Høgare ambisjonar etter pitchtrening

Vi tok med inkubatorbedriftene på pitchtrening, for å bli betre på å kommunisere med investorar.

– Det var litt av ein transformasjon. Enkelte var noko tilbakehalden da vi starta dagen, men mot slutten skulle fleire av bedriftene erobre verda. Alle gründerane hadde med andre ord  flott utvikling og bratt læringskurve, der dei etterkvart framsto som meir ambisiøse og entusiastiske, fortel Roger Ulvestad i Kunnskapsparken.

Betre rigga for dialog med investorar

Å skaffe kapital er ofte ein av dei viktigaste vegane til framgang og vekst. Men det å  kommunisere godt med potensielle investorar, er utfordrande. Difor inviterte vi til «pitchtrening-camp» der inkubatorbedriftene jobba med presentasjon av sin forretningsidé. Inkubatorbedriftene fekk trening i å presentere ein 7 minuttars fullverdig finansiell investorpitch, samt 30 sekundars salspitch.

Kurset var i regi av SeedForum, ein internasjonal non profit-stiftelse som førebur gründerar på å møte investorar.

– Over sommaren vil vi, i samarbeid med Aksello, sette opp ein aktivitet der inkubatorbedriftene får muligheita til å presentere seg for investorar og investormiljø, fortel Ulvestad.

Ønskjer du å bli inkubatorbedrift? Sjå her.

Bli med på jomfruturen til Future of the Fjords


Foto: sverrehjornevik.com/Flåm AS

Under Næringsdagane i Balestrand får du eit spennande opplegg på den heilelektriske båten.

Næringsdagane 2018 går av staben 2. og 3. mai i Balestrand. Tema er «Når mennesket møter teknologi – verdien av arbeid». Saman med Siva (selskapet for industrivekst) og Forum for Grøn Energi, arrangerer vi ein spennande tur med båten Future of the Fjords (heilelektrisk versjon av Vision of the Fjords).

Pitchekonkurranse om bord

Om bord får du vite meir om teknologien bak og utvikling av båten, samstundes som du får sjå vakker natur frå fyrste rad. Vi har fått med oss tre aktørar som vil snakke om eigne erfaringar og syn på næringsklynger: Rocketfarm, Tibber og Hydro.

I tillegg arrangerer vi pitchekonkurranse om bord, der vinnaren får 20.000 kronar og gratis rådgjeving. Og sjølvklart blir det tid til å nyte Sognefjorden og servering om bord.

– Vi gler oss til dette. Vårt oppdrag er å skape sterke innovasjonsmiljø i hele fylket, og det å kunne invitere gründerar og næringsliv til eit slikt opplegg er moro. Her vil teknologi, natur og kunnskap møtast, fortel Kjetil Kvåle.

Meld deg på Næringsdagane her, fristen er 27. april kl 23.


Siva (Selskapet for industrivekst) er 50 år i år, og feirar dette med å vere hovudsamarbeidspart for Næringsdagane. Siva er medeigar i Kunnskapsparken, og vi er glade for å ha dei med på dette arrangementet. Les meir om Siva på deira nettside.

 

Ver med på pitchekonkurranse – vinn penger og gratis rådgjeving

Pitchekonkurransen er en del av Næringsdagene i Balestrand 2. og 3. mai.

Meld deg på til Elisabet.Kjerstad.Boe@sfj.no innan 27. april.

For meir informasjon, sjå her.

Gro Rukan er nytilsett hos oss


(Foto: Kristine Folland)

Gro skal jobbe med innovasjon og nyskaping innan helse og utdanning.

Eikefjordingen er for mange kjend som dagleg leiar i Framtidsfylket. Det har ho vore i fem år, men i år ønskja ho å søkje nye utfordringar.

– Eg har fått tittelen forretningsutviklar i Kunnskapsparken, men eg er like mykje ein brubyggjar. Målet vert å finne dei smarte hovuda, leite fram dei gode ideane, og kople saman dei riktige folka. For å få til dette, så må eg også klare å skape møteplassar der nytenking kjem. Eg skal jobbe med å skape kultur for nybrottsarbeid. Dette gler eg meg skikkeleg til, fortel Rukan.

Sit i Førde

Frå 9. april er ho formelt tilsett i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, men vil ha kontor i lag med Helse Førde og Høgskulen sine folk. Gro skal legge til rette for idéfangst og bidra til at dei gode ideane vert realisert. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom desse tre aktørane, der Kunnskapsparken opererer som kommersialiseringsaktør for idear med utspring i helsesektoren og på høgskulen.

– Gode idear og nyvinningar kjem ikkje alltid vidare til konkret realisering eller til full utnytting av potensiale sitt fordi folk manglar verktøya. Eg skal hjelpe dei å få gjort noko meir med dei, fortel Rukan.

God miks av erfaring

Som dagleg leiar i Framtidsfylket, vart ho godt kjend med næringslivet i fylket. Ho var med å starte dei første rekrutteringsmessene og har god kjennskap til ulike oppstartsbedrifter.

