Samling med innovasjonsnettverk på Vestlandet

Kunnskapsparken er på samling i Hardanger, for å bli betre kjend med innovasjonsnettverket «Inunet Hordaland».

Inunet Hordaland er eit innovasjonsnettverk som består av fem næringshagar, tre inkubatorar, Impact Hub Bergen, Innovasjon Norge Hordaland​ og Hordaland fylkeskommune. Bergen Teknologioverføring er prosjektleiar for nettverket og har invitert med «kollegaer» frå Sogn og Fjordane til felles samling i Hardanger 13.-14. mars.

På samlinga blir vi betre kjende, har erfaringsutveksling samt vi har workshops forretningsrådgivningsverktøy og digitaliseringsprogram.

Dette er eit nettverk som skal:
  • Bidra til erfaringsutveksling mellom innovasjonsmiljøa lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Auke kjennskapen og samhandlinga mellom programma i regionen og kople programma tettare saman (klynge-, inkubator- og næringshageprogramma). Også på tvers av fylkesgrensene.
Dei som er på samlinga:

Frå Sogn og Fjordane: Næringshagane i Nordfjord (Stryn og Nordfjordeid), Sognefjorden Næringshage, Gulen og Masfjorden Næringshage, Aksello og Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Frå Hordaland: BTO/Nyskapingsparken, Industriutvikling Vest, Næringshagen i Hardanger, Odda Næringshage, Næringshagen på Voss, Innovasjon Norge Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Atheno og SIVA.

Bli med på påsketreff i Nordfjord

Alle som har interesse av å bu, leve og arbeide i Nordfjord må få med seg dette.

Saman med Nordfjordeid Næringshage, inviterer Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane deg og di bedrift til «bli-kjend-fest» for å møte nye folk i Nordfjord. Tysdag 27. mars møter du eit spennande og mangfaldig næringsliv på Operahuset Nordfjord frå kl. 20.00.

Påsketreff vert gjennomført på oppdrag frå Eid kommune. I år har vi teke vare på det beste frå tidlegare år og lagt til rette for nye opplevingar. Det vert ikkje eigne stands for kvar bedrift – med felles områder i Operahuset for samtalar over mat og drikke, der informasjon og underhaldning vert noko av det som skjer.

Tema og nøkkelord;

  • Bli kjend-med nye samarbeidspartar i Nordfjord
  • Bli kjend-med potensielle nye medarbeidarar
  • Bli kjend-med mat i Nordfjord
  • Bli kjend-med etableringsmogelegheiter
  • Bli kjend-med Stad 2020 og Stad Vekst
  • Bli kjend-med Malakoff 2018
  • Bli kjend-med kva venner har gjort sidan sist

Sjå her for meir informasjon og påmelding.


Helse Førde får 810.000 i innovasjonsmidlar


Foto: Helse Førde

Saman med Kunnskapsparken, har Helse Førde jobba fram tre nye idear som har motteke pengestønad frå Helse Vest.

Kvart år kan ein søke innovasjonsmidlar frå Helse Vest. Dette er midlar ein kan få tildelt allereie på eit idéstadium, for å gi drahjelp til å realisere gode idear.

– Ofte blir gode idear verande innanfor sjukehuset sine fire veggar. Vi skal hjelpe personar med gode idear å få dei ut i live, fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane (KPSF).

Sidan 2016 har Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane samarbeida tett med Helse Førde, for å kommersialisere dei gode ideane i helsesektoren. Forretningsutviklarar i KPSF ser no fram til å jobbe meir målrette med dei tre ideane som no har fått stønad.

– Dette arbeidet gler vi oss stort til, seier Hovland.

Også viseadministrerande direktør i Helse Førde er glad for stønaden:

– Det er flott at Helse Vest set av årlege midlar til innovasjonsprosjekt. Dette gir drahjelp til nyskaping og forbetringsidear som elles ikkje «høyrer til nokon stad» i drifta vår, men som har potensiale til å forbetre Helse Førde, fortel Anne Kristin Kleiven.

Kleiven trur dette er bra for innovasjonsarbeidet ved Førde sjukehuset, og meiner det viser at sjukehuset er iferd med å utvikle ein kultur for innovasjon og nyskaping.


Om ideane

  1. Ein applikasjon for alvorleg lungesjuke.
  2. Meir skånsom flytting av nyfødde barn til MR-benk.
  3. Samarbeid mellom NTNU-studentar og akuttmedisinsk avdeling.

Totalt får Helse Førde 810.000 kroner frå Helse Vest til innovasjonsprosjekt.

Få pengestønad i ein tidleg fase

Er du gründer eller ei bedrift med ein god idé? Sparebanken Vest sitt næringsfond har søknadsfrist 26. mars.

