Skriveverkstad SkatteFUNN: Skei, 14. august

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane arrangerer i samarbeid med Forskingsrådet og Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane aktiv skrivedag i SkatteFUNN: Skriveverkstad.

SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning for bedrifter som utviklar nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar. Lurer du på om SkatteFUNN er noko for di bedrift, eller er du i gang med ein søknad? Kom på SkatteFUNN-skriveverkstaden 14. august. Der vil du få informasjon frå Forskingsrådet om kva du kan få økonomisk støtte for gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt. Last ned brosjyre om SkatteFUNN her.

På skrivedagen jobbar du med ditt prosjekt og får råd til utfylling av søknadsskjema med målsettingar, FoU-utfordringar og aktivitetar. Vi vil gå trinnvis gjennom søknaden og gi råd undervegs. Hugs å ta med PC/nettbrett.

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil informere om regionale ordningar for forsking og innovasjon. Du kan også diskutere moglegheiter for bedriftsutvikling med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane som stiller med forretningsutviklar. Rådgjevar frå Innovasjon Norge vil også vere tilgjengeleg.

PROGRAM:

 

09:30

Kaffien står klar

10:00

Velkommen

10:05

Regionale ordningar for forsking og innovasjon

10:15

SkatteFUNN  – Kva og korleis?

11.00

Kom igang:  Innlogging og oppretting av søknad og start skriveøkt

11:30

Lunsj

12:00

Skriveøkt, med rettleiing undervegs, fortset
14:45 Oppsummering og vel heim

PÅMELDING
Skrivedagen er den 14. august på Skei på Thon Hotell Jølster.
Påmeldingsfrist er 9. august.

Meld deg på her.

Ta kontakt med Jøril Hovland (48219780 eller joeril@kpsf.no) om du har spørsmål.

Velkomen til ein produktiv skrivedag i SkatteFUNN!

Elevane fekk gründeren til å utvikle eit betre produkt

Det starta med «Skoleflink» i 2016. No har ideen til Kristoffer blitt fornya i selskapet Eduplaytion, takka vere dønn ærlege skuleelevar.

– Eg har brukt elevar frå ulike barneskuler flittig. Dei har vore med på alt frå design, spelereglar og historieoppbygging. Skal ein lage eit produkt for born, må dei kjenne seg igjen. Eg kan ikkje anta kva som er kult og fungerer, fortel Kristoffer Hundershagen.

29-åringen er overtydd om at born ikkje vert fenga på same måte i dag som for ti år sidan. Digitalisering har ført med seg kravstore born og unge. Dette må vi ta inn over oss.
Difor ønskjer Hundershagen å lage eit produkt som snakkar elevane sitt språk.

Kristoffer Hundershagen har erfart kor mange elevar som sliter med matematikk. Han vil hjelpe dei å lære betre, med eit digitalt alternativ til skuleboka.

Starta med «Skoleflink»

Naustedølingen jobba sjølv som lærar på ein barneskule i Naustdal då han erfarte kor mange elevar som sleit med matematikken. Han ville hjelpe dei å lære betre, ved å utvikle eit digitalt alternativ til skuleboka.

I 2016 lanserte han Skoleflink, ein plattform med leksehjelp og videobibliotek. Her kunne elevane lære matematikk, spansk og tysk ved hjelp av moderne videoar.

– Skoleflink vart godt motteken. Det var eit behov og mange var villige til å prøve det ut. Men slik vi laga produktet, vart det ikkje integrert godt nok i kvardagen til elevane. Det vart ein ekstra ting elevane skulle styre med heime når dei gjorde lekser. I ettertid ser vi at vi skulle gjort ting litt annerledes for å få ein større etterspurnad, fortel Hundershagen.

Kristoffer skjønte at dei måtte endre kurs. At fleire tusen elevar lærte å meistre matematikken betre, styrka hypotesen deira om at behovet var der. Det var måten dei angrep marknaden på som måtte endrast.

La om taktikken

I dag, to år seinare, har Skoleflink vorte til Eduplaytion. Eit spelutviklingsselskap som i første omgang kjem med eit matematikkspel. Og no har 29-åringen innsett at dei beste produktutviklarane og kritikarane er elevane sjølv.

– Vi vaksne har ofte eigne førestillingar om korleis ungar opptrer og reagerer. Det blir fort feil. Difor har vi valt å nytte elevar meir aktivt i utviklinga og lære korleis dei faktisk agerer. Vi må tørre å spørje «Kvifor vart du lei no?», «Kva var kjedeleg med dette?», «Kva gav deg motivasjon til å forsetje?» «Korleis skulle du ønskje det var?» osv.

Det krevjande arbeidet med brukarmedverknaden ser ut til å gi resultat.

Etter ein demotest med 400 elevar frå 5. til 7. klasse, kom det tydeleg fram at matematikkspelet Numetry var inne på noko.

