Oppføringer av roger

Dette er VRI – sett gjennom Sogn Aqua si utvikling

VRI (virkemiddel for regional innovasjon) er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Forskingsrådet. Satsingsområde i Sogn og Fjordane er marin næring, fornybar energi og bransjeuavhengig kompetansemekling. Målsetjinga for VRI er å bidra til utvikling og vekst i verksemder basert på ny kunnskap gjennom å mobilisere verksemder til å identifisere og definere eigne behov […]

Sogn Aqua forskar seg til suksess

Gjennom tett samarbeid med forskingsmiljø ved Sintef-marin har Sogn Aqua fått fram kveite av beste kvalitet i landbasert oppdrettsanlegg. VRI Sogn og Fjordane, der Kunnskapsparken er prosjektleiar, har vore aktør i denne utviklinga i fleire fasar. Dette er eit godt eksempel på korleis samarbeid mellom bedrift og forsking resulterer i framtidsretta drift og næring. Sjå […]

Auka satsing på innovasjonsmiljø i Norge

Stortingsmeldinga som Trond Giske la fram før helga omhandla Innovasjon Norge og SIVAs noverande rolle, og kva rolle desse svært viktige virkemiddelaktørane skal ha i framtida. Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane er svært tilfreds med regjeringa si satsing på å styrka det næringsretta virkemiddelapparatet for å bidra til størst mogleg verdiskaping i norsk økonomi. I […]

40 nye arbeidsplassar i kjølvatnet av næringsfond støtta av Sparebanken Vest

Sidan 2008 har Sparebanken Vest sitt næringsfond delt ut oppstartsmidlar til personar og bedrifter med gode, nyskapande og framtidsretta forretningsidear. No ønskjer styreleiar Bernt Bergheim nye idear velkomen til vurdering. Sparebanken Vest si næringsstifting vart etablert i 2007, og den første tildelinga fann stad i april 2008. Sidan den gongen har 30 gründerar fått støtte, […]

Investorar med sterk tru på vasskraftutbygging

Ei større spørjeundersøking i utført av Cicero syner at investorar i kraftbransjen trur 15 THw kan byggast ut innan 2020. Undersøkinga er utført som ein del av forskingsprosjektetet «Fornybar energi, innovasjon og regionalutvikling», som er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken. Investorane har vurdert prosjekt tilsvarande 72 prosent av det […]

Lerum og Vestlandsforsking med fokus på klimaeffektiv transport

Lokale forskingsmiljø bidrar til å styrke både konkurransekraften og miljøprofilen for næringsaktører i Sogn og Fjordane. Nå kjører Lerum mer klimavennlig, noe som også er økonomisk gunstig. Samarbeidsprosjektet mellom Vestlandsforsking og Lerum Frakt BA startet i 2010, og har som målsetning å finne frem til energieffektiviserende tiltak. Forskerne Hans Jakob Walnum og Morten Simonsen ved […]

VRIr fokuset mot forskingsbasert innovasjon

Auka konkurransekraft og attraktive arbeidsplassar i regionane er hovudmålet med den statlege satsinga Verkemiddel for regional FOU og innovasjon (VRI). VRI står for Verkemiddel For Regional Innovasjon, og er eit program i regi av Noregs Forskningsråd i samarbeid med Fylkeskommunane, som er den regionale utviklingsaktøren. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har i dette programmet inngått gjensidig […]

Fylkesmannen ynskjer meir samhandling med næringslivet

Fylkesmann Anne Karin Hamre ynskjer meir samhandling med næringslivet. Fylkesmann Anne Karin Hamre skriv på bloggen sin at ho ynskjer meir samhandling mellom offentlege etatar og næringslivet. Saman med fleire andre offentlege etatar i fylket har dei etablert eit prosjekt med eigen prosjektleiar til å få igang dette. Les heile bloggen: http://blogg.fylkesmannen.no/fmsf/