Vi ser etter fleire gode gründerar og prosjekt som ynskjer rask vekst

Kunnskapsparken driftar kontorlokalane FUS i Sogndal saman med Sogn Næring. Foto: FUS v/Falkeblikk.

Vårt inkubatorprogram stig i tilskotsmodellen til SIVA. Dette er ein anerkjenning av våre resultat og tenester.

Vi takkar for tilliten og vi skal fortsette å levere gode tenester som bidreg til å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne for våre inkubatorbedrifter. Ein slik anerkjenning viser at vårt tilbod når fram og kan byggje opp fleire nyvinningar. Eit nivå høgare i tilskotsmodellen gir oss meir midlar og betre moglegheit til å hjelpe. Difor er vi på jakt etter fleire gode gründerar og smarte prosjekt frå næringslivet som vi kan hjelpe.

Er du ein av dei vi ser etter? Ta kontakt med ein av våre forretningsutviklarar.

Om inkubatorprogrammet

Kunnskapsparken har vore ein del av SIVA sitt inkubatorprogram sidan 2006. Inkubatorprogrammet er eit verktøy for nyskapande vekstbedrifter og gründerar, der vi tilbyr profesjonell rådgjeving til gründerar, kontorfasilitetar, fagleg og sosialt miljø, tilgang til investorar og nettverk. Formålet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne i bedriftene.

Gjennom inkubatorprogrammet til SIVA får Kunnskapsparken tilskot til å jobbe målretta med gründerar og innovasjon i lokalt næringsliv. Dette betyr at gründerar og bedrifter som blir teke med i vårt inkubatorprogram får inntil 75 prosent rabatt på våre tenester.

Vårt inkubatorprogram passar for deg som ønsker å utvikle ein nyskapande forretningsidé til levedyktig bedrift – og omfattar gründerar og bedrifter i heile fylket. Gjennom inkubatorprogrammet har vi eksempelvis hjulpe fram bedrifter som Melin Medical på Sandane, INTIN i Førde, og nLink i Sogndal.

– Vi har kunnskapen, verktøya og nettverket som gjer det litt enklare for deg å lukkast. Når Kunnskapsparken stig i tilskotspyramiden til SIVA får vi meir musklar – men då treng vi òg fleire gode prosjekt, fortel Roger Ulvestad, inkubatorleiar.

Eit løft for inkubasjonsprogrammet

Ei nasjonal evaluering av Sivas sine operatørar innan næringshage- og inkubasjonsprogrammet har resultert i nye og meir effektive tilskotsmodellar. I tillegg aukar programtilskota med til saman 15 prosent. Totalt vil Siva dei kommande åra utbetale om lag 164 millionar kroner årleg i tilskot, fordelt på 35 inkubatorar og 40 næringshagar.

– Etter innføringa av meir målretta tilskotsmodeller i 2016, har vi opplevd rekordresultat innan både inkubasjons- og næringshageprogrammet, seier Kjerstin Spjøtvoll, direktør innovasjon i Siva på eigne nettsider.


Sjå vår infofilm:

Lokalt næringsliv med på forskingsprosjekt

Teknoløft Sogn og Fjordane har fått 40 millionar til å bygge eit sterkt forskings- og utdanningsmiljø som er relevant for næringslivet i fylket.

I Teknoløft skal det byggjast eit sterkare teknologisk forsking- og utdanningsmiljø ved Høgskulen på Vestlandet og i Vestlandsforsking.

– Vi skal byggje opp kapasiteten. Vi skal tilsette fleire professorar, doktorgradstipendiatar og utarbeide nye fagtilbod ved Høgskulen. Vi skal auke kompetansen for å tilby den til bedriftene i fylket, fortel Erik Kyrkjebø ved HVL, leiar for prosjektet.

To fokusområde

Teknoløftet har to fokusområde:

  1. Tilby bedrifter etter- og vidareutdanning, for å auke kunnskapen.
  2. Forske på spesifikke problemstillingar som bedrifter har.

Vi treng bedriftene til å være frampå innan begge områda. Ønskjer dei kompetanse på eitt område, kan vi til dømes bygge opp eit tilbod. Kjem bedriftene med gode problemstillingar, kan vi finne meir relevante forskingsresultat.

– Vi etterlyser no slike problemstillingar hos bedrifter, som stipendiatane og andre i prosjektet kan ta utgangspunkt i, fortel Kyrkjebø.

