Gründerane trur timingen har gjort Intin til ein suksess

Inkubatorbedrifta Intin brukar smartteknologi til å forenkle kvardagen i «dei tusen heim». Lyd, lys og varme skal leve som deg.

– Ein kan ikkje komme med teknologiprodukt for tidlig. Då vil ingen ha det. Samtidig kan ein ikkje komme for seint. Då er det nokon andre som tilbyr det allereie, fortel Rune Viken.

Saman med Geir Henning Nore starta han bedrifta Intin AS hausten 2014. Innan eit halvt år var begge tilsette på fulltid, og i løpet av 2015 omsette dei for godt over 1 million.

– Vi gjorde marknadsanalysar før vi starta, og såg at marknaden var modent. Eg trur vi er passeleg tidleg ute med smarthusteknologien.

Tingenes internett

Viken og Nore har begge teknologibakgrunn. Dei såg at det var store muligheiter innanfor «tingenes internett» eller «Internet of Things», altså einingar som blir kopla på nett. Produkt som gjer kvardagen vår enklare og tryggare.

– Det er rart at vi ikkje er komen lenger. Bilene våre har det, og mange hytter har fjernstyring av lys og varme. Men i bustanden, der vi tilbringar mesteparten av tida vår, der har me ikkje mykje automatikk, seier Viken.

Gründerbedrifta vil forenkle kvardagen med system som får bustaden din til å leve som deg. Lyser slår seg på når du kjem heim, kaffitraktaren startar når du trykker på ein brytar i gangen, samtidig som musikken i stua sett i gong. Når du drar, trykker du brytaren og alt slår seg av.

Det handlar like mykje om sikkerheit og energiforbruk som brukarvennlegheit og fancy duppedittar. Er det noko som ikkje er som det skal, får du ein alarm på mobilen. Får du ein telefon om at nokon i familien har låst seg ute, kan du låse opp via mobilen.

Geir Henning Nore (t.v.) med ein av sine smarthuskundar, Daniel Levy. Foto: Børje Fonn Skaar

Smarthus kan også gje kommando og få tilbakemelding via ei smartklokke, som denne frå Huawei. Foto: Børje Fonn Skaar

«Gammal-gründerar»

Dei to gründerane er begge i 40-åra, godt etablert med kone og barn. Men det hindra dei ikkje i å bli gründerar på heiltid.

– Vi er vel litt gammal-gründerar samanlikna med mange andre, med familiar å ta omsyn til. Men eg trur ikkje det er noko større utfording å bli gründer av den grunn. Ein må tørre å satse. Klart vi måtte ta ein runde på heimebane og sjå på timebruk og prioriteringar. Men vi er heldig som har tolmodige familiar, som også tør å sette ned foten når det er nok.

Drivkrafta er lysten på å skapa noko og utfordre seg sjølv. Viken er oppteken av lokalmiljøet, og ønsker å være ein tilbydar av framtidige arbeidsplassar. Han er bevisst på å bruke hjelp frå lokale bedrifter og studentar – og har knytt til seg lærlingen Kristian på fulltid.

Håpet er å nå 5 millionar i omsetning i 2016, og bli fleire tilsette på lengre sikt. I tillegg ønsker Intin å vere med i ei teknologiklynge, der ein kan dele kunnskap og erfaringar.

– Samarbeid er viktigare enn å vere redd for konkurrentar. På ein plass som Førde må vi støtte kvarandre og skape ting saman.

Det beste rådet frå Kunnskapsparken

Dei kloke orda kjem etter mykje god hjelp til eigen oppstart. Viken meiner det ikkje alltid er lett å vita kva rekkefølge ein bør gjøre ting i, eller kor ein skal starte.

– Det Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har pusha oss mest på er å komme oss ut i marknaden og vise produkta, ikkje sitte for oss sjølv og tenke på teknologien. Vi måtte ut å selje, møte kundar og få tilbakemeldingar. Og det har vore utruleg lærerikt. Det er kjekt å møte kundar, dei stiller dei rette spørsmåla. Dette er nok det beste rådet vi har fått, fortel Viken.

Gründerane presenterte ideen sin for Kunnskapsparken tidleg hausten 2014, og dei såg straks potensiale i ideen. Viken fortel at dei tidleg fekk god hjelp til å kartlegge korleis dei kunne lage eit levebrød ut av det.

– Vi i KPSF vart presentert for ideen då «Internet of Things» var i ferd med å bli allment omtalt. Gründerane hadde allereie kjent til og utforska dette lenge. Tidspunktet var godt og grunnarbeidet var lagt. At dei kunne utvikle nye bruksområde og tilleggsteknologi oppå kjent teknologi, var tunga på vektskåla. Dette gjer at Intin skil seg ut. Vi ser alltid etter riktige menneske i tillegg til gode idear, og her så vi flinke gründerar med lang erfaring som hadde sterk lyst til å vere i framkant av utviklinga, seier Geir Opseth i Kunnskapsparken.

