomsbildet være kompleks og sammensatt, noe som gjør at behandlingen i mindre grad kan rette seg etter standardiserte behandlingsprosedyrer.

Pasientmedvirkning og pasientprofiler

Dataprogrammet vil på bakgrunn av tilbakemeldinger fra en pasient, lage rapporter og profiler av pasientens symptomer og ressurser.  Disse rapportene kan så benyttes i behandlingen og være viktige supplement og støtte til klinisk skjønn og faglige vurderinger. NORSE vil gjennom systematisk datainnsamling åpne for en mer strukturert brukermedvirkning og pasient-involvering. Pasientene gir tilbakemelding på hvordan han/hun opplever behandlingen og relasjonen med behandler. På denne måten får behandler mer kunnskap og et mer helhetlig bilde av pasienten. Den reelle pasientmedvirkningen og de grafiske pasientprofilene som gjøres tilgjengelig for behandler, vil kunne bedre behandlingen og øke effekten av den.

NORSE er allerede tatt i bruk ved en poliklinikk og ved sengeposter og brukes av 600 pasienter. Kunnskapsparken er kommersialiseringsaktør for Helse Førde og bistår bedriften i kommersialiseringsprosessen.

Vinner av Helse Vest sin kvalitetspris 2017


Christian Moltu, gründer og fagsjef v/ Psykiatrisk Klinikk HF.

Christian Moltu, fagsjef ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde, fikk tildelt kvalitetsprisen fra Helse Vest for sitt arbeid med NORSE. Les mer om tildelingen av kvalitetsprisen her.

NORSE blir også omtalt i Forskning og innovasjon til pasientens beste – Nasjonal rapport fra spesialisthelsetjenesten 2016.

Les artikkel og se presentasjonsfilm av NORSE, (Oslo Universitetssykehus – Nasjonal Kompetansetjeneste TSB).

Pitche-seier ble Sognefjord Kaffibrenneri

Pitche-seiere gav en god start

Gründeren Kjetil Russenes vant pitchekonkurransen i regi av Kunnskapsparken og Sogn Næring under årets Fjellsportfestival. Ideen til gründeren var å starte et kaffebrenneri i Sogn og Fjordane. Etter noen krevende måneder begynner nå ideen å ta form. I tillegg til en pengepremie på kr. 20 000,- inneholdt premien veiledningstimer og kontorplass. Kjetil har derfor hatt gratis kontorpult i gründermiljøet på Fosshaugane Campus. Der deler han kontor med flere andre gründere som Furberg Snowboards, Wyssen og Dry Eye Media.

– Heilt fantastisk å få muligheten til å komme inn i miljøet her på Campus. Ut over at det er stor hjelp i å kunne gå over gangen, banke på kontoret, og få svar på det ein lurer på, gir det stor motivasjon å sitte i lag med andre gründere.

Arbeidskrevende tid

I tiden etter pitche-seieren har det vært arbeidet iherdig med blant annet budsjettering, forretningsmodellering, eierskap og kundegrupper. Til dette arbeidet har Kunnskapsparken og Sogn Næring bidratt med forretningsutviklingskompetanse. 

– Det å komme inn på campus, gav meg eit realt spark bak. Det gir ein ekstra driv. Det er lettare å bli tatt seriøst og ein har eit nettverk av folk, som jobbar med ulike spennande prosjekt. På den måten får ein innspel på eigne idear, såvel som nye idear frå likesinna.

Å finne finansiering har vært en stor del av arbeidet fram til nå, og det har vært møter med aktuelle aktører som Innovasjon Norge. Gründeren har også igangsatt en folkefinansiering der man via Facebook får mulighet til å forhåndsbestille og forhåndsbetale for framtidig kaffeleveranse. Og her har mange vist sin interesse.

– Mottakelsen på ideen om eit kaffibrenneriet har vert heilt vannvittig. Det har komme til eit punkt der det tydelegvis har blitt ein snakkis – folk eg ikkje kjenner, kjem og fortel at dei gledar seg til å smake på kaffien. I løpet av dei første timane med førehandssal kom det inn betydelige bestillingar på kaffi. Eg prøvar meg på litt snikreklame, og seier at det fortsatt ikkje er for seint – linken ligger på sognefjord kaffibrenneri sin facebook/instagram. Samtidig må eg få lov til å fortelje kor takknemleg eg er, bidraget gjennom førehandssal er viktig for å komme i gang med bedrifta!

Første prøveproduksjon

Sogn og Fjordane Kaffibrenneri har allerede hatt sin første prøveproduksjon, så Kunnskapsparken og Sognefjord Kaffibrenneri kunne invitere bedrifter på Fosshaugane Campus til en uhøytidelig første prøvesmaking med flere kaffesorter og kake. Tilbakemeldingene var udelt positive ,og nå skal flere få smake for Dampskipskaien Sogndal og Kjetil ber på kaffe 14. – 15. juli.

Ideen med Sogn og Fjordane Kaffibrenneri har vakt stor oppmerksomhet i ulike sosiale medier. På Porten.no kan du følge den ferske gründeren gjennom bloggen hans.

Vi i Kunnskapsparken har hatt stor glede av å jobbe med gründeren og gleder oss til ekte lokalbrent kaffe.