Fekk god stønad

No har Eduplaytion fått napp hos investorar og hjelpemiddelapparat. Etter ein demotest med 400 elevar frå 5. til 7. klasse i fjor, kom det tydeleg fram at matematikkspelet Numetry var inne på noko. Dei såg eit betydeleg potensiale og fann ein unik moglegheit.

– Dette gav oss ein utløysande effekt med tanke på finansiering. Vi fekk midlar frå blant anna Innovasjon Noreg og Sparebanken Vest-fondet til å utvikle oss vidare. Sunnfjord Utvikling hadde allereie vorte med å finansiert første prototype. Vi fekk òg bli med på mentorordninga til Innovasjon Noreg, fortel Hundershagen.

Dei er òg medlem av Media City Bergen og Oslo EdTech Cluster. I tillegg er dei ein del av inkubatorordninga til Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, og håpar å komme seg inn i Peak Sunnfjord ein gong på nyåret. Her møter dei forretningsutviklarar som både er kravstore og gode sparringspartnarar.

– Eduplaytion lagar eit digitalt produkt som er kostnadskrevjande. For oss i Kunnskapsparken er det viktig at gründerar har orden i eige hus. Eduplaytion har berre vore i inkubatoren vår i knappe to månader, så det naturlege fokuset no er budsjett- og likviditetsarbeid. I tillegg blir det viktig å få til ei god marknadsintroduksjon og sal framover, seier Hilde Grinde, ei av fire forretningsutviklarar i Kunnskapsparken som jobbar med Eduplaytion AS.

Får med ekspertar

På vegen har Kristoffer fått med seg mange folk. I dag har han 10 samarbeidsskular i Noreg, med blant anna Eikefjord og Slåtten skule i Sogn og Fjordane.

– Allereie under utviklinga av Skoleflink fekk eg med meg ei teknologibedrifta QuickTech i Brasil, drive av Magnus Berglund. Dei jobbar eg fortsatt tett med når det gjeld utvikling og design. No er vi i gang med å byggje opp eit sterkare fagleg team, slik at vi kan bli betre på godt innhald.

Til forskjell frå det som er på marknaden i dag, ønskjer ikkje Eduplaytion å digitalisere lærebøker og skuleoppgåver. Deira fokus er å skape eit trygt og kjend miljø for elevane. Målet er å akselerere barna sine interesser for å lære matematikk på deira premisser. Gjort riktig, er dei overtydd om at dette vil gje ein raskare progresjon.

– Difor har vi fått med oss ressurspersoner frå ulike høgskular og universitet, samt fire matematikklærarar med lang fartstid i skulen. Dei gir oss eit bra fagleg team, seier Hundershagen.

Treng fleire investorar

No er dei i dialog med nye investorar. Ved å vere med i ulike nettverk og delta på samlingar, møter dei folk over alt. Dei må vise moment og drivkraft, noko dei har – utan tvil. Med stor vekst på kort tid, håper dei fleire investorar vil bli med på laget.

– Vårt sterke fokus på medverknad frå elevane, gjer oss unike. Vi nyttar elevane til alt, i alle fasar av utviklinga. I mine auge gjer dette produktet betre og meir treffsikkert.  

Les meir om Edupalytion på deira nye nettside.

Bilde teken i Brasil (f.v.): Carlos Rodrigues, Mario Moura, Gustavo do Silva, German Barros, Alberto Alves, Kristoffer Hundershagen, Magnus Berglund. Ikkje tilstades Patrick Holleman.

«Bygdeblokka» skal huse framtidas bygdefolk

Med ny velferds- og omsorgsteknologi, solfangarar til varmtvatn og gras på taket, skal Nordbohus bygge moderne bygdeblokkar tilpassa folk på bygda.

Bygde-Noreg står ovanfor ei stor eldrebølge. Dette aukar etterspurnaden etter ei lettstelt og meir tilpassa busituasjon, med teknisk innovasjon som gjer det mogleg å bu heime lengre.

Samstundes er det eit aukande behov for bustader til nyetablerarar og vaksne med utflytta born. Dei ser gjerne etter bustadar med tilgang på felles løysingar og sosiale møteplassar.

Færre folk og lågare bustadpriser

Prosjektet «Bygdeblokka» er starta av Nordbohus. Dei ønskjer å skape ein boligblokk tilpassa folk i slike livsfasar, som bur på bygda. Det betyr at blokka skal vere tilpassa fleire brukargruppar og tilby ein busituajon du kan leve med i mange år.

– Vi har ønskja å skape eit konsept tilpassa behov og etterspurnad. Det er færre folk på bygda, så vi kan ikkje byggje for stort. Difor skal bygdeblokka ha maks fire etasjar, i tillegg til parkeringskjellar. Og viktigast av alt: Bustadprisane på bygda er lågare enn i byane, så vi må finne ein pris folk vil betala, fortel Dag Loftesnes, dagleg leiar i Nordbohus.

Kva treng folk i dag?

Nordbohus har levert bustader i Sogn i snart 20 år. Hovudleveransen har vore einebustadar, men dei siste åra har dei sett ei endring i marknaden. Mange etterspør mindre bueiningar.