Har du ein god idé? Ei ny teneste eller eit nytt produkt? Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane ønskjer å hjelpe gode idéar og tilbyr pengestøtte på inntil 300.000 kronar per prosjekt.

Om næringsfondet

Næringsfondet skal gi fødselshjelp til nyskapande og framtidsretta idear i ein tidleg fase. Dette gjeld både gründerarar i startgropa og bedrifter som ønskjer å utvikle seg. Målet er å få fram berekraftige nyetableringar og framtidsretta arbeidsplassar i fylket.

Kva får ein stønad til?

Stiftinga skal gi stønad til idear i ein tidleg fase – som ofte er kritisk – før dei får vidare hjelp i verkemiddelapparatet, som til dømes Innovasjon Norge.

Typiske aktivitetar ein kan få stønad til er:

  • utgifter til marknadsundersøkingar
  • produktutvikling
  • utarbeiding av forretningsplan
  • utgifter til etableringsrettleiing
  • utvikling av prototypar

Les meir om fondet her!

Spørsmål? Kontakt Jøril Hovland i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane: 482 19 780, e-post: joeril@kpsf.no

Skriftleg søknad:

Sparebanken Vest sitt Næringsstifting for Sogn og Fjordane
c/o Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
Fosshaugane Campus
6856 Sogndal

Hugs søknadsfristen 26. mars!

Jobbe i Sogn? Gründer i Sogn?

Møt næringsliv og gründerar på næringsmiddag under Fjellsportfestivalen.

Skaff deg ein jobb her – eller lag din eigen arbeidsplass – torsdag kl. 17.00 kan du treffe spennande gründerar og arbeidsgjevarar som fortel kva dei jobbar med og kva medarbeidarar dei er på jakt etter.

Det er mange gode grunnar til at ynskjer å vise vise fram arbeidsplassar i Sogn under Fjellsportfestivalen. Vi veit at det er mykje flinke folk som besøkjer festivalen som ser at Sogn har eit eldorado av mogelegheiter for aktivitetar i naturen, og som svært gjerne vil bu på ein slik stad der dei kan dyrke desse aktivitetane på fritida. No vil vi fortelje dykk at hit kan de berre flytte – fordi vi også tilbyr eit mangfaldig og spennande næringsliv!

Program

17:00 – 18:15: Bedriftspresentasjon: Kvar bedrift deltek med 1 slide og 3-5 minutt presentasjon.

18:15 – 19:30: Mingling med enkel tapas og noko attår

Bedrifter du møter (lista vert kontinuerleg fylt på):

og vi: Sogn Næring, Kunnskapsparken og gründersenteret FUS.

Påmelding

Du som er litt eller mykje interessert i næringslivet vert prioritert til å få ta del i opplegget, og vi har inntil 40 plassar. Opplegget er gratis, og det vert servert mat og noko attåt. Påmeldingsfrist måndag 19. februar, så får vi bestilt rett tal mat.

Meld deg på her!

PS! Då arrangementet føregår under Fjellsportfestivalen inne på festivalhotellet må alle deltakarar ha festivalpass eller kveldspass.

HMS-kurs for inkubatorbedriftar

Sognefjorden Næringshage tilbyr i samarbeid med Bedriftshelse 1 lovpålagt HMS-kurs for leiarar 15. februar 2018. Her er òg våre inkubatorbedriftar invitert.

Kurset går over ein dag og er tilpassa leiarar med arbeidsgjevaransvar. I følgje Arbeidsmiljølovens § 3 -5 skal arbeidsgjevarar gjennomgå HMS-opplæring.

Fokus er leiar si rolle i bedrifta sitt HMS-arbeid. Det vert lagt vekt på verdiskaping og ivaretaking av arbeidstakarar i høve deira rettar og plikter.

Kurshaldar er ein av landets mest kunnskapsrike advokatar i arbeidsrett, Frode Samuelsen.

Målgruppe:

Leiarar med arbeidsgjevaransvar

Målsetjing for kurset:

Å få kunnskap om korleis du som leiar i teori og praksis kan utvikle gode og sikre arbeidstilhøve på arbeidsplassen din.

Innhald:

  • Formål og bakgrunn for opplæring i HMS
  • Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter
  • Avklaring av roller; leiar, tilsett, verneombod
  • Leiar og arbeidstakar sine pliktar og rettar

KURSINFO

Kurshaldar: Advokat Frode Samuelsen
Dato: 15.februar 2018
Tid: 08.30-15.30 (Registrering frå kl. 08.15 )
Stad:Fossetunet 1A, Sogndal
Pris: Målbedrift/inkubatorbedrift: 800,-kr. Andre: 4.100,- kr
Pris inkluderer lunsj, kursmateriell og kursdokumentasjon

Meld deg på her.