Andre område prosjektet kan hjelpa med, kan vere problemstillingar korleis store datamengder i bedrifta kunne vore nytta, eller om ein treng å vite meir om digitalisering og robotisering. For sistnemnde er fokuset korleis robotar kan arbeide saman med menneska, avlaste ved tunge løft, utføre gjentakande arbeidsoperasjonar eller liknande.

Prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane. Ei rekkje bedrifter er med i arbeidet, både som referansebedrifter og medlemmar av styringsgruppa. I tillegg er Kunnskapsparken og Sintef med i samarbeidet som skal gå fram til 2024.

Kunnskapsparken si rolle

Kunnskapsparken skal vere kanal og budbringar ut til næringslivet og vice versa. Vi har tett kontakt med næringshagar, kommunane sine næringsselskap- og tilsette, og vi har nettverk i ulike bransjar i næringslivet i fylket.

– Saman med forretningskompetanse og verktøya vi kan tilby, skal vi bidra til forskingsinitierte innovasjonar og nye bedrifter, og at eksisterande bedrifter får forskingsbasert kunnskap som dei kan bruke i si utvikling, forklarer Jøril Hovland i Kunnskapsparken.

En del bedrifter i fylket har allereie vore med som støttespelar i prosjektutviklinga, men Teknoløftet vil ha med fleire.

– Det er ikkje ein eksklusiv klubb dette. Vi vil ha med alle bedrifter som ser eit behov for digitalisering og robotisering, enten du helde til i Måløy eller i Årdal, fortel Erik Kyrkjebø.

Første seminar på Skei

7. november vil det bli arrangert seminar for alle i næringslivet som er interessert i dette. Her er referansegruppa, styringsgruppa og alle interesserte frå næringslivet invitert til å drøfte behova for etter- og vidareutdanningstilbod i næringslivet, studentoppgåver, kva relevante case stipendiatane i prosjektet kan bruke i sine forskingsprosjekt, og kva andre mogleg former for samarbeid næringslivet ynskjer mot prosjektet.

Meld deg på her.

 

Er du nysgjerrig på å vite meir? Sjå på linkane under, eller kontakt joeril@kpsf.no 


Les meir om prosjektet:

Hels på vår nye trainee

Tuva Eide (25) har erfaring og eigenskapar som passar oss godt.

Eide har ein fersk mastergrad i lomma, i entreprenørskap, innovasjon og samfunn frå NTNU Trondheim. Frå før har ho ein bachelorgrad i statsvitskap og språk frå Sør-Afrika. No har ho starta som trainee hos oss i Kunnskapsparken, med tittelen forretningsutviklar – noko vi er veldig glade for.

Ho er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram for 2018/2019. I følge kollega Hilde Grinde er traineeprogrammet eit flott tiltak for nyutdanna som vil ut i arbeidslivet, og ei moglegheit for bedrifta til å finne unge, skarpe hovud.

– Tuva passar godt inn i gjengen, med relevant bakgrunn og eigenskapar som passar oss godt. Ho har allereie ei god forståing av korleis verkemiddelapparatet og systemet for nyvinningar fungerer, så ho vil passe godt inn som forretningsutviklar hos oss, fortel Grinde.

Eide har vore involvert i startup-miljøet i Trondheim, mellom anna som medlem av ein oppstartsbedrift. Likevel er det som tilretteleggjar, utviklar og nettverksbyggjar ho trivst best.

– Eg var på Framtidsfylket si karrieremesse i Trondheim i januar, og vart kjend med arbeidsmoglegheitene i Sogn og Fjordane. Då Kunnskapsparken kom med ei ledig traineestilling var eg ikkje i tvil om at eg skulle søkje.

Kontorplass på Peak Sunnfjord

Eide skal jobbe frå Førde og vere tett på arbeidet med Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Etter kvart skal ho sitte på Peak Sunnfjord, eit «coworking space». Her har ulike verksemder, som arbeider for vekst og utvikling i fylket, moglegheit til å arbeide tettare saman. Ho skal vere tilgjengelig for gründerar som kjem med sine idear, samt bidra med å skape eit miljø for innovasjon og nytenking i byen.

Stavangerjenta har budd og jobba i Førde i litt over ei veke, og ho trivst godt allereie.

­– Til no har det vore veldig sosialt. Eg har helsa på mange flotte menneske gjennom jobben, og det er mykje spanande som skjer kvar dag. I tillegg har fjella og naturen levert rimelig bra, fortel ho.