– Folk vil ha nøkkelferdige leilegheiter. Dei vil ha det enkelt og framtidsretta. I tillegg kjem eldrebølga, som gir eit behov for fleire bustader der folk kan bu lenger heime, fortel Loftesnes.

Då gjeld det å byggje leilegheiter som legg til rette for ulike behov. Det er slik Nordbohus tenkjer. Alle leilegheitene skal vere klargjort for nyaste velferds- og omsorgsteknologi – for alle livsfasar. Det betyr at du kan flytte inn nå og bli gamal i leilegheita. Treng du heiseanordningar, rullator, rullestol, golvbelysning som førebygg fall eller andre hjelpemiddel på eit tidspunkt, så treng du ikkje flytte veggar, bygge om badet eller leggje nye røyr. Forarbeidet er allereie på plass, så tilpassingane kan gjerast rimeleg og effektivt.

– Vi er i dialog med kunnskapsmiljø som Sintef, Høgskulen på Vestlandet, NTNU og Distriktssenteret. Dette for å få hjelp til å sjå kva behov vi har i framtida. Vi vil sjå korleis vi kan møte framtida, både med tanke på eldrebølga, og med fokus på miljø og teknologi, fortel Loftesnes.


Her frå ein workshop på Kaupanger.

Samarbeid med lokale aktørar

Å få til slike leilegheiter til ein god pris, er ein utfordring. Ein blokk med ni einingar, som skal dele på utgiftar som heis, parkeringskjellar og anna fellesareal, blir fort dyrare enn ein blokk med mange einingar.

– Difor har vi utvikla eit konsept til ein pris vi trur marknaden er villig til å betala, eit konsept vi har jobba med i over fire år.

Nordbohus har fått med seg Jatak Kaupanger og Holen Installasjon til å realisere konseptet. I tillegg har dei med seg gode ressursar frå Nordbohus Gjøvik og Nordbohus Modum.

I planleggingsprosessen har det vore fokus på å effektivisere og standardisere byggje- og planprosessene. Saman skal dei byggje elementbaserte bygg av tre, der mykje forberedast på fabrikk og monteringstida vert lågare.

Partane har nyleg vore i Litauen og sett meir på modulbaserte bygg, mellom anna modulbaserte bad. Dette gav mange idear til gode løysingar med effektiv produksjon og monteringstid. Dei har òg vore i kontakt med Bano på Sandane.

– Vi er i gang med eit pilotprosjekt på Leikanger, der vi håper å starte salet/byggjeprosessen i løpet av 2019, fortel Loftesnes.

– Eit framtidsretta prosjekt

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane kom inn i prosjektet i 2017 og har fungert som prosjektleiar med det koordinerande ansvaret. Etter eit tett samarbeid med Arne Monrad Johnsen i Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, har bygdeblokka fått innvilga FOU-startpakke.

– Bedriftene skal kunne fortsette med sin kjerneverksemd, sjølv om dei driv med utviklingsarbeid. Då er det fint at vi kan komme inn og hjelpe til med rapportering, framdrift og organisering, fortel Hilde Grine, forretningsutviklar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Partnarane har hatt fleire workshops, vore i kontakt med akademia og gjennomført studieturar. Samarbeidet har bidratt til kunnskaps- og nettverksdeling, og at en i dag samhandler på eit nytt nivå – med mål om å skape den optimale bygdeblokka.

– Målet har vore å lage eit konsept med gode fellesløysingar, der trebygget kan setjast opp av lokale entreprenørar, til ein pris som er overkommeleg for målgruppa. Arbeidet med å utvikle konseptet har vore tid- og ressurskrevjande. Her har dei gjort ein kjempejobb, skryt Grinde.

Møt naboane til kaffi

Grinde trekker òg fram fellesareal som eit viktig fokusområde i prosjektet. Folk er oppteken av å ha møteplassar og dekke behov som kanskje forsvinn når ein flyttar frå einebustad til leilegheit.

– Samfunnet effektiviserast og digitaliserast, og viktige sosiale møteplassar forsvinn. Dette har bygdeblokka prøvd å gjere noko med. Vi har mellom anna sett på muligheita for bibliotek, arbeidsstove, ekstra oppbevaring og ei ekstra leilegheit til bruk ved besøk og liknande. Her er mange moglegheiter, ein må berre finne ein smart måte å utføre dette på, slik at prisen på bustaden ikkje blir for høg.

– Framtidas boligblokk tar høgde for både miljø, teknologi og det kommande eldrebølga. Tenk om folk flest kan bu heime lenger og samtidig møte folk i ulike fasar i livet i fellesareala i blokka, til dømes kaffikroken, seier Grinde.


Her frå studietur til Litauen for å sjå på modulbaserte løysingar.

 

Kvifor du skal bli med på Fjellpitch? Nlink gir deg svaret

Nlink har vore ny gründerbedrift i Sogndal og veit kor viktig nettverk og rådgjeving er. Sjå video.