Samla miljøet i Gloppen

Forrige veke var bedrifter frå innovasjonsmiljøet til Aksello og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane samla til inkubatorsamling på Gloppen Hotell. Inkubatorsamlinga er eit fast innslag som inkubatorane i Sogn og Fjordane arrangerer 1-2 gangar i året. Med ein nyleg inngått samarbeidsavtale mellom Aksello og Kunnskapsparken var det ei gyllen anledning til å arrangere ei felles samling for miljøet.

Allereie på den første fellessamlinga såg vi ein positiv effekt av samarbeidet. Sirkelen vår har blitt større og nyskaparane våre, både nye gründerar og etablerte bedrifter, har blitt del av eit tettare miljø der dei har fleire å sparre med. Praten gjekk laust mellom deltakarane som delte det dei har av utfordringar, erfaringar og gode råd for å vere med å løfte kvarandre fram og vidare. Nokon fann også potensielle samarbeidspartnarar som det blir spennande å følge opp.

Og det er nettopp dette som er grunntanken bak inkubatorsamlinga: å skape ein fagleg og sosial møteplass for medlemsbedriftene våre der dei kan ta med seg noko vidare. Noko som gir dei ekstra giv og motivasjon til å fortsette å jobbe fram sin idé eller sitt prosjekt.

Med eit innhaldsrikt program var her mykje å ta med seg. Vi hadde mellom anna ein workshop i sals- og marknadsføringsstrategi med Joachim Vie frå Kunnskapsparken Sogn og Fjordane. Næringssjefen i Gloppen, Knut-Roger Nesdal, heldt eit engasjerande foredrag om å lukkast (og mislukkast), og bedriftene fekk også ei innføring i finansieringsmoglegheiter gjennom Sogn og Fjordane Fondet og Næringsstiftinga i Sogn og Fjordane (Sparebanken Vest-fondet). Stein-Asle Øvrebotten, prosjektleiar for Vestnes Land, delte sine erfaringar med IFU-kontrakt gjennom Innovasjon Norge, og Erling Grøstad, dagleg leiar i SGN Skis, fortalde om deira suksess med crowdfunding.

Med eit allsidig program som gjekk over to dagar hadde vi også tid til å besøke lokale bedrifter. Den første dagen var vi innom Gardsbrenneriet der vi fekk smake på storsatsinga deira Attåt, og den andre dagen besøkte vi Strukturplast og Bano. Dagleg leiar av Strukturplast, Frode Lindvik, gav oss eit innblikk i deira utvikling og viste oss rundt på fabrikken. Bedrifta er kjent for å vere leiande på produksjon av Polyuretan i Norge og det var inspirerande å sjå og høyre korleis dei har bygd seg opp til å bli ein stor og viktig aktør innan sitt felt.

Under samlinga hadde vi også middag til støls utan eit fast program. For vel så viktig som det faglege er den uformelle praten nyskaparane imellom. Mange av bedriftene våre er ulike, frå dei som driv business av reindyrka panneband av norsk ull til dei som rir den digitale bølga med smarte skap. Det vi har til felles er at vi vil vere med å skape noko nytt og eige, og vi håper at mange fekk litt ekstra drivkraft til å fortsette ferda etter ei vel blåst samling.

Vi ser fram til fleire slike treff.

Har du lyst å bli med i inkubator i Sogn og Fjordane?
Har du ein idé eller eit prosjekt som kan passe i inkubatoren vår? Ta kontakt med inkubatorleiar Roger Ulvestad frå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane på roger@kpsf.no / 938 17 336 eller inkubatorleiar Vanja Viken frå Aksello på vanja@aksello.no / 415 70 306.

Styrker innovasjonsmiljøet i fylket

Dei to inkubatorane i Sogn og Fjordane, Aksello AS og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, har inngått ei samarbeidsavtale for å styrke innovasjonsmiljøet i fylket.

– Vi opplev eit aukande behov for bistand både hos nye gründerar og etablerte bedrifter for utvikling av innovative produkt og tenester. Dette skjer mellom anna i kjølevatnet av dei endringane som vi ser med reduserte oljeprisar, det grøne skiftet og auka digitalisering. Dette krev omstilling og nytenkning. Ved å samarbeide tettare kan vi betre dekke det aukande behovet i fylket, fortel Vanja Viken, inkubatorleiar hos Aksello.

Behov for støtte
Det aukande behovet i gründer- og utviklingsmiljøet kjem også fram i ei marknadsundersøking gjennomført av inkubatorane hausten 2016. Undersøkinga viser at gründerar og etablert næringsliv treng meir kompetanse og ressursar innan prosjektleiing og forretningsutvikling og hjelp med å nytte offentlege verkemiddel. I tillegg kom det også fram at særleg etablerte bedrifter treng meir tid og kapasitet til å jobbe med innovasjon.

