Oppføringer av roger

Samla miljøet i Gloppen

Forrige veke var bedrifter frå innovasjonsmiljøet til Aksello og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane samla til inkubatorsamling på Gloppen Hotell. Inkubatorsamlinga er eit fast innslag som inkubatorane i Sogn og Fjordane arrangerer 1-2 gangar i året. Med ein nyleg inngått samarbeidsavtale mellom Aksello og Kunnskapsparken var det ei gyllen anledning til å arrangere ei felles samling for […]

Styrker innovasjonsmiljøet i fylket

Dei to inkubatorane i Sogn og Fjordane, Aksello AS og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, har inngått ei samarbeidsavtale for å styrke innovasjonsmiljøet i fylket. – Vi opplev eit aukande behov for bistand både hos nye gründerar og etablerte bedrifter for utvikling av innovative produkt og tenester. Dette skjer mellom anna i kjølevatnet av dei endringane […]

Årsrapport 2016

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane kunne syne til rekordhøg aktivitet i 2016. Denne årsrapporten gir innblikk i våre aktivitetar i året som har gått og vegen vidare. Du finn årsrapporten her: Kunnskapsparken årsrapport 2016.  

Rekordresultat for SIVA inkubatorar og næringshagar

Siva sine innovasjonsselskap er i sterk vekst. I perioden 2012-2015 har bedrifter tilknytta Sivas inkubatorar og næringshagar generert 37,3 milliardar i verdiskaping. I fjor tok inkubatorane inn over 70 % fleire nye bedrifter enn året før. Næringshagane hadde ein tilsvarenda auke på 47 %. Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane har vore del av SIVA sitt […]

SkatteFUNN Åpen Dag 2017

Skattefunn åpen dag finn i år stad på Skei Hotell tysdag 21.mars. SkatteFUNN kan bidra med finansiering når du skal utvikle ei ny eller betre vare, teneste eller produksjonsprosess du har eit målretta og avgrensa prosjekt for å oppnå dette bedrifta di har nytte av resultatet Link til program og påmelding finn du her.

Få hjelp til å etablere eiga bedrift

Etablerarkurs er for deg som treng kompetanse og rådgjeving i samband med utvikling av eigen forretningside, eller bare er nysgjerrig. Les meir og meld deg på her; http://www.driftig.no/kurstilbud/etablerarkurs  

Investeringsincentiv for unge vekstselskap

Foreninga for innovasjonsselskap i Norge (FIN), har saman med Abelia og Norsk Venturekapitalforening (NVCA) fått utarbeida ein rapport om korleis skatteincentiv for investorar, etter britisk modell, kan bidra til at fleire gründerbedrifter lukkast, slik at det vert skapt fleire arbeidsplasser i innovative unge selskap. Rapporten er eit svar på bestillinga frå Stortinget, der eit fleirtal […]

Kvinner som vinner – Eit inspirasjosseminar!

19. november arrangerer Gulen og Masfjorden, og Nordhordland Næringshager eit inspirasjonsseminar om «Kvinner som vinner». Her får du spanande foredrag frå kvinner som delar sine utfordringar som entreprenørar og eldsjeler. Les her for meir informasjon og påmelding.

Heidi Aabrekk (Intempo) er årets gründer 2014

Heidi Aabrekk, gründer og dagleg leiar i Intempo AS, blei kåra til Årets Gründer 2014! Utdelinga er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Framtidsfylket og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og prisen blei delt ut på Temposeminaret i Florø fredag 31. oktober! Prisvinnaren får 100.000 kr til utvikling av forretningsideen sin! Intempo arbeidar […]

Nytt forskingsprosjekt om samfunnsverknadene av fornybar energi

Prosjektet blir leia av professor Erling Holden. Målet er å utforske berekrafta til prosjekt innan fornybar energi, og verknadene på lokalmiljøa av slike utbyggingar. Forskingsprosjektet vil gå føre seg over tre år, og har eit budsjett på i alt 25 millionar kroner. Sogn og Fjordane Energi, Sparebankstiftinga og Fylkeskommunen bidreg med i alt 4,25 millionar […]