Håvard Halvorsen fortel om Nlink As si utvikling gjennom 10 år, frå nyoppstarta gründerbedrift til eit veletablert robotselskap. Han oppfordrer alle til å delta på Fjellpitch under Fjellsportfestivalen 22. februar.

Her får du sjansen til å vinne rådgjeving, kontorplass og pengar for å drive din forretningsidé framover.

Sjekk ut arrangementet på Facebook.

 

Sjå video:

Fjellpitch - Vinn premie verdt 57 000 kroner

Bli med på Fjellpitch og vinn rådgjeving, kontorplass og 20.000 kroner!

Fjellpitch - Vinn premie verdt 57 000 kroner

Vil du bli gründer i Sogndal? Få med deg dette arrangementet under Fjellsportfestivalen.

Fredag 22. februar er gründerar og idéspirar frå heile landet invitert til frukost på FUS (Campus Sogndal), med innslag frå etablerte gründerar og ein pitchekonkurranse der du kan delta. Vi i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Sogn Næring ønskjer å møte deg og høyre din geniale forretningsidé.

Forbered ein god framstilling av forretningsideen din og presenter han for oss med entusiasme og overtyding. Kanskje akkurat din idé når opp og gjer at du stikk av med premien?

Send søknad innan 14. februar for å få delta (link). NB! Maks 15 plassar.

Pris: 550 kr. (Alle som deltek får festivalpass, kontorplass under festivalen, rettleiing i forkant av konkurransen og ein gåvepakke med lokale produkt).

Gir fruktbare resultat

Det har vore arrangert pitchekonkurranse under Fjellsportfestivalen tidlegare, med stort hell. Vinnaren, Sognefjord Kaffibrenneri, er i dag godt etablert i Sogndal.

– Dette er ei unik moglegheit for deg som går rundt med ein idé. Vi gjer dette igjen fordi vi ser kor fruktbart eit slikt arrangement er, både for gründerar og for regionen vår. Vi ønskjer å legge til rette for meir innovasjon og verdiskaping, og trur mykje ligg i å hjelpe gode idear på rett veg, seier Hilde Grinde i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Grinde er forretningsutviklar og har hjulpet mange gründerar til å komme seg vidare. Ho veit kva ho skal sjå etter:

– Det er ideen med størst potensial som kjem gjennom nålauget. Då ser vi både på personlegdom og gjennomføringsevne, i tillegg til idé og ikkje minst vekstpotensial, legg Grinde til.

Premie verdt 57.000 kroner!

Premien er ein rådgjevingspakke på 20 timar, kontorplass på FUS i 3 månadar og 20.000 kroner! I tillegg får du festivalpass, helgepass i Sogndal Skisenter Hodlekve og sesongkort hjå Sogndal Fotball. Dette er ein unik moglegheit for deg som vil utvikle noko i Sogndal.

Vinnaren vert annonsert på Fjellsportkveld (fredag kl. 21.00-22.00).

Tid og stad: FUS, Campus Sogndal kl. 07.30-10:30, fredag 22. februar.


Rekordmange søkarar på SPV-fondet i år

Midlane er tildelt og Asbjørn Dyrkorn Løland i Aducate er ein av dei som kan juble.

– Det er veldig stas. Dette tilskotet er utløysande for å få til ein prototype no. I ein oppstartsfase er det avgjerande å få midlar for å komme seg vidare, fortel dagleg leiar Asbjørn Dyrkorn Løland.

Aducate vart stifta i fjor haust og held til i Hyllestad. Dei har som føremål å heve kompetansen innan fiskehelse, miljø og berekraft i akvakulturnæringa, ved hjelp av ein digital plattform og kursverksemd. Frå SPV sitt næringsfond har dei har fått tildelt kr. 100 000 til prototypeutvikling.

– Til no har vi undersøkt marknaden og har komme fram til korleis vi ønskjer å konkretisera ideane. Neste steg er å bygge opp ein digital prototype og teste både plattform og kursmetodikk saman med ein pilotkunde. Det er dette midlane vil gå til, fortel Dyrkorn Løland.

Han er sjølv fiskehelsebiolog og ønskjer å heve kometansen om fiskehelse i havbruksnæringa. Pilotkurset dei skal i gang med er ein liten del av eit større bilde. På sikt skal dette bli ein kompetanseplattform.

Rekordmange søkarar

Sparebanken Vest starta opp med næringsfondet i 2008. Sidan den gong har det i snitt komme 35 søknadar kvart år. I år kom det 60 søknader. Desse søkarane er fordelt på ein søknadsfrist om våren og ein på hausten. I år vart det til saman 10 tildelingar, 5 av dei no i haust.

– Vi ønskjer at dette skal vere tilgjengeleg for mange, og at fleire skal vite om moglegheita til hjelp. Difor er det gledeleg med så mange søkarar, fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, som tek imot søknadane.

Hovland fortel at det er mange gode kandidatar blant søkerane og at det er mykje spennande som forgår i regionen vår. Ho håpar det fortset slik.