Intin har fått hjelp til søknader og framdrift, med økonomisk støtte frå Innovasjon Noreg og Sunnfjord næringsutvikling. I tillegg har dei investert eigne midlar, og nytta hjelp frå bedrifter rundt seg. Det er fleire utfordringar ein skal behandle, og då er Viken klar på at Kunnskapsparken er god å ha som ein god sparringspartnar.

– Skal eg gje eit tips til nye gründerar, så må det vere at samarbeid er viktig. Vel ut gode ressursar, sparr med folk rundt deg og ikkje ver så redd for konkurrentar, seier Viken.

 

Dette er eit INTIN smarthus: 

 


Om Kunnskapsparken inkubator

• Eit tilbod til alle gründerar i Sogn og Fjordane
• Tilbyr eigen rådgjevar og gode støttespelarar
• Gir tilgang til nettverk, kurs og samlingar
• Gi hjelp til å skaffe investorar og kapital
• Tilbyr kontorplass og fasilitetar
• Kan hjelpe deg med raskare å gå frå idé til lønnsam bedrift

Ønsker du å vite meir om vårt inkubatorprogram?

Bli med på å skape framtidens helsetjenester…

Helse Førde ønsker å komme i kontakt med bedrifter som vil være med på å utvikle framtidens helsetjenester og inviterer til Dialogkonferanse den 23.mai på Scandic Sunnfjord hotell i Førde. Her vil deltakerne få informasjon om behov, utfordringer og framtidsplaner. Det blir også mulighet for speed-dating med personer fra Helse Førde.

Se invitasjon her og påmelding her.
Oppdatert program for dagen finnes her.

Velkommen til Gründerdagen Z i Loen den 10.mai!

Gründerar og alle som har ein god forretningside vert ynskt velkommen til Z Gründerdagen Logo 2015 ein lærerik og spennande dag i Loen den 10.mai!

Innhald
Gründerdagen Z set gründeren og dei gode ideane i sentrum.Lær om crowdfounding, alternative finansieringsmoglegheiter og korleis ein investor tenkjer. Meld deg på pitch-konkurranse og vinn flotte premiar. Høyr på og lær av gründerar som har lykkast. Få med deg inspirasjonsforedraget «Din Stryke». Delta på ei uhøgtideleg spele-sekvens og få ein praktisk tilnærming til Lean Startup prinsipp.

  • ”Bli Z” – lær om markedsføringsstrategiar, bodskap,  kommunikasjon og trender v/ Gro Fløl0 (Farmhouse)
  • «Kva er Crowdfounding og Korleis lykkast på Kickstarter?” v/Simen Fure Jørgensen (Playing Lean)
  • «Frå nachspiel-idé til internajonal merkevare» v/Simen Staalnacke og Jan Egil Flo(Moods of Norway)
  • «Dyrke Styrke» v/ Pål Knutsson-Medhus

Pål Knutsson-Medhus er vår konferansier gjennom dagen.

 

Sjå invitasjonen her: Gründerdagen Z-2016 Invitasjon
Sjå heile programmet her: Gründerdagen Z-2016 Program
Meld deg på Gründerdagen Z her.

Arrangørar
Gründerdagen Z er eit samarbeid mellom- og vert arrangert av Innovasjon Norge, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Næringshagane i Nordfjord, Sparebanken Sogn og Fjordane, Fjord Invest og Ernst & Young.

Stad og tidspunkt
Gründerdagen vert arrangert på Hotel Alexandra Loen, 10.mai.
Programmet startar kl. 12:30 og varer til kl. 18:30. Vi avsluttar dagen med eit felles måltid.
På kvelden vil det bli anledning til å delta på Næringspub i forbindelse med Næringsdagane 2016.

Påmelding
Det er fortløpande påmelding. Ved påmelding før den 10.april er prisen kr. 500,-. Etter denne datoen er prisen kr. 650,-.
Siste påmeldingsfrist er den 8.mai! Det er bindande påmelding.
Lunsjbuffè og enkel matservering på ettermiddagen er inkludert.

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål. Kontaktperson er Hilde Grinde, hilde@kpsf.no, 90 85 73 94.

Meld deg på her.

Furberg Snowboards vil doble produksjonen kvar vinter

Inkubatorbedrifta sel allereie fleire hundre brett, men ambisjonane til Daniel Furberg (36) er langt høgare.