Rekkje stiutvikling har utvikla «den nye ballbingen»

Roald Eidsheim har møtt mykje motstand i sine fire år som gründer. Men nå har han funne eit konsept som funkar.

Rekkje stiutvikling byggjar stiar og leikeparkar for sykkel. Dei har heile vegen trudd på ideen om å byggje berekraftige stiar, som toler hard bruk og legg til rette for syklistar. Men marknaden har ikkje vore moden. Før nå.

– Det er noko heilt anna å presentere ideane våre i dag. Folk lyttar og skjønnar at vi kan noko. Klart vi er blitt flinkare på å drive forretning, men eg trur òg fokuset har endra seg. Folk er meir oppteken av berekraftig bruk av naturen, fortel Eidsheim.

Som ferdigutdanna landskapsplanleggjar og ein brennande lidenskap for stisykling, starta han Rekkje stiutvikling for snart fire år sidan. Allereie då var han skråsikker på at ideen om å få på plass fleire tilrettelagde sykkelstiar var smart.

Inkubator-bedrift

Han kom fort inn i pre-inkubator hos Kunnskapsparken og gjekk vidare til tre år i inkubatorordninga. Det betydde rådgjeving, nettverk, midlar og kontorplass.

– Roald kom til oss med mykje kompetanse og lidenskap. Han hadde ein forretningsidé vi fant veldig spennande. Han såg at tursykling var ein stor og voksande trend i utlandet, og at dette ville bre seg til Noreg, fortel Hilde Grinde, forretningsutviklar i Kunnskapsparken.

Grinde veit at Rekkje har fått kjenne på utfordringane med å jobbe mot ein umoden marknad, men hu trur òg det har spissa produktet enda meir.

– Det har vore veldig lærerikt å vere ein del av inkubatorordninga. Via nettverket fekk eg med Luster kommune og Sogn Skisenter på mitt første oppdrag. At eg fekk stønad frå start, gjorde det lettare å realisere ideen min. Eg skaffa gode kontaktar og forma forretningsideen min til det betre, fortel Eidsheim.

Vi i Kunnskapsparken synast det har vore spennande å følgje Rekkje frå idéstadiet til ei bedrift som nå står på eigne bein. Og vi er særs glad for å ha Rekkje rundt oss vidare, som inspirator og erfaringsformidlar til gründermiljøet FUS på Campus Sogndal.

– Eg har vore sta. Tross mykje motgang, folk som pratar og ikkje handlar, og folk som ikkje vil bli med på prosjekta, har eg vunne gjennom til slutt. Det har lønna seg å vere sta, påpeikar Eidsheim.

Pumptrack er den nye ballbingen

Det har gjort at Rekkje i dag er to fulltidstilsette og fem som jobbar på prosjekt og sesong. Blant dem er Lars Melbye og Kristian Ertnes med som partnarar i firmaet. Dei byggjer stiar og sykkelarenaer langt utanfor fylkesgrensene. Og deira mest populære produkt, er det ein kallar pumptrack. Det er som ein skaterampe for syklistar, der ein pumpar sykkelen over kuler og rundt doserte svigar for å hald fram farten.

– Til nå har vi byggja fem pumptracks og marknaden er langt frå metta. Eg trur vi har skapt den nye ballbingen. Dette er eit produkt som kan stå kor som helst, det treffer brukarar i alle aldrar og kan nyttast uansett kor god du er til å sykle, forklarar Eidsheim – og skyter inn:

– Det eksisterer over 2000 ballbingar i Noreg, så det betyr at potensialet i marknaden vår er stor. Vi må berre få kommunar og idrettslag med oss, seier Eidsheim med eit smil.

Som ferdigutdanna landskapsplanleggjar og ein brennande lidenskap for stisykling, starta Roald Eidsheim berdiften Rekkje stiutvikling for snart fire år sidan. I dag er Rekkje stiutvikling to fulltidstilsette og fem som jobbar på prosjekt og sesong. Alle foto: Rekkje stiutvikling

Vil du møte investorar? Bli med på Kapitaldagen

Hender fylt av mynter der en spire kommer opp fra pengene

Korleis skaffe midlar til utvikling og vekst? Korleis finne nokon som vil investere pengar i din idé?

Bedrifter treng kapital for å vekse. Tilgang på risikokapital er viktig for å utvikle gode prosjekt i vårt fylke.