Gro er utdanna frå Universitetet for miljø- og biovitskap, og er på privaten småbrukar med ein liten flokk villsau, nokre høner og 14 frilandsgris. Gro har òg bakgrunn frå oppdrettsnæringa, der ho mellom anna har jobba i fôrbransjen, vore dagleg leiar i Barlindbotn Settefisk, jobba i felt i Malawi og hatt styreverv i Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond. I ein periode dreiv ho også si eiga verksemd i Eikefjord: «Nærleiken – Kaffibar, sjelevarmar og slipsmuseum».

– Kompetansen min og jobberfaringa mi er frå litt ulikt hald, og nettopp det trur eg kan vere nyttig i innovasjonsarbeidet eg skal bidra med i Kunnskapsparken. Eg er audmjuk for oppgåva og er samtidig utruleg gira på å komme skikkelig i gang.


Kontakt Gro:

Fylkeskommunen gir støtte til nytt innovasjonsprogram ved HVL

Målet er å fremje ein kultur for innovasjon og entreprenørskap blant studentane ved Høgskulen på Vestlandet.

Programmet er ei treårig satsing, der hovudmålet er å etablere ein robust struktur for å fremje innovasjons- og entreprenørskapskultur blant studentane ved HVL.

– Programmet skal hjelpe til å utvikle ferdigheitar og metodar som gjer at studentar kan gå inn i arbeidslivet og bidra til innovasjon når dei er ferdig utdanna, seier Roger Ulvestad forretningsutviklar ved Kunnskapsparken.

Programmet har ei brei tilnærming til entreprenørskap og rettar seg mot alle studentar ved HVL. Det skal òg vere relevant for dei som ikkje tenkjer å utvikle nye bedrifter.

– Ein sjukepleierstudent som har ynskje om å utøve profesjonen sin vil med auka kompetanse om innovasjon, vere betre rusta for å bidra i omstillingsprosessar og utvikling på arbeidsplassen. Vi ynskjer auka innovasjon i regionen vår, og då er det viktig å begynne med dei som skal bli være nye arbeidstakarar, fortel Ulvestad.

Dette er eit samarbeidet mellom Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling i Bergen og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, og har fleire positive sider:

  • Eit sosialt og aktivt tiltak som knyter dei ulike fakulteta ved HVL saman.
  • Fylkeskommunane støtter eit felles prosjekt på tvers av fylkesgrenser.
  • Programmet i heilskap kan resultere i idear som kan vere med å utvikle offentlege og private organisasjonar.
  • Dette er ikkje skrivebordsøvingar, men praktiske øvingar som kan vere med å auke attraktiviteten på studia.

Programmet er framleis ikkje fullfinansiert, og samarbeidspartane søkjer meir støtte for å gjennomføre programmet i full skala.

To nye Driftig-kurs

Er kursa «Markandsføring med sosiale medium» og «Starte nettbutikk» noko for deg og di bedrift?

Driftig arrangerer ulike kurs til gründerar i Sogn og Fjordane – heilt gratis. Nå er det satt opp nye kurs i 2018. Kurshaldere er Linda Kragseth (SoMe-kurset) og Kenneth Westby (netthandelskurset), begge frå Keyteq.

 

Dato Marknadsføring med sosiale medium:

  • Førde 6. juni
  • Nordfjordeid 7. juni
  • Sogndal 29. august

Dato Starte nettbutikk:

  • Sogndal 30. august
  • Førde 24. oktober
  • Nordfjordeid 25.oktober

Les meir om kursa her


Innhald «Markandsføring med sosiale medium»

Del 1

  • Generelt om Facebook og Instagram
  • Kva påverkar feeden til brukarane
  • Tips og triks når du produserer innhald for dei ulike kanalane

Del 2

  • Annonsering på Facebook og Instagram
  • Ulike segmenteringsmoglegheiter
  • Ulike annonseformat
  • Budsjettering

Del 3

  • Måling og analyse
  • Planlegging av arbeid
  • Konkurransar på Facebook – kva er lov og ikkje

Innhald «Starte nettbutikk»

Del 1

  • Verdikjeda – kort presentasjon av dei ulike delane

Del 2

  • Ting å hugse på ved val av plattform (CMS/webshop)
  • Val av betalingsløysing
  • Pluss og minus med ulike plattformar

Del 3

  • Omsyn å ta -logistikk og CRM
  • Kopling med fysisk(e) butikk(ar)

Del 4

  • Vedlikehald av innhald i nettbutikken
  • Kort om marknadsføring
  • Viktige marknadsføringskanalar
  • Internasjonalisering

Gründerkveld på FUS 20.mars

Har du ein god idé, men manglar pengar? Eller er du gründer og vil utvida nettverket i Sogn?

Det er snart søknadsfrist til Sparebanken Vest sitt næringsfond (26. mars), og vi er på jakt etter gode søknader.