Vil du vite meit om næringsfondet? Sjå her.


Desse fekk tildelt midlar i haust:

  1. Aducate – utviklar kompetanseplattform, og fekk midlar til prototypeutvikling.
  2. BoostUp – utviklar konsept for leiarar, og fekk midlar til marknadsundersøking.
  3. Eduplaytion – utviklar spill for læring av matematikk, og fekk midlar til utvikling av prototype.
  4. ReTrade – utviklar ei plattform for kjøp og sal av elektroniske komponentar, og fekk midlar til prototypetesting og produktutvikling.
  5. Pust deg bedre – utviklar løysing for lungesjuke, og fekk midlar til utvikling av forretningsmodell for kommersialisering.

Utanlandske investorar kjøper opp vind- og vasskraft i Sogn og Fjordane. Kva så?

I Fjærland har tyskarane investert i seks småkraftverk. I Florø kjøper gigantfondet Blackrock opp vindkraftanlegget Guleslettene.

Som ein del av forskingsprosjektet Release, ser forskarane på lokal innverknad av småkraftsatsinga i Noreg. Forskarane prøver å vere nøytrale når dei stiller spørsmåla: Kva betyr nye eigarmodellar? Spelar det nokon rolle kven som eig småkraftverka?

Førsteamanuensis Bente Johnsen Rygg og forskar Gunnar Yttri jobbar mykje med dette. Dei intervjuar ulike aktørar om deira haldning til ulike eigarmodellar. Korleis bli haldningane påverka av utanlandske investorar?

– I eit tilbakeblikk ser vi at både fallrettshavarar og styresmakter ønskte at grunneigarar skulle byggja og driva kraftverk i eigen regi. Mange lukkast med dette, skriv Yttri i ein publikasjon på Idunn.no.

– Samstundes krev ei slik drift kapital og ekspertise over tid. Fleire grunneigarar valde difor å alliera seg med profesjonelle, kommersielle aktørar og inngjekk avtalar med desse. Fram til 2014 og 2015 var dette i hovudsak norske kraftselskap. Nå er det utanlandsk kapital som spelar den største rolla.

Småkraft skaut fart frå 2009

Utbygging av småkraft starta rundt 2000, men skaut for alvor fart etter at Noreg og Sverige i 2009 inngjekk ein intensjonsavtale om å etablere ein felles marknad for elsertifikat frå 2012. I starten var det i hovudsak grunneigarar som gjekk saman og etablerte private kraftlag, eller bedrifter som spesialiserte seg på utbygging av småkraftverk, eksempelvis Småkraft AS og Grønnkraft AS.

Dette til forskjell for dei store vasskraftverka, som er eigd av kommunar, fylkeskommunar og stat. Desse store offentleg eigde selskapa representerer om lag 90 prosent av kraftproduksjonskapasiteten i Noreg. Men bilete er i ferd med å endre seg ved at internasjonale eigarar kjøper opp dei største aktørane innan småkraft, som t.d. dei nemnde selskapa Småkraft AS og Grønnkraft AS.

– I tillegg har mange nye typar norske eigarar, utan bakgrunn frå energisektoren, kjøpt opp småkraftverk. Her er Obos og Ikea to eksempel. Dei ønskjer å satse på fornybar energi og investerer i småkraftverk, fortel professor Kristin Linnerud, ein av forskarane i Release.

I Fjærland blir det i dag bygd småkraftverk i regi av tyske KGAL Investment Management GmbH. I Veitastrond bygger bustadselskapet Obos to småkraftverk. I tillegg har nesten alle vindkraftprosjekt i Noreg internasjonale medeigarar. Det norske vindkraftselskapet Zephyr har nyleg selt vindkraftparken under bygging i Florø, til verdas største investeringsfond: BlackRock, som er ein leiande internasjonal investor i fornybar energi.

Utanlandske investorar – kva så?

Gjer det noko at det kjem inn nye investorar av småkraft? Er det ikkje bra for lokalsamfunnet at ein større, meir føreseieleg og profesjonell aktør kjem inn? Eller er folk redd for at lokale verdiar og ønskje ikkje blir ivaretekne?

Leiar av Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit, meiner det er bra å få inn utanlandske investorar. Han ser at dei har eit langsiktig perspektiv og oppfører seg bra.

Tveit presiserer korleis denne investormodellen ser ut i småkraftverda. For vassfallet er eigd av grunneigar, og grunneigaren leiger ut retten til å utnytte vassfallet. Det er her utanlandske investorar kjem inn og kjøper ein leigeavtale. Ofte er dette for ein periode på 40 år eller meir, før investorane trekker seg ut igjen om ikkje nye avtaler blir skrive.

– For ein del grunneigarar er investeringane, som krevjast for å bygge ut småkraft, for stor og risikabel. Då er det bra at utanlandske investorar kjem. Utan dei hadde mange prosjekt aldri blitt noko av. For mange grunneigarar og bønder hadde det betydd å la ressursane ligge død, fortel Tveit.