– Ved å jobbe saman kan vi tilby gründerar og etablerte bedrifter eit heilskapleg tilbod som tek hand om desse behova. I tillegg til å effektivisere ressursane våre, vil vi også auke den samla kompetansen vår slik at vi kan hjelpe fleire med rådgjeving og trekke synergiar ut av eit breiare nettverk. Dette vil sikre eksisterande arbeidsplassar, skape vekst og nye arbeidsplassar, og bidrar til gode innovasjonsmiljø i fylket vårt, seier Roger Ulvestad, inkubatorleiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Felles landingsside
Aksello og Kunnskapsparken er ein del av det nasjonale inkubasjonsnettverket til Siva, eit statleg utviklingsselskap basert i Trondheim. Medan Aksello held til i Florø, har Kunnskapsparken kontor i Sogndal, Førde og Stryn. Som ein del av samarbeidet har inkubatorane oppretta ei felles landingsside på nettsida til Driftig, ein informasjonskanal for gründerar, idéskaparar og entreprenørar i Sogn og Fjordane.

www.driftig.no/inkubator kan gründerar og etablert næringsliv finne meir informasjon om tilbodet og opptakskriteria til inkubatoren, og søke om opptak av sin idé. Ein kan også komme i kontakt med inkubatoren gjennom førstelinjetenesta i dei enkelte kommunane. Som inkubatorbedrift får ein tilgang til eit korps av dyktige rådgjevarar, moglegheit for kontorplass mange stader i fylket, vidareutvikling gjennom ulike kurs og hjelp til å søke finansielle støtteordningar.

– Vi gler oss over dette samarbeidet og håper at vi vil få inn mange nye og spennande idéar og prosjekt. Ved å ha eit felles opptak kan vi sjå til at søkarane får den beste kompetansen kopla på sitt prosjekt, og vi vil bruke ulike ressursar frå nettverket vårt som er tilpassa kvart enkelt prosjekt, seier Arne Olsen, fungerande dagleg leiar i Aksello.

– Saman ønsker vi å styrke hjelpeapparatet rundt vekstbedrifter i fylket vårt. Dei som blir tatt opp i inkubatoren vil få tilgang til eit fagleg og sosialt utviklingsmiljø som gir dei ein større sjanse til å lukkast med sin idé, presiserar Kjetil Kvåle, dagleg leiar hos Kunnskapsparken.

For meir informasjon ta kontakt med:

Aksello AS, www.aksello.no
Arne Olsen, fungerande dagleg leiar: arne@aksello.no, 975 73 599
Vanja Viken, inkubatorleiar: vanja@aksello.no, 415 70 306

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, www.kpsf.no
Kjetil Kvåle, dagleg leiar: kjetil@kpsf.no, 952 06 574
Roger Ulvestad, inkubatorleiar: roger@kpsf.no, 938 17 336

Nye moglegheiter i Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane


Har du ein god idé som kan verte ei ny teneste eller eit nytt produkt – men manglar pengar? Næringsstifting i Sogn og Fjordane ynskjer gode idéar.

Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane har som mål å gi fødselshjelp for gode, nyskapande og framtidsretta idéar, og gi dei ein sjanse til å utvikle seg. Dette kan vere gjennom å gi tilskot til gründerarar som er i startgropa eller til bedrifter som ynskjer å utvikle seg.

Målet er å få fram berekraftige nyetableringar og framtidsretta arbeidsplassar i fylket.

Typiske aktivitetar som kan få stønad i fondet er utgifter til marknadsundersøkingar, produktutvikling, utarbeiding av forretningsplan, utgifter til etableringsrettleiing og også til utvikling av prototypar der det er aktuelt. Stiftinga gir støtte i ein tidleg fase – som ofte er kritisk – før dei får vidare hjelp i verkemiddelapparatet, som Innovasjon Norge og andre.

Meir informasjon om fondet finn du her!

Søknadane skal stilast til: Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane,
og sendast til: Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane v/Jøril Hovland

Søknadane kan med fordel sendast pr e-post, men også i papirform via postverket. Sjå kontaktinfo under.

Ved spørsmål kontakt Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane:
Jøril Hovland | Tel: 482 19 780 | joeril@kpsf.no

Neste styremøte i fondet er 30. oktober, og søknadsfrist er sett til 29. september 2017.

#InnovateNOR – spennende lesning om våre beste oppstartsselskaper

Årsrapporten til FiN (Foreningen for innovasjonsselskaper i Norge) byr på spennende lesning for de som er opptatt av innovasjon, vekst og entreprenørskap. I tillegg til våre tidligere inkubatorbedrifter nLink og Melin Medical, kan du her lese om mange andre suksessbedrifter i hele Norge. Årsrapporten gir en god oversikt over de ledende innovasjons- og nyskapingsmiljøene i Norge og presenterer utfordringer Norge står ovenfor og muligheter framover.

Årsrapporten til FiN finner du her.


Illustrasjon fra #InnovateNOR