Det starta for Daniel Furberg som for mange andre, med ei verksemd i garasjen. I 2009 var frikøyraren lei av at utviklinga av frikøyringsbrett sto på staden kvil, mens skisporten drog lasset med nyvinningar år etter år. Han starta eit enkelmannsføretak og har etter kvart bygd opp ei bedrift som i 2015 omsett for over éin million kronar.

– Denne sesongen har vi allereie selt rundt 300 brett. Både splitboard og frikøyringsbrett. Vi håpar å doble produksjonen kvar vinter, fortel 36-åringen nøgd.

Gjorde hobby til jobb

Daniel-furberg-høydebilde

Daniel viser oss eit splitboard. Foto: Fredrik Schenholm

Sivilingeniøren er oppvaksen utanfor Gøteborg, og har vore lidenskapleg oppteken av brettkøyring nesten heile livet. Han har budd fleire sesongar i Alpene og har køyrt for POC-teamet sidan han blei kvalifisert for å delta i Freeride World Tour sesongen 08/09.

Han jobba ei stund i Nordsjøen, med bustadadresse i Stavanger, men flytta til Sogndal i 2014.

– Eg ville bu ein plass med fjellet utanfor døra, der folk hadde tru på bedrifta og ville hjelpe meg. Eg kjende til SGNskis og såg at dei kunne drive bedrift frå Sogndal. Eg ville òg prøve, fortel han.

I 2013 gikk Furberg Snowboards frå å vere enkeltmannsføretak til å bli eit aksjeselskap, eigd av Daniel Furberg og frikøyrarane Hampus Cederholm (28) og Tommy Nordbø (29).

Meir enn å lage eit produkt

Bretta dei designar er optimalisert for frikøyring i fjellet. Og då er det ikkje berre pudderkøyring som gjeld. Det er vel så viktig å optimalisere brett for parti som er avblåsne og isete.

Og bretta er populære. Frå å bli selt til venner og kjende, er dei no etterspurd i fleire deler av verda, som Nord-Amerika, Japan, i Alpene og på New Zealand.

– Eg har innsett at det å utvikle produkt berre er ein del av det heile. Ein skal gjere ein god jobb med marknadsføring, sal, distribusjon og økonomi. Det å produsere produkta er ein overraskande liten del, fortel sivilingeniøren.

Hjelp til å søke pengestøtte

Derfor er han glad for gode rådgjevarar rundt seg, og for å vere med i inkubatorprogrammet til Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

– Dei har hjelpt oss mykje med å søke støtte frå Innovasjon Norge, og gitt råd i ulike prosessar. I tillegg får eg kontorplass på Campus, det er jo gull verdt. Og så gir det meir kredibilitet å ha dei i ryggen i fleire settingar, fortel Furberg.

Kunnskapsparken trur erfaringa Daniel har frå sin karriere i verdstoppen, gir ham eit solid grunnlag.

– Allereie då vi møtte ham, hadde han utvikla snøbrett basert på sine erfaringar. I tillegg viste Daniel eit sterkt ønske og driv for å vidareutvikle snøbrett og festeløysningar for splitboard, fortel Hilde Grinde i Kunnskapsparken.

– Driv, vilje og evne til gjennomføring er nokon av dei kvalitetane vi ser etter hos ein gründer. I tillegg såg vi at Furberg Snowoards ville dra nytte av og komplimentere ski- og entreprenørskapsmiljøet i Sogndal. I dag er det mange som meiner at Furberg Snowboard er det mest innovative snøbrett-merke, utdjupar forretningsutviklaren.

 

Freeride-rocker-snowboardReverse-sidecut
Skissene viser geometrien på bretta. Les meir på deira heimeside.

Gjer Sogndal til ein samlingsplass

Det er allereie mykje fokus på skikøyring i Sogndal. Men frikøyring på snøbrett får ikkje same fokus. Dette vil Furberg gjere noko med. Sesongen 2013/2014 starta dei med splitboard, snøbrett ein kan dele i to å gå opp fjellsida med.

– Vi ønsker å følge trenden med auka fokus på toppturar. Våre splitboard bli betre og betre nedover, i tillegg til at dei er lettare å gå oppover med. Vi sel heilt klart flest splitboard, ein trend vi håpar er stigande.

9. april arrangerer Furberg Snowboard ein konkurranse i Sogndal, for frikøyrarar på brett. Konkurransen er for alle som køyrar brett, uansett alder, bakgrunn og stil. Det er ein sokalla «Banked Slalom», frikøyringsversjon av boarder cross. Med ei handbygd løype, er det om å gjere og komme seg først ned, over kuler og gjennom doserte svingar.

– Det er ikkje mange events for frikøyrarar på brett i dag. Vi ønsker å samle folk og få noko moro til å skje. Kanskje vi kan lokke fleire skikøyrarar til å delta?, spør Furberg med eit smil.