Småkraftforeninga legger til at dei heiar fram norske grunneigarar som får til å byggje ut sjølv, utan utanlandske investorar.

– Men saka er den at Noreg per i dag har 400 småkraftkonsesjonar som ikkje er bygd. Dei som byggjer dei, er utalandske investorar. Utan denne kapitalen hadde det ikkje vorte bygd mykje.


Bjåstad småkraftverk i Fjærland. Foto: Sognekraft


Berge småkraftverk på østsida av Fjærlandsfjorden. Foto: Sognekraft

Leikangerprosjekt realisert

Noko av bakgrunnen for at Sognekraft vedtok å selje Fjærland Kraft AS til tyske eigarar, var å få økonomiske musklar til å bygge ut Leikanger Kraft AS.  Denne investeringa er på om lag 800 millionar kronar, og det vil gi ein årsproduksjon på 208 GWh. Utbygginga vil gi fornybar energi tilsvarande årsforbruket til meir enn 10.000 husstandar.

Fjærland Kraft AS omfattar seks småkraftverk ved Fjærlandsfjorden, med ein samla årsproduksjon på omlag 116 GWh. Utan dei tyske investorane hadde prosjektet i Leikanger vore vanskeleg å realisere meiner Sognekraft.

KGAL som eigar i Fjærland, inneber at Sognekraft skal drifte og vedlikehalde desse kraftverka og at Sognekraft kan kjøpe Fjærland Kraft AS attende etter 25 år.

– Eg er utruleg stolt over at vi har fått til denne løysinga. (…) Produktet er rein fornybar energi, som også framtidige generasjonar får nytte og glede av, seier Terje Bakke Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft på eine nettsider.

Eksperiment med studentar på HVL

Som nemnt innleiingsvis, er eit viktig spørsmål i forskingsprosjektet Release å få kunnskap om korleis haldningar til utbygging av fornybar energi er påverka av eigarskap og evt endring av eigarskap? Eksperiment vart utført blant studentar på HVL, der dei vart spurt om å krysse av for haldningar til eit tenkt vasskraftverk.

I utgangspunktet var ikkje haldningane til studentane påverka av om det var lokale grunneigarar eller eit stort nasjonalt kraftselskap som sto for utbygginga.

– Men vi såg at skepsisen auka når dei fekk vite at eigarskapet skulle skifte hender. Frå nasjonalt til lokalt eigarskap, eller motsett. Og det er interessant. Dette viser at hyppig skifte av eigarskapsmodeller kan påverke folks aksept for utbygging av fornybar energi, fortel Linnerud, som deltok i eksperimentet.

Gjeld òg utbygging av vindkraft

Det er først dei seinare åra at investeringar i vindkraft har auka på i Noreg. Innan 1. april neste år skal nasjonal ramme for vindkraft utarbeidast, og grunnlaget for rammene er NVE sine vurderingar. Dei tek utgangspunkt i 43 analyseområder i Noreg som til slutt skal reduserast til 15-20. Dette er område som egner seg til utbygging av vindkraft, og fleire av desse områda er i Sogn og Fjordane.

– Alle vindkraftverk som er under bygging i Noreg har internasjonale eigarar. Vi ser eksempel på dette både på Fosen og i Florø, fortel Linnerud.

Fosen Vind AS blir Europas største vindpark når den står ferdig i 2020. Den skal produsere nok straum til 170.000 norske husstandar. Vindparken er eigd av Credit Suisse (40 %), Statkraft (52 %) og Trønderenergi (8 %).

Linnerud deltar i EU-prosjektet Winwind og har intervjua personer om ulike perspektiv på denne utbygginga. Ho har snakka med utbyggjarar, ordførarar, rådmenn, hotelleigarar, næringslivsaktørar, fylkesmenn, reineigarar og naturvernarar.

– Så langt ser dei fleste ut til å meine at utanlandsk eigarskap ikkje påverkar deira haldning til utbygging, i alle fall så lenge majoritetsandelen vert kontrollert av eit norskeid selskap, fortel Linnerud, og legg til:

– Vi ønskjer vidare i prosjektet å bruke nye metodar, kanskje eit breitt anlagt spørjeskjema, for å lodde stemninga i folkedjupet. Kan det vere slik at endringane i eigarskap går under radaren på folk? Eller er vi nøgd med at internasjonal kapital bidreg til å skape nye arbeidsplasser og redde klima?

Det står att å sjå kva resultat Release finn. Vi i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane skal vere formidlar i dette prosjektet og vil oppdatere deg om kva som skjer.

Vil du lese meir om Release? Sjå her.


Relevante publikasjonar:

Lege, sivilingeniør og småbarnspappa satsar på innovativ idé


Kvifor namnet Eyrsys? Eyr er den norrøne gudinna for legekunsten, medan «sys» står for system.

– Utan starthjelp og finansiering hadde det ikkje blitt noko. Risikoen hadde vore for stor og eg hadde ikkje turt å redusere legejobben, fortel 45-åringen.

