«Bygdeblokka» skal huse framtidas bygdefolk

Med ny velferds- og omsorgsteknologi, solfangarar til varmtvatn og gras på taket, skal Nordbohus bygge moderne bygdeblokkar tilpassa folk på bygda.

Bygde-Noreg står ovanfor ei stor eldrebølge. Dette aukar etterspurnaden etter ei lettstelt og meir tilpassa busituasjon, med teknisk innovasjon som gjer det mogleg å bu heime lengre.

Samstundes er det eit aukande behov for bustader til nyetablerarar og vaksne med utflytta born. Dei ser gjerne etter bustadar med tilgang på felles løysingar og sosiale møteplassar.

Færre folk og lågare bustadpriser

Prosjektet «Bygdeblokka» er starta av Nordbohus. Dei ønskjer å skape ein boligblokk tilpassa folk i slike livsfasar, som bur på bygda. Det betyr at blokka skal vere tilpassa fleire brukargruppar og tilby ein busituajon du kan leve med i mange år.

– Vi har ønskja å skape eit konsept tilpassa behov og etterspurnad. Det er færre folk på bygda, så vi kan ikkje byggje for stort. Difor skal bygdeblokka ha maks fire etasjar, i tillegg til parkeringskjellar. Og viktigast av alt: Bustadprisane på bygda er lågare enn i byane, så vi må finne ein pris folk vil betala, fortel Dag Loftesnes, dagleg leiar i Nordbohus.

Kva treng folk i dag?

Nordbohus har levert bustader i Sogn i snart 20 år. Hovudleveransen har vore einebustadar, men dei siste åra har dei sett ei endring i marknaden. Mange etterspør mindre bueiningar.

– Folk vil ha nøkkelferdige leilegheiter. Dei vil ha det enkelt og framtidsretta. I tillegg kjem eldrebølga, som gir eit behov for fleire bustader der folk kan bu lenger heime, fortel Loftesnes.

Då gjeld det å byggje leilegheiter som legg til rette for ulike behov. Det er slik Nordbohus tenkjer. Alle leilegheitene skal vere klargjort for nyaste velferds- og omsorgsteknologi – for alle livsfasar. Det betyr at du kan flytte inn nå og bli gamal i leilegheita. Treng du heiseanordningar, rullator, rullestol, golvbelysning som førebygg fall eller andre hjelpemiddel på eit tidspunkt, så treng du ikkje flytte veggar, bygge om badet eller leggje nye røyr. Forarbeidet er allereie på plass, så tilpassingane kan gjerast rimeleg og effektivt.

– Vi er i dialog med kunnskapsmiljø som Sintef, Høgskulen på Vestlandet, NTNU og Distriktssenteret. Dette for å få hjelp til å sjå kva behov vi har i framtida. Vi vil sjå korleis vi kan møte framtida, både med tanke på eldrebølga, og med fokus på miljø og teknologi, fortel Loftesnes.


Her frå ein workshop på Kaupanger.

Samarbeid med lokale aktørar

Å få til slike leilegheiter til ein god pris, er ein utfordring. Ein blokk med ni einingar, som skal dele på utgiftar som heis, parkeringskjellar og anna fellesareal, blir fort dyrare enn ein blokk med mange einingar.

– Difor har vi utvikla eit konsept til ein pris vi trur marknaden er villig til å betala, eit konsept vi har jobba med i over fire år.

Nordbohus har fått med seg Jatak Kaupanger og Holen Installasjon til å realisere konseptet. I tillegg har dei med seg gode ressursar frå Nordbohus Gjøvik og Nordbohus Modum.

I planleggingsprosessen har det vore fokus på å effektivisere og standardisere byggje- og planprosessene. Saman skal dei byggje elementbaserte bygg av tre, der mykje forberedast på fabrikk og monteringstida vert lågare.

Partane har nyleg vore i Litauen og sett meir på modulbaserte bygg, mellom anna modulbaserte bad. Dette gav mange idear til gode løysingar med effektiv produksjon og monteringstid. Dei har òg vore i kontakt med Bano på Sandane.

– Vi er i gang med eit pilotprosjekt på Leikanger, der vi håper å starte salet/byggjeprosessen i løpet av 2019, fortel Loftesnes.

– Eit framtidsretta prosjekt

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane kom inn i prosjektet i 2017 og har fungert som prosjektleiar med det koordinerande ansvaret. Etter eit tett samarbeid med Arne Monrad Johnsen i Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, har bygdeblokka fått innvilga FOU-startpakke.

– Bedriftene skal kunne fortsette med sin kjerneverksemd, sjølv om dei driv med utviklingsarbeid. Då er det fint at vi kan komme inn og hjelpe til med rapportering, framdrift og organisering, fortel Hilde Grine, forretningsutviklar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Partnarane har hatt fleire workshops, vore i kontakt med akademia og gjennomført studieturar. Samarbeidet har bidratt til kunnskaps- og nettverksdeling, og at en i dag samhandler på eit nytt nivå – med mål om å skape den optimale bygdeblokka.

– Målet har vore å lage eit konsept med gode fellesløysingar, der trebygget kan setjast opp av lokale entreprenørar, til ein pris som er overkommeleg for målgruppa. Arbeidet med å utvikle konseptet har vore tid- og ressurskrevjande. Her har dei gjort ein kjempejobb, skryt Grinde.

Møt naboane til kaffi

Grinde trekker òg fram fellesareal som eit viktig fokusområde i prosjektet. Folk er oppteken av å ha møteplassar og dekke behov som kanskje forsvinn når ein flyttar frå einebustad til leilegheit.

– Samfunnet effektiviserast og digitaliserast, og viktige sosiale møteplassar forsvinn. Dette har bygdeblokka prøvd å gjere noko med. Vi har mellom anna sett på muligheita for bibliotek, arbeidsstove, ekstra oppbevaring og ei ekstra leilegheit til bruk ved besøk og liknande. Her er mange moglegheiter, ein må berre finne ein smart måte å utføre dette på, slik at prisen på bustaden ikkje blir for høg.

– Framtidas boligblokk tar høgde for både miljø, teknologi og det kommande eldrebølga. Tenk om folk flest kan bu heime lenger og samtidig møte folk i ulike fasar i livet i fellesareala i blokka, til dømes kaffikroken, seier Grinde.


Her frå studietur til Litauen for å sjå på modulbaserte løysingar.