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane inviterer dermed til informasjon om sparebanken Vest sitt næringsfond og lett mingling tysdag 20. mars kl. 18:00 i gründerlokalet FUS i 1. etasje innovasjonsbygget Sogndal Campus.

Sogn Næring vil også fortelje om gründerlokalet FUS og spennande planar framover!

Les meir om næringsfondet her: https://www.kpsf.no/fa-pengestonad-i-ein-tidleg-fase/

Send en e-post til lisbeth@sognnæring.no om du ønskjer å bli med – så veit vi kor mange vi blir.

Velkomne!

Samling med innovasjonsnettverk på Vestlandet

Kunnskapsparken er på samling i Hardanger, for å bli betre kjend med innovasjonsnettverket «Inunet Hordaland».

Inunet Hordaland er eit innovasjonsnettverk som består av fem næringshagar, tre inkubatorar, Impact Hub Bergen, Innovasjon Norge Hordaland​ og Hordaland fylkeskommune. Bergen Teknologioverføring er prosjektleiar for nettverket og har invitert med «kollegaer» frå Sogn og Fjordane til felles samling i Hardanger 13.-14. mars.

På samlinga blir vi betre kjende, har erfaringsutveksling samt vi har workshops forretningsrådgivningsverktøy og digitaliseringsprogram.

Dette er eit nettverk som skal:
  • Bidra til erfaringsutveksling mellom innovasjonsmiljøa lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Auke kjennskapen og samhandlinga mellom programma i regionen og kople programma tettare saman (klynge-, inkubator- og næringshageprogramma). Også på tvers av fylkesgrensene.
Dei som er på samlinga:

Frå Sogn og Fjordane: Næringshagane i Nordfjord (Stryn og Nordfjordeid), Sognefjorden Næringshage, Gulen og Masfjorden Næringshage, Aksello og Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Frå Hordaland: BTO/Nyskapingsparken, Industriutvikling Vest, Næringshagen i Hardanger, Odda Næringshage, Næringshagen på Voss, Innovasjon Norge Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Atheno og SIVA.

Bli med på påsketreff i Nordfjord

Alle som har interesse av å bu, leve og arbeide i Nordfjord må få med seg dette.

Saman med Nordfjordeid Næringshage, inviterer Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane deg og di bedrift til «bli-kjend-fest» for å møte nye folk i Nordfjord. Tysdag 27. mars møter du eit spennande og mangfaldig næringsliv på Operahuset Nordfjord frå kl. 20.00.

Påsketreff vert gjennomført på oppdrag frå Eid kommune. I år har vi teke vare på det beste frå tidlegare år og lagt til rette for nye opplevingar. Det vert ikkje eigne stands for kvar bedrift – med felles områder i Operahuset for samtalar over mat og drikke, der informasjon og underhaldning vert noko av det som skjer.

Tema og nøkkelord;

  • Bli kjend-med nye samarbeidspartar i Nordfjord
  • Bli kjend-med potensielle nye medarbeidarar
  • Bli kjend-med mat i Nordfjord
  • Bli kjend-med etableringsmogelegheiter
  • Bli kjend-med Stad 2020 og Stad Vekst
  • Bli kjend-med Malakoff 2018
  • Bli kjend-med kva venner har gjort sidan sist

Sjå her for meir informasjon og påmelding.


Helse Førde får 810.000 i innovasjonsmidlar


Foto: Helse Førde

Saman med Kunnskapsparken, har Helse Førde jobba fram tre nye idear som har motteke pengestønad frå Helse Vest.

Kvart år kan ein søke innovasjonsmidlar frå Helse Vest. Dette er midlar ein kan få tildelt allereie på eit idéstadium, for å gi drahjelp til å realisere gode idear.

– Ofte blir gode idear verande innanfor sjukehuset sine fire veggar. Vi skal hjelpe personar med gode idear å få dei ut i live, fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane (KPSF).

Sidan 2016 har Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane samarbeida tett med Helse Førde, for å kommersialisere dei gode ideane i helsesektoren. Forretningsutviklarar i KPSF ser no fram til å jobbe meir målrette med dei tre ideane som no har fått stønad.

– Dette arbeidet gler vi oss stort til, seier Hovland.

Også viseadministrerande direktør i Helse Førde er glad for stønaden:

– Det er flott at Helse Vest set av årlege midlar til innovasjonsprosjekt. Dette gir drahjelp til nyskaping og forbetringsidear som elles ikkje «høyrer til nokon stad» i drifta vår, men som har potensiale til å forbetre Helse Førde, fortel Anne Kristin Kleiven.

Kleiven trur dette er bra for innovasjonsarbeidet ved Førde sjukehuset, og meiner det viser at sjukehuset er iferd med å utvikle ein kultur for innovasjon og nyskaping.


Om ideane

  1. Ein applikasjon for alvorleg lungesjuke.
  2. Meir skånsom flytting av nyfødde barn til MR-benk.
  3. Samarbeid mellom NTNU-studentar og akuttmedisinsk avdeling.

Totalt får Helse Førde 810.000 kroner frå Helse Vest til innovasjonsprosjekt.