Andreas Englin er utdanna både lege og sivilingeniør innan teknisk fysikk. Han har vore med å starte ein del av eit konsulentselskap i Stockholm, som i dag tel rundt to hundre tilsette, før han tok legeutdanninga og fekk jobb som fastlege i Sogndal. Kombinasjonen av dei to utdanningane har han derimot aldri fått utnytta. Før no.

– Eg har alltid ønskja å nytte begge kompetanseområda til noe genialt. Sjølv før eg starta på legestudiet, hadde eg ein plan om det. Som utviklar og lege er det mykje å ta tak i, fortel Englin.

Mangla verktøy på legekontoret

Ideane har surra i hovudet på svensken i fleire år. Men legejobben har teke mykje tid og to små ungar på heimebane gjer ikkje livet mindre hektisk. Men då Englin fann eit tydelig behov på eige legekontor, fekk han ideen til Eyrsys AS. Handtering av blodprøveresultat kan vere tidkrevjande og vert ofte handtert «på toppen av alt anna».

– Overtidsarbeidet kunne vore redusert med eit system som effektiviserer denne prosessen, eit system som samtidig aukar kvaliteten på oppfølginga av pasientane, forklarar Englin – og utdjupar:

– Dagens journalsystem gir lite klinisk støtte til avgjersla vi leger tek. Her er det eit stort potensial til å utvikle noko betre.

– Genial idé

Etter fleire rundar med rådgjeving frå Kunnskapsparken og kreative diskusjonar heime, har Eyrsys sin idé begynt å forme seg. Bedrifta vart først teken opp i pre-inkubasjon, der dei jobba med å spisse forretningsideen. Det vart gjennomført kartlegging av kundar og konkurrentar, og dei såg etter potensielle samarbeidspartnarar som kan hjelpe produktet ut i marknaden.

– Vi har stor tro på produktet Andreas har komme fram til. Det vil vere eit verktøy som kan effektivisere arbeidet til allmennlegar. I tillegg vil løysinga auke kvaliteten på samhandlinga mellom pasient og behandlar, fortel Hilde Grinde, forretningsutviklar i Kunnskapsparken.

Grinde er ikkje i tvil om at Englin er godt rusta. Ho meiner han er ein person som ser etter dei beste løysingane og ønskjer å involvere fleire i utviklinga. Dette bidreg òg positivt inn i gründermiljøet til Kunnskapsparken.

800.000,- i starthjelp

Og det er fleire enn oss i Kunnskapsparken som har trua på Eyrsys. Næringsfondet til Sparebanken Vest har bidrege med 200.000 kronar, medan Innovasjon Noreg har gitt 630.000 kronar til kommersialisering og prototypeutvikling. I tillegg har bedrifta motteke 32.000 kronar til mentorstøtte.

– Det har vore helt utruleg å få denne starthjelpa. Nå kan eg hyre inn meir ekspertise, sjå etter fleire investorar og ikkje minst satse meir på ideen min. Utan midlar hadde eg vel gått å stanga hovudet i veggen og aldri komme vidare med ideane mine. Eg har vore frustrert til tider, fortel Englin.

– Det er så godt å endeleg kunne satse meir på prosjektet mitt, legg han til.

Vil du vite meir om Eyrsys? Andreas Englin sit jamnleg i kontorlokalane til FUS på Fosshaugane Campus (når han ikkje er på legekontoret i Sogndal).



Andreas Englin viser i korte trekk kva program han har tenkt å utvikle.

Vi ser etter fleire gode gründerar og prosjekt som ynskjer rask vekst

Kunnskapsparken driftar kontorlokalane FUS i Sogndal saman med Sogn Næring. Foto: FUS v/Falkeblikk.

Vårt inkubatorprogram stig i tilskotsmodellen til SIVA. Dette er ein anerkjenning av våre resultat og tenester.

Vi takkar for tilliten og vi skal fortsette å levere gode tenester som bidreg til å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne for våre inkubatorbedrifter. Ein slik anerkjenning viser at vårt tilbod når fram og kan byggje opp fleire nyvinningar. Eit nivå høgare i tilskotsmodellen gir oss meir midlar og betre moglegheit til å hjelpe. Difor er vi på jakt etter fleire gode gründerar og smarte prosjekt frå næringslivet som vi kan hjelpe.

Er du ein av dei vi ser etter? Ta kontakt med ein av våre forretningsutviklarar.

Om inkubatorprogrammet

Kunnskapsparken har vore ein del av SIVA sitt inkubatorprogram sidan 2006. Inkubatorprogrammet er eit verktøy for nyskapande vekstbedrifter og gründerar, der vi tilbyr profesjonell rådgjeving til gründerar, kontorfasilitetar, fagleg og sosialt miljø, tilgang til investorar og nettverk. Formålet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.

Gjennom inkubatorprogrammet til SIVA får Kunnskapsparken tilskot til å jobbe målretta med gründerar og innovasjon i lokalt næringsliv. Dette betyr at gründerar og bedrifter som blir teke med i vårt inkubatorprogram får inntil 75 prosent rabatt på våre tenester.