Saman med Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane Næringsråd, NHO Vestland og Aksello, inviterer vi til ein kapitaldag i Førde 19. september.

Her møter du både spanande investormiljømiljø på Vestlandet, etablert næringsliv og oppstartselskap som søkjer kunnskap om, eller finansiering av sine idear og prosjekter.

Det vil i etterkant av arrangementet bli høve til individuelle møter med investorane. Dette avtalar ein undervegs i arrangementet.

Meld på di bedrift

Har di bedrift behov for kapital til vidare vekst og kan vere ei interessant investering for ein investor? Det er plass til at utvalde bedrifter kan få pitche for investorane under arrangementet. Dette gjer du i påmeldingslenka (frist 07. september).

MELD DEG PÅ!


Program:

Tid: 19. september kl 10:00.
Registrering frå kl 09:30

Stad: Scandic Sunnfjord Hotell, Amfi Eikås

Konfransier: Kristine Kopperud Timberlid, Innovasjon Norge Vestland.

09.30: Registrering

10.00: Velkommen v/Kristine Kopperud Timberlid, Innovasjon Norge Vestland

10.10: Viktigheita av lokale kapitalmiljø v/Leon Bakkebø, Sogn og Fjordane Næringsråd

10.20: Business Angel Network v/Hege Elvestad, Connect Vest

10.40: Kaffipause med litt mat

11.00: Tripod Capital Collective v/Roald Brekkhus, Lean Entrepreneur & Investor

11.20: Fjord Invest, investormiljø, Førde

11.35: Sogn og Fjordane-fondet, pre-såkornsfond

11.40: Pitcherunde – investorklare selskap

12.30: Minglelunsj

13.15: Paneldiskusjon: Korleis tenker dei lokale bankane. Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane

13.35: Novela, investormiljø, Ålesund

13.55: Atlantis Vest AS v/Johnny Haugsbakk, CEO Elcap Invest

Beinstrekk – 15 min

14.30: Pitcherunde – nye spennande oppstartsselskap

15.20: Oppsummering v/Silje Rødeseike, NHO Vestlandet

15.30: Vel heim

Etter arrangementet blir det høve til individuelle møter med investorane. Møteavtalar gjer vi undervegs.

MELD DEG PÅ!

Få 300.000,- i fødselshjelp til din idé

Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane ønskjer å hjelpe gode idear og tilbyr pengestøtte på inntil 300.000 kronar per prosjekt.

Fondet skal gi fødselshjelp til idear i ein tidleg fase, gjerne før dei får hjelp av verkemiddelapparatet. Dette gjeld gründerarar i startgropa og bedrifter som ønskjer å utvikle seg.

Typiske aktivitetar ein kan få stønad til:

  • utgifter til marknadsundersøkingar
  • produktutvikling
  • utarbeiding av forretningsplan
  • utgifter til etableringsrettleiing
  • utvikling av prototypar

Ikkje berre pengar:

Gjennom eit aktivt styre tilfører næringsstiftinga noko som ikkje kan målast i kroner:

  • Råd
  • Nettverk
  • Sjølvtillit
  • Oppfølging

Krav til søknadar:

Fondet støtter opp om nyskapande og framtidsretta idear med vekstpotensiale, eller interessante miljø i vekst. Nokon idear kjem ikkje under fondet sine rammar, sjå her for meir informasjon.

I søknaden ønskjer vi forretningsidé, kva det blir søkt stønad til, kostnader, finansiering og om personen/bedrifta bak. Det er ikkje eige søknadsskjema, det er lågterskel i høve formalitetar.

Send søknad på e-post til joeril@kpsf.no. Spørsmål rettast til Jøril Hovland 48219780.

Søknadsfirst er 22. september.

Kunnskapsparken søker trainee innan forretningsutvikling

Har du interesse for strategi, innovasjon og entreprenørskap?

Bli med på laget for å hjelpe fram framtidas vekstbedrifter.

Skynd deg! Søknadsfristen er 2.juli 2018.

Vi tilbyr traineestilling som forretningsutviklar, der stillinga er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i 2018/19.

Du er ein initiativrik, sjølvgåande, utadvent og strukturert person. Du er ein lagspelar og nettverksbyggar med interesse og forståing for innovative og kommersielle prosessar. Du ønskjer å vidareutvikle og skape suksesshistorier, og jobbar for å få fram livskraftige og lønsame bedrifter i Sogn og Fjordane.

Arbeidsoppgåvene er allsidige med hovudvekt på;

  • Delta i utvikling og kommersialisering av nye idear og forskingsresultat
  • Bidra til å identifisere og evaluere nye forretningsidear
  • Gjere inkubatoren attraktiv for potensielle inkubatorbedrifter, eigarar og sponsorar
  • Initiere nye utviklings- og samarbeidsprosjekt med andre verksemder og innovasjonsmiljø

Som forretningsutviklar hjå oss vil du få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter, og i stor grad kunne påverke eigen arbeidsdag.

Som Framtidsfylket Trainee får du;                                                                                        

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

 Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee;

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg

 Ønska kvalifikasjonar er relevant høgare utdanning, gjerne med kompetanse innan forretningsutvikling og prosjektleiing.

Kontorstad er Førde.

Søknadsfrist: 2. juli 2018

Oppstart: august/september

Send søknad til kjetil@kpsf.no 

Kontakt: Dagleg leiar Kjetil Kvåle
Mobil: 952 06 574
Epost: kjetil@kpsf.no

Høgare ambisjonar etter pitchtrening

Vi tok med inkubatorbedriftene på pitchtrening, for å bli betre på å kommunisere med investorar.

– Det var litt av ein transformasjon. Enkelte var noko tilbakehalden da vi starta dagen, men mot slutten skulle fleire av bedriftene erobre verda. Alle gründerane hadde med andre ord  flott utvikling og bratt læringskurve, der dei etterkvart framsto som meir ambisiøse og entusiastiske, fortel Roger Ulvestad i Kunnskapsparken.

Betre rigga for dialog med investorar

Å skaffe kapital er ofte ein av dei viktigaste vegane til framgang og vekst. Men det å  kommunisere godt med potensielle investorar, er utfordrande. Difor inviterte vi til «pitchtrening-camp» der inkubatorbedriftene jobba med presentasjon av sin forretningsidé. Inkubatorbedriftene fekk trening i å presentere ein 7 minuttars fullverdig finansiell investorpitch, samt 30 sekundars salspitch.

Kurset var i regi av SeedForum, ein internasjonal non profit-stiftelse som førebur gründerar på å møte investorar.

– Over sommaren vil vi, i samarbeid med Aksello, sette opp ein aktivitet der inkubatorbedriftene får muligheita til å presentere seg for investorar og investormiljø, fortel Ulvestad.

Ønskjer du å bli inkubatorbedrift? Sjå her.

Bli med på jomfruturen til Future of the Fjords


Foto: sverrehjornevik.com/Flåm AS

Under Næringsdagane i Balestrand får du eit spennande opplegg på den heilelektriske båten.

Næringsdagane 2018 går av staben 2. og 3. mai i Balestrand. Tema er «Når mennesket møter teknologi – verdien av arbeid». Saman med Siva (selskapet for industrivekst) og Forum for Grøn Energi, arrangerer vi ein spennande tur med båten Future of the Fjords (heilelektrisk versjon av Vision of the Fjords).

Pitchekonkurranse om bord

Om bord får du vite meir om teknologien bak og utvikling av båten, samstundes som du får sjå vakker natur frå fyrste rad. Vi har fått med oss tre aktørar som vil snakke om eigne erfaringar og syn på næringsklynger: Rocketfarm, Tibber og Hydro.

I tillegg arrangerer vi pitchekonkurranse om bord, der vinnaren får 20.000 kronar og gratis rådgjeving. Og sjølvklart blir det tid til å nyte Sognefjorden og servering om bord.

– Vi gler oss til dette. Vårt oppdrag er å skape sterke innovasjonsmiljø i hele fylket, og det å kunne invitere gründerar og næringsliv til eit slikt opplegg er moro. Her vil teknologi, natur og kunnskap møtast, fortel Kjetil Kvåle.

Meld deg på Næringsdagane her, fristen er 27. april kl 23.


Siva (Selskapet for industrivekst) er 50 år i år, og feirar dette med å vere hovudsamarbeidspart for Næringsdagane. Siva er medeigar i Kunnskapsparken, og vi er glade for å ha dei med på dette arrangementet. Les meir om Siva på deira nettside.

 

Ver med på pitchekonkurranse – vinn penger og gratis rådgjeving

Pitchekonkurransen er en del av Næringsdagene i Balestrand 2. og 3. mai.

Meld deg på til Elisabet.Kjerstad.Boe@sfj.no innan 27. april.

For meir informasjon, sjå her.