 

Les meir om Furberg Snowboards i Freeride.se: «Vem fan är Daniel Furberg?».

 


Om Kunnskapsparken inkubator

• Eit tilbod til alle gründerar i Sogn og Fjordane
• Tilbyr eigen rådgjevar og gode støttespelarar
• Gir tilgang til nettverk, kurs og samlingar
• Gi hjelp til å skaffe investorar og kapital
• Tilbyr kontorplass og fasilitetar
• Kan hjelpe deg med raskare å gå frå idé til lønnsam bedrift

Ønsker du å vite meir om vårt inkubatorprogram?

Gründerrådgjevaren valde sjølv å bli gründer

Med ein genial idé sit Allan (37) plutseleg på andre sida av bordet. Les om inkubatorbedrifta Kortmat.

Allan Madsen har jobba som næringsrådgjevar og forretningsutviklar i Fram Flora i fleire år. Han har hjelpt gründerar med å komme i gang, finne finansiering og skaffe seg eit nettverk. Nå har han teke ut permisjon for å prøve ut sin eigen idé.

– Eg pleier å seie til gründerane eg møter at dei må tore å hoppe i det. Så då måtte jo eg gjere det same, fortel 37-åringen.

Satsar på lokalmat

Ideen er å samle alle som produserer og sel lokalmat i ein app, som òg fungerer som ei nettside. Her kan du få tilgang til og informasjon om alle dei ulike produkta.

– Det er auka interesse for lokalmat i Noreg, men kor skal folk finne dei ulike tilbydarane? For små produsentar er det svindyrt å marknadsføre seg. Kva kostar det ikkje å opne ein eigen nettbutikk?, poengterer Madsen.

Gründeren frå Florø ønsker derfor å levere ei plattform der forbrukarane lettare finn all den gode maten som vert tilbydd og der produsentane kan marknadsføre seg utan å bli robba.

Over 1000 tilbydarar i Noreg

– Det starta med ein idé eg plutseleg fekk før jula i 2014. Eg satt opp ei nettside med 5-6 leverandørar av lokalmat der ein kunne bestille produkt som julegåver. Eg gjorde det rimeleg kjapt, eg ville berre teste om det slo an. Og det funka som berre det. Eg fekk utruleg mange treff på sida.

Allan bad om permisjon frå jobben og starta utviklinga av sin eigen gründeridé. Kortmat gir moglegheit for sal og informasjon om produkta, og kontaktinfo til produsentane. I tillegg skal dei få på plass ei geo-lokalisering som gir deg tilbydarane nærast deg.

– Vi er eit bindeledd mellom produsentar, og deg og ditt middagsbord, forklarar Allan.

Gründeren har vore i kontakt med overraskande mange tilbydarar. Han har gjort ein grundig marknadsanalyse og kartlagd kva som finst, kor dei finnast og kva utfordingar som er størst. Allan fortel at det er over 1500 tilbydarar av lokalmat i Noreg.

– Eg har blitt kontakta av mange tilbydarar som ser nytten av dette. Eg trur marknaden er moden for eit slik produkt.

eg-kvadratsauer-kvadrat

Færøy Gard tilbyr økologiske, brune egg og villsau fra Færøy. FOTO: Privat/David Bowen

God støtte frå fylket

Med god kunnskap om korleis ordningane for gründerar fungerer, har Allan kommen godt i gang. Han har fått økonomisk støtte frå både Sparebanken Vest og Innovasjon Norge til å utvikle ein prototype, og jobbar tett med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

– Eg kjende til Kunnskapsparken frå jobben min i Fram Flora, og visste at dei var ein god ressurs. Eg har fått vanvitig god hjelp. Dei har hjulpet meg å halde momentet oppe, få ting til å skje og utfordra meg på å sette delmål undervegs – og jobbe hardt for å nå dei.

Og Kunnskapsparken er utan tvil nøgd med inkubatorbedrifta:

– Allan har eit brennande engasjement for lokalmat og ser nye moglegheiter. Utvikling av forretningsideen skjer tett saman med kundar og brukarar, noko som er kritisk for å forme eit riktig produkt. Han grip moglegheitene og evnar å omsette dei til handlingar. Dette gjer at vi i Kunnskapsparken har stor tru på Allan, og vi heiar han fram, seier Roger Ulvestad, forretningsutviklar i Kunnskapsparken.

Aha-opplevingar

Med god erfaring som forretningsutviklar sjølv, har Allan fleire fordelar som gründer.

– Eg er privilegert på mange måtar. Eg kjenner til apparata og vet kven som er smart å snakke med. Ikkje minst veit eg kva rekkefølge ting bør skje, fortel Allan og fortset:

– Men eg har fått meg nokon aha-opplevingar. Nå får eg kjenne på utfordringar og lærer å kjenne systemet frå andre sida av bordet. Eg gjer meg mange gode erfaringar, fortel Allan.

Nå er målet å få lansert den nye appen i løpet av mars, få inn fleire tilbydarar og kanskje tilsette nokon.

– Eg leiger inn kompetanse nå, men håper på sikt å kunne skapa fleire arbeidsplassar. Eg ønsker at dette ikkje skal koste noko for tilbydarane av lokalmat, men eg har fleire idear om korleis dette kan bli ein levedyktig forretningsmodell, avslutt han.

Følg med på kortmat.no (blir lansert i mars).

 

 


Om Kunnskapsparken inkubator

• Eit tilbod til alle gründerar i Sogn og Fjordane
• Tilbyr eigen rådgjevar og gode støttespelarar
• Gir tilgang til nettverk, kurs og samlingar
• Gi hjelp til å skaffe investorar og kapital
• Tilbyr kontorplass og fasilitetar
• Kan hjelpe deg med raskare å gå frå idé til lønnsam bedrift

Ønsker du å vite meir om vårt inkubatorprogram?

Vemund (19) starta med å blande kremar heime på kjøkkenet

Nå har han selt kosmetikk for over 300.000 kronar. Sjå historia bak inkubatorbedrifta Elde Cosmetics.

Vemund Eldegard frå Førde var 15 år då han starta å blande si eigen hudkrem. Behovet for noko som kunne hjelpe mot urein hud, utan å blakke seg, var starten på eventyret.

– Eg leste meg opp og starta med å blande kaldpressa olje og botaniske ekstraktar. Det var enkelt å lage. Det blei ein ansiktsolje eller eit serum, som hjelpte meg mot mine hudproblem, fortel 19-åringen og legg til:

– Produkta i Elde Cosmetics er hundre prosent veganske, organiske og fair trade. Det skal vere heilt naturlege produkt med ei kort produktlinje.

Planla ikkje å bli gründer

Tenåringen er sjølvlært og har testa seg fram til produkt som i dag er etterspurde i heile Noreg. Bare i 2015 selde han for over 300.000 kroner.

– Eg tenkte aldri at eg skulle bli gründer. Eg ville lage produkt til eigen bruk. Men så starta familien og vennane mine å bli interessert i å prøve, og så bala det på seg. Folk har vore overraskande positiv, fortel Eldegard.

Elde Cosmetics pressebilde1

19-åringen har brukt tallause timar på å lese seg opp på kosmetikk og hudprodukt. Han har prata med ekspertar rundt om i verden, teke kurs og funne ingrediensar i ulike land. Det har vore mange samtaler til utlandet og fleire testrundar på venner og familie.

– Når ein brenn for noko og er interessert, er det utruleg kva motivasjon ein får. Nå håper eg å kunne jobbe med dette på fulltid, fortel 19-åringen som fullførte vidaregåande skule i fjor vår.

– Eit av måla i 2016 er å tilsette i alle fall ein til. Eg ønsker å vere med å skapa nye arbeidsplassar i fylket.

Viktig hjelp frå Kunnskapsparken

Men med suksess følger det mykje arbeid. Og da er det alfa omega å ikkje vere aleine.

– Eg var smådesperat etter hjelp på eit tidpunkt. Etter første artikkel i lokalavisa gjekk det fort, så eg trong mykje rådgiving. Korleis eg skulle få i gang prosessen med søknader, korleis vokse og korleis få tak i mentor.

Med hjelp frå Kunnskapsparken har Vemund fått seg både kontor og laboratorium i Førde. Mentor er snart på plass, og Innovasjon Norge har blitt med på laget.

– Det har gått fortare med så god hjelp. Og det trur eg eg er mykje av nøkkelen til suksess. Ein kan ikkje nøle, det er berre å køyre på.

Ikkje redd fordommar

Det er ikkje anna å si enn at det er tøft av ein tenåringsgut å starte med kosmetikk. Vemund seier at det finst dei som er skeptisk til at ein gut driv med kosmetikk, men bryr seg ikkje.

– Eg trur mange gutar ser verdiane i det vi produserer, og håper vi kan bidra til å gje dei betre sjølvtillit. Også gutar treng å ta vare på huda sin.

Og det er ikkje tvil om at Vemund har funnet ein svolten marknad. Han har til nå laga fleire hudkremar og naturleg sminke. Og har ikkje tankar om å stoppe der.

– Elde Cosmetics er ei bedrift vi verkeleg har trua på, derfor er Vemund tatt med i vårt inkubatorprogram. Det er imponerande kva han har fått til i en alder av 19 år, seier Hilde Grinde frå Kunnskapsparken.

 


Om Kunnskapsparken inkubator

• Eit tilbod til alle gründerar i Sogn og Fjordane
• Tilbyr eigen rådgjevar og gode støttespelarar
• Gir tilgang til nettverk, kurs og samlingar
• Gi hjelp til å skaffe investorar og kapital
• Tilbyr kontorplass og fasilitetar
• Kan hjelpe deg med raskare å gå frå idé til lønnsam bedrift

Ønsker du å vite meir om vårt inkubatorprogram?

 

Kunnskapsparken tildelt rekordstor pengegåve

– Skal bidra til vekst og arbeidsplassar i fylket.

Kjetil Kvåle-150px
Kjetil Kvåle

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane er tildelt tre millionar av Sparebankstiftinga og Sparebanken i Sogn og Fjordane. Pengane skal gå til «å legge grunnlag for utvikling av nye og fleire arbeidsplassar innan nye og eksisterande verksemder i fylket».

– Tidlegare har vi gitt Kunnskapsparken pengar til enkeltprosjekt som delfinansiering av ei stipendiatstilling ved Høgskulen, men no gir vi dei større handlingsrom utan konkrete føringar. Dei får ein rekordhøg sum, fortel Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga.

Stor pengesum

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane jobbar i dag med gründerar og bedrifter som treng hjelp til å lukkast. Dei ønsker å kjenne til flest mogleg prosjekt og initiativ i Sogn og Fjordane til kvar tid.

– Å få tildelt så ein så stor pengesum betyr at vi kan gjere så mykje meir av det vi allereie gjer, å hjelpe til med vekst og nyskaping i fylket, fortel dagleg leiar Kjetil Kvåle.

Og Sparebankstiftinga er ikkje i tvil om at Kunnskapsparken er det riktige apparatet til akkurat dette. Det er dei som kan ta eit slikt samfunnsansvar.

– Det har lenge vore ein dialog i næringslivet og fylket om kva vi må gjere for å få ei riktig utvikling. Og svaret er alltid det same: Vi treng ei samhandling, med eit eige apparat i føringa. Her meiner vi Kunnskapsparken er nøkkelen. Dei har nettverket og er ein sentral aktør innan virkemiddelapparatet, utdjupar Fidjestøl.

Skal skapa fleire arbeidsplassar

Kunnskapsparken er glad for å få så mykje tillit. Og dei er klar for å gjere ein god jobb.

– Vi ønsker å skape meir utvikling og innovasjon i fylket, fortel Kvåle.

Han definerer tre arbeidsfelt der dei skal skape utvikling og nye arbeidsplassar:

  1. Gründer: etablering av nye bedrifter og arbeidsplassar gjennom idéutvikling.
  2. Knoppskyting: avleggarar, nye prosjekt, forretningsområde og nye bedrifter ut av eksisterande bedrifter.
  3. Akkvisisjon: få fleire til å etablere seg i Sogn og Fjordane framfor, eller i tillegg til andre aktuelle lokaliteter.

Overskot frå banken

Banksjef for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund, er glad for at overskot frå banken kjem næringslivet til gode.

– Vi er samde om dei prioriterte arbeidsfelta og ser fram til tett samarbeid og dialog med Kunnskapsparken, bedrifter, organisasjonar og offentlege aktørar, slik at ein saman kan skape utvikling og fleire arbeidsplassar, seier Farsund.

Kjetil Kvåle seier han opplever mange bedrifter og leiarar i fylket vårt som har lyst å satse på nyskaping og innovasjon. Dei har gjerne planar om korleis, men dei har ikkje tid og ressursar.

– Nå kan vi komme inn og hjelpe til med å strukturere akkurat dette. Eg trur vi skal klare å skapa gode ting dei neste tre åra saman med private og offentlege verksemder, seier han og skyt inn:

– Sparebanken Sogn og Fjordane skal ha mykje ære for at dei har skaffa midlar vi kan få bruke målretta til utvikling i fylket vårt.

Fylket får fleire bein å stå på

Ein av fordelane med at nettopp Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har fått tilliten til å ta eit slikt samfunnsansvar er kjennskapen dei har i alle dei ulike sektorane. Dei kjenner næringslivet i heile fylket og veit allereie mykje om kva som trengs.

– Vi veit at vi må skape mange jobbar i fylket framover, men vi veit ikkje kva vi lever av om ti år. Da er det viktig at vi ikkje berre satsar på ein hest, men tør å satsa på fleire. Vi får fleire bein å stå på, og kan utvikla ein trygg grunnmur. Ingen kan sjå inn i krystallkula og seie kva framtida bringer, seier Fidjestøl.


Her frå ein workshop i Stryn 22. januar, med representantar frå industrien. Med ryggen til: Haakon Walnum. Mot venstre: Sverre Magne Haugen, Svein Skibenes, Knut-Henning Hjelbakk, Gunnar Carlson, Sindre Kvalheim, ståande: Harold Wieldraaijer, Ken Carlson, Arild Bødal og Kjetil Kvåle.


nLink (inkubatorbedrift) sin borrerobot i aksjon. FOTO: nLink

Er fornybare energiprosjekt lokalt bærekraftige?

Dei tyske forskarane Jana og August har flytta til Sogndal for å være med i Høgskulen sitt store forskingsprosjekt Release.
«Release» set fokus på verknader anlegg for produksjon av fornybar energi har på lokalsamfunnet rundt.
Spørsmålet er: er prosjekta bærekraftige når effektane på miljø, økonomi og samfunn vert vurdert under eitt?

Det omfattande forskingsprosjektet er finansiert av Forskingsrådet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Energi og Fylkeskommunen, i tillegg til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Tverrfagleg tilnærming

Prosjektet starta hausten 2014, og har vore i full drift heile 2015.
Med fire fulltidstilsette forskarar frå Tyskland, Slovakia og Noreg, og 7 tilsett på Høgskulen, 1 CICERO-forskar og Kunnskapsparken med aktive deltakarar i ulike stillingsprosentar, har aktivitetsnivået vore høgt. 

I tillegg har prosjektet knytt til seg professorkompetanse frå Oxford University, universitetet i Aalborg, Nijmegen universitet i Nederland og Universitetet i Oslo. I mai i år møtets alle til eit svært vellukka kick-off seminar i Fjærland. 

Arbeidet har med andre ord høgt aktivitetsnivå, stor breidde og utstrakt internasjonalt tilsnitt. 

Fysikarane frå Tyskland

Jana Schwanitz og mannen August Wierling flytta til Sogndal seinvinteren 2015, direkte frå fullført oppdrag i Japan. Dei har begge doktorgrad i fysikk, og er fødd og oppvaksne i Tyskland. Jana er frå det tidlegare Aust-Tyskland og August er frå ein liten by nær grensa til Nederland. Dei siste åra har dei farta rundt og jobba med prosjekt både i Egypt, Estland og USA innan ulike område. Gjennomgåande tema i forskinga deira er grøn- og bærekraftig økonomi. 

Jobbar saman som ektepar
For Jana er fysikk, matematikk og statistikk arbeidsreiskapen. I tillegg har ho ektemannen August, som er innleigd i prosjektet som ein ekstra ressurs. Han har studert kjernefysikk og skal bidra med statistiske data. I doktorgradsavhandlinga si for 15 år sidan, jobba han med temaet sol og talet partiklar som kjem frå sola. Den gangen var dette eit uløyst problem. Nobelprisvinnar i fysikk 2015 løyste problemet, og ein ørliten del av den løysinga er basert på August sitt arbeid.  

Begge har matematisk fagbakgrunn i botnen og lang erfaring i bruk av matematiske modellar. Det gir kvalifisert kunnskap inn i forskinga. Men dei er begge bevisst på at ein ikkje kan stole for mykje på slike tal, og understrekar at styrken med forskingsprosjektet Release er den tverrfagleg tilnærminga og kompetansen. 

Bærekraft som lim i prosjektet
I Release tek Jana utgangspunkt i omgrepet bærekraft, og vil jobbe med korleis det kan brukast lokalt. Dvs på konkrete vindkraft- vasskraft eller solkraft-prosjekt, eller på ein kommune eller region. Dette er ei utfordring sidan bærekraft i utgangspunktet er eit globalt omgrep. Spørsmålet som dette prosjektet stiller er om summen av bærekraftige prosjekt vil bidra til ei global bærekraftig utvikling. Er det muleg, eller praktisk gjennomførbart, å nedskalere dette omgrepet og bruke det på avgrensa område og prosjekt?   

Jana kjem til å avdekke mønster for korleis ting heng saman, med utgangpunkt i økonomiske modellar og statistikk. Tidligare har ho jobba med investeringar i offshore-teknologien og modellar for klimaendringar og natursystem, og sett på korleis desse er kopla til kvarandre. Release handlar nettopp om samanhengar og konsekvensar frå fleire perspektiv, så med denne kunnskapen er ho ein sterk bidragsytar.

Har fornybar energi ei bakside?
Vasskraft er fornybart og anerkjent som bærekraftig. Men det krev store inngrep i naturen som påverkar blant anna landskapet og vassystem lokalt. Desse inngrepa har ein kostnad, men dei er likevel nødvendige om vi skal få tilstrekkeleg med straumtilgang for å forsyne innbyggjarane og få vekst i samfunnet. 

Ved å samanfatte tilgjengelege data, kan ein avdekke flaskehalsar og truslar, og bygge kunnskap som kan brukast i planlegging av nye energisystem. Ein kan sjå kva område som har potensiale for energiproduksjon, med god infrastruktur. Ein kan kartlegge viktige natursystem og tilgjengelegheit for kommunar og folk i området. Samfunn må ha straum, og då kan kunnskapen denne forskinga kreerer vere verdifull for planlegginga av ei ynskja framtid. 

Det er likevel viktig å hugse at dette ikkje er eksakt vitskap. Resultatet frå forskinga kan samanliknast med ei vêrmelding, der temperaturen t.d. blir meldt til minus sju grader, med ein margin på pluss/minus to grader. Ved bruk av matematiske og statistiske verktøy, kan forskarane avdekke moglegheiter for kva som kan skje, innafor ei avgrensa sone av usikkerheit.

Held på ut 2017
I Release er det engasjert forskarar innafor fagområda: restaureringsøkologiøkonomi og sosiale konsekvensar for lokalsamfunn rundt anlegg for produksjon av fornybar energi.
Når arbeidet er avslutta ved utgangen av 2017, kan forskarane t.d. skissere eventuelle konsekvensar av å utrydde biologiske artar når framtida er usikker og vala vi har gjort er irreversible.
Professor Erling Holden (HiSF) er leiar for prosjektet, i tillegg til at han har det faglege overordna ansvaret for forskinga rundt bærekraft-omgrepet.

Vi kjem tilbake med fleire artiklar der dei andre gruppene og bidragsytarane blir presentert framover.
Les meir om prosjektet: https://www.hisf.no/nn/renewable-energy-projects-local-impacts-and-sustainability-release

 

 

Grøn vekst i Sogn og Fjordane


Grønt skifte og omstilling er omgrep som er på plakaten i media, politikken og kvardagen til oss alle.

Men kva er eigentleg Grønt skifte? Kva innhald har det og korleis skal vi få det til? Her er det mange svar og tilnærmingar. Men det viktigaste svaret er at verden må gjennom ei grunnleggjande omstilling, der naturen si tolegrense er fasiten.

Dagens utslepp av klimagassar og uttak av mineralar frå jorda er over denne tolegrensa. For 2015 passerte vi den grensa den19. august i år, All produksjon og aktivitet resten av dette året forbrukar ressursar som er framtidige generasjonar sitt livsgrunnlag.

Ei grunnleggjande omstilling er difor naudsynt, med handling på alle nivå. Men det betyr ikkje at vi ikkje kan utvikle oss. Endringar inneheld alltid mulegheiter, og i denne samanhengen ser vi store mulegheiter for ny aktivitet og arbeidsplassar. Løysinga ligg i at vi må gå frå linjær til sirkulær produksjon Materialflyten må gå frå vogge til vogge, og fossile energikjelder må bli erstatta med fornybare. Vi må tenkje at ting går i ein kontinuerleg ringdans som ikkje kan stoppe opp; med andre ord må vi tenkje kretsløp og ny produksjon.

EU lanserer i desse dagar sin nye politikk om slik kretsløpsøkonomi, der eit av verktøya er å gi produsentane utvida ansvar. Det blir meir fokus på materialane i produkta og ressursane i avfallsstraumane. Gjennom nye samarbeidsformer og forretningsmodellar kan vi skape fleire nye verdiar her i fylket vårt.

Vi har mange fortrinn for vekst basert på store fornybare energiressursar, skog og jordbruk, gode vassressursar, god tilgang til areal, god infrastruktur som djupvasskaiar og sjøtransport. Vi har teknologi som kan brukast som den er, og vi har miljø som kan tilpasse og utvikle ny teknologi.

Det er i dette perspektivet Kunnskapsparken ynskjer å mobilisere industri og næringsliv i Sogn og Fjordane til å utvikle nye produkt og arbeidsplassar gjennom nye forretningsidear.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har gitt Kunnskapsparken støtte til prosjektet: ”Grøn vekst basert på avfall som ressurs”.  Og vi vil invitere næringslivet til bransjeuavhengige møteplassar, der målet er utvikling og vekst og nye arbeidsplassar i heile fylket.

Om du ynskjer meir informasjon eller har spørsmål, kan du kontakte Kunnskapsparken v/Jøril Hovland på tlf. nr. 482 19 78.

Gründersamling og workshop i Florø

Fram Flora AS arrangerer gründersamling og workshop i Florø den 26. og 27.november. Målet er å bidra til inspirasjon og motivasjon blant gründere.

På samlingen vil bedriftene fra idélaben og inkubatoren fortelle litt om hva de driver med. IT-gründer Silje Vallestad vil også fortelle om sin oppstart av Bipper Communication i 2006. På workshop den 27.november vil fokus være nettverksbygging, markedsføring og salg.

Les mer om samlingen her.