Vårt inkubatorprogram passar for deg som ønsker å utvikle ein nyskapande forretningsidé til levedyktig bedrift – og omfattar gründerar og bedrifter i heile fylket. Gjennom inkubatorprogrammet har vi eksempelvis hjulpe fram bedrifter som Melin Medical på Sandane, INTIN i Førde, og nLink i Sogndal.

– Vi har kunnskapen, verktøya og nettverket som gjer det litt enklare for deg å lukkast. Når Kunnskapsparken stig i tilskotspyramiden til SIVA får vi meir musklar – men då treng vi òg fleire gode prosjekt, fortel Roger Ulvestad, inkubatorleiar.

Eit løft for inkubasjonsprogrammet

Ei nasjonal evaluering av Sivas sine operatørar innan næringshage- og inkubasjonsprogrammet har resultert i nye og meir effektive tilskotsmodellar. I tillegg aukar programtilskota med til saman 15 prosent. Totalt vil Siva dei kommande åra utbetale om lag 164 millionar kroner årleg i tilskot, fordelt på 35 inkubatorar og 40 næringshagar.

– Etter innføringa av meir målretta tilskotsmodeller i 2016, har vi opplevd rekordresultat innan både inkubasjons- og næringshageprogrammet, seier Kjerstin Spjøtvoll, direktør innovasjon i Siva på eigne nettsider.


Sjå vår infofilm:

Lokalt næringsliv med på forskingsprosjekt

Teknoløft Sogn og Fjordane har fått 40 millionar til å bygge eit sterkt forskings- og utdanningsmiljø som er relevant for næringslivet i fylket.

I Teknoløft skal det byggjast eit sterkare teknologisk forsking- og utdanningsmiljø ved Høgskulen på Vestlandet og i Vestlandsforsking.

– Vi skal byggje opp kapasiteten. Vi skal tilsette fleire professorar, doktorgradstipendiatar og utarbeide nye fagtilbod ved Høgskulen. Vi skal auke kompetansen for å tilby den til bedriftene i fylket, fortel Erik Kyrkjebø ved HVL, leiar for prosjektet.

To fokusområde

Teknoløftet har to fokusområde:

  1. Tilby bedrifter etter- og vidareutdanning, for å auke kunnskapen.
  2. Forske på spesifikke problemstillingar som bedrifter har.

Vi treng bedriftene til å være frampå innan begge områda. Ønskjer dei kompetanse på eitt område, kan vi til dømes bygge opp eit tilbod. Kjem bedriftene med gode problemstillingar, kan vi finne meir relevante forskingsresultat.

– Vi etterlyser no slike problemstillingar hos bedrifter, som stipendiatane og andre i prosjektet kan ta utgangspunkt i, fortel Kyrkjebø.

Andre område prosjektet kan hjelpa med, kan vere problemstillingar korleis store datamengder i bedrifta kunne vore nytta, eller om ein treng å vite meir om digitalisering og robotisering. For sistnemnde er fokuset korleis robotar kan arbeide saman med menneska, avlaste ved tunge løft, utføre gjentakande arbeidsoperasjonar eller liknande.

Prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. Ei rekkje bedrifter er med i arbeidet, både som referansebedrifter og medlemmar av styringsgruppa. I tillegg er Kunnskapsparken og Sintef med i samarbeidet som skal gå fram til 2024.

Kunnskapsparken si rolle

Kunnskapsparken skal vere kanal og budbringar ut til næringslivet og vice versa. Vi har tett kontakt med næringshagar, kommunane sine næringsselskap- og tilsette, og vi har nettverk i ulike bransjar i næringslivet i fylket.

– Saman med forretningskompetanse og verktøya vi kan tilby, skal vi bidra til forskingsinitierte innovasjonar og nye bedrifter, og at eksisterande bedrifter får forskingsbasert kunnskap som dei kan bruke i si utvikling, forklarer Jøril Hovland i Kunnskapsparken.

En del bedrifter i fylket har allereie vore med som støttespelar i prosjektutviklinga, men Teknoløftet vil ha med fleire.

– Det er ikkje ein eksklusiv klubb dette. Vi vil ha med alle bedrifter som ser eit behov for digitalisering og robotisering, enten du helde til i Måløy eller i Årdal, fortel Erik Kyrkjebø.

Første seminar på Skei

7. november vil det bli arrangert seminar for alle i næringslivet som er interessert i dette. Her er referansegruppa, styringsgruppa og alle interesserte frå næringslivet invitert til å drøfte behova for etter- og vidareutdanningstilbod i næringslivet, studentoppgåver, kva relevante case stipendiatane i prosjektet kan bruke i sine forskingsprosjekt, og kva andre mogleg former for samarbeid næringslivet ynskjer mot prosjektet.

Meld deg på her.

 

Er du nysgjerrig på å vite meir? Sjå på linkane under, eller kontakt joeril@kpsf.no 


Les meir